4. Gjennomføringa av behovs­prøvinga

4.1 Samandrag

Sett i høve til målgruppa for ei supplerande stønadsordning, er det klårt at behovsprøving av denne ytinga i det vesentlege vil innebere inntektsprøving. Ein kan ikkje vente at personar i denne gruppa vil ha særleg formue. Ordninga bør likevel opne for å ta omsyn til dette dersom einskilde likevel skulle ha formue av ein viss storleik.

Hovudpunktet ved utforminga av ein ny stønadsordning vert likevel reglane for inntektsprøving. Behovet for supplerande stønad er som tidlegare nemnd individuelt, og ytingane bør avkortast i samsvar med den samla inntekta hos stønadstakaren. Samstundes er det viktig at arbeidet for trygdeetaten vert minst mogleg.

Departementet foreslår:

  • Alle former for inntekt skal inngå ved inntektsprøvinga av supplerande stønad, pensjonsinntekt, kapitalinntekt og arbeidsinntekt, norske inntekter så vel som inntekter frå utlandet. Inntekt hos ektemake, sambuar eller registrert partnar inngår i prøvinga.

  • Ytingane til ektemakar som begge har fylt 67 år, vert inntektsprøvde for seg. Dersom ein av ektemakane har ei høgare inntekt enn full supplerande stønad, skal den overskytande delen av inntekta takast med ved prøvinga av ytingane til den andre ektemaken.

  • Inntekt som inngår i prøvinga skal gå til frådrag i stønaden krone for krone.

  • Supplerande stønad skal utgjere eventuell positiv differanse mellom full supplerande stønad og inntektene som inngår i prøvinga.

  • Supplerande stønad vert prøvd mot formue, men ikkje vanleg bolig eller andre vanlege ting til dagleg bruk for stønadstakaren. Departementet får heimel til å gi forskrift til utfylling av lova.

Departementet viser til §§ 6, 7 og 8 i lovforslaget.

4.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, meiner det er viktig at behovsprøvinga skjer etter klåre og enkle reglar. Fleirtalet meiner departementet sitt forslag i utgangspunktet synest oversiktleg og praktikabelt, og viser til at reglar for behovsprøving også er eit område som eventuelt kan endrast når ordninga vert evaluert. Fleirtalet vil understreke at supplerande stønad også kan prøvast mot formue, men ikkje mot ein bustad av vanleg standard eller andre eigendelar som fell inn under omgrepet ting til dagleg bruk. Fleirtalet gir departementet heimel til ei eventuell utfylling av lova gjennom forskrift på dette punktet.