5.1 Samandrag

Vilkåra for ytingar frå den supplerande stønadsordninga gjer det naudsynt med kontroll i høve til inntekt og formue og i høve til opphald i utlandet. Kontrollen må vere meir omfattande enn for ytingar frå folketrygda, særleg når det gjeld opphald i utlandet.

Departementet peikar på at Riksrevisjonen ved fleire høve har retta kritikk mot at kontrollen i trygdeetaten ikkje har vore god nok, slik at ytingar er gitt med uriktige beløp. Ein legg difor til grunn at den nye lova om supplerande stønad bør ha minst dei same heimlane for trygdeetaten som i folketrygda til å hente opplysningane sjølv.

Dersom trygdekontoret er i tvil om inntektsopplysningane dei har fått er korrekte, bør dei - dersom det er vanskeleg å skaffe god dokumentasjon på annan måte - kunne løyse eventuelle kontrollproblem ved å påleggje stønadstakaren ei plikt til å dokumentere at opplysningane stemmer. Dersom stønadstakaren ikkje skaffar dokumentasjonen, bør retten til stønaden falle bort så lenge det er tvil om vilkåra er oppfylte.

Departementet foreslår følgjande:

  • a) Supplerande stønad vert gitt for 12 månader om gongen. Ved søknad om stønad eller om forlenging av stønadsperioden må søkjaren møte personleg på trygdekontoret.

  • b) Det vert innarbeidd reglar i den nye lova om stønadstakaren si plikt til å gi opplysningar om inntekt og formue og andre tilhøve som verkar inn på retten til supplerande stønad, etter mønster av dei tilsvarande reglane i folketrygdlova.

  • c) Det vert innarbeidd reglar slik at trygdeetaten kan hente opplysningar som nemnd i bokstav b, tilsvarande reglane i folketrygda.

  • d) Opplysningsplikta for stønadstakaren og heimelen for trygdeetaten til å hente opplysningar skal gjelde tilsvarande for stønadstakaren sin ektemake eller sambuar.

  • e) Trygdeetaten kan setje som vilkår for å gi stønad eller halde fram med å utbetale stønad at stønadstakaren eller ektemaken/sambuaren legg fram dokumentasjon om tilhøve som gjer det usikkert om vilkåra for ytinga er oppfylte.

  • f) Det vert innarbeidd heimel for departementet til å gi forskrift om kontroll, mellom anna med sikte på eventuelt å påleggje personleg frammøte på trygdekontoret etter nærare reglar i tillegg til plikta til personleg frammøte etter bokstav a.

Ein viser til lovforslaget § 11 første leddet og til §§ 18, 19, 20 og 21.

5.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, meiner mottakarar av supplerande stønad slik ordninga no er utforma vil vere å rek­ne som varige stønadsmottakarar.

Fleirtalet vil understreke at eit stønadsregime der søknad må fremjast kvar 12. månad vil medføre auka administrative kostnader. Fleirtalet legg til grunn at ei ny ordning må følgjast tett, og støttar difor i denne omgang Regjeringa sitt forslag. Fleirtalet viser til forslaget om evaluering og meiner dette er ei side ved ordninga som bør evaluerast.