6.1 Samandrag

6.1.1 Låge stønadsbeløp

Arbeids- og sosialdepartementet meiner at det bør fastsetjast ei beløpsgrense, slik at den supplerande stønaden berre vert gitt dersom stønadsbeløpet vert minst så høgt som dette beløpet. Kostnadene ved å administrere ei sak og ved utbetalinga av ytingar talar for dette. Sett på bakgrunn av målet med den nye lova, bør minstebeløpet ikkje vere for høgt. Departementet meiner òg at det vil vere ei føremon å få ei beløpsgrense som ikkje må regulerast særskilt.

Etter ei samla vurdering vil departementet foreslå at supplerande stønad ikkje vert utbetalt dersom stønaden er lågare enn to prosent av full supplerande stønad etter lovforslaget § 5 første leddet bokstav a (nivået for einslege stønadstakarar) utan tillegg for forsørgde barn. Med eit grunnbeløp på 58 778 kroner vert grensa 2 108 kroner per år og 176 kroner per månad.

Ein viser til lovforslaget § 9 og merknadene til denne paragrafen.

6.1.2 Justering av fastsett stønad

Den nye lova må ha reglar om kva som skal skje når inntektene endrar seg over tid.

Grensa for endring av stønaden ved inntektsendringar vert avgjerande for når stønaden skal setjast opp eller ned. Det er viktig at ein ikkje får for mange endringssaker, men dette må vurderast i høve til utslaga for stønadstakarane. Det vil generelt heller ikkje vere heldig at ytingane er høgare eller lågare enn den faktiske inntekta skulle føre til. Departementet foreslår at inntektsendringar skal føre til endringar i stønaden når stønaden som følgje av dette vil gå opp eller ned med minst 10 pst. Dette tilsvarar grensa i praksis i folketrygda.

Det er òg andre tilhøve som vil kunne føre til endringar i stønaden, til dømes endringar i sambuarskap eller at eit forsørgt barn fyller 18 år. Departementet foreslår difor at lova får ei generell utforming.

Ein viser til lovforslaget § 10.

6.1.3 Reglar for utbetaling og etterbetaling

Departementet vil peike på at ytingane frå ei supplerande stønadsordning skal dekkje dei daglege behova til stønadstakaren. Ytinga er meint å erstatte, heilt eller delvis, behovet for økonomisk sosialhjelp i den aktuelle gruppa, og stønadstakarane vil normalt ha vore klientar på sosialkontoret i perioden som det vil vere aktuelt å gi etterbetaling av ytingar for. Det vil ikkje vere tenleg å leggje opp til etterbetaling for lange periodar. Arbeids- og sosialdepartementet meiner at ein bør kunne leggje til grunn hovudregelen i folketrygdlova § 22-13 tredje leddet om etterbetaling i tre månader. Regelen gjeld for dei fleste av ytingane frå folketrygda, til dømes for uførepensjon.

Av dei same grunnane meiner departementet at det heller ikkje er aktuelt å opne for utvida etterbetaling av supplerande stønad når feil på trygdekontoret er årsaka til at ytinga ikkje er gitt tidlegare.

Departementet foreslår at supplerande stønad berre vert gitt i inntil tre månader før den kalendermånaden då søknaden om stønad vart sett fram. Det skal heller ikkje vere opning for å krevje kompensasjon for tapte terminar etter lova om skadebot eller etter alminnelege erstatningsrettslege reglar. Tilsvarande skal ein ikkje gi renter eller eventuell erstatning for rentetap.

Departementet foreslår i tillegg at det vert gitt reg­lar om utbetaling av ytingar mv. i tråd med reglane for månadsvise ytingar i folketrygda.

Stønadstakaren vil ofte ha hatt økonomisk sosialhjelp i heile eller delar av perioden som ei etterbetaling av supplerande stønad refererer seg til. Det er her behov for ei samordning, ettersom det ikkje er meininga at stønadstakaren skal ha begge stønadene fullt ut. Departementet finn at den enklaste løysinga vil vere at trygdeetaten av eige tiltak gjer frådrag i den supplerande stønaden for sosialhjelp som er gitt i etterbetalingsperioden.

Ein viser til § 11 i lovforslaget.

6.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, støttar forslaget i proposisjonen.