1. Hovudinnhald og bakgrunn for proposisjonen

1.1 Samandrag

Proposisjonen inneheld forslag til endringar i lov 20. mars 1998 nr. 10 om forebyggende sikkerhetstjeneste (tryggleikslova) kapittel 6 om personellsikkerhet. Siktemålet med forslaga er meint å gjere rettstryggleiken for einskildsmenneskje betre i tryggleiksklareringssaker. Forslaga bygger på arbeidsgrupperapporten "Grenseland mellom rettssikkerhet og personellsikkerhet".

Departementet gjer framlegg om ei endring som presiserer at den binding til andre statar som norske statsborgarar måtte ha, er relevant i ei vurdering om tryggleiksmessig kvalifikasjon. Ein gjer også framlegg om ei nyskaping om at ei klarering kan gis på vilkår. Vidare blir det gitt framlegg om endring i vilkåra for å gi klarering til utanlandsk statsborgar. Framlegget inneber ei viss oppmyking frå den noko rigide og strenge regel som gjeld i dag.

Departementet gjer framlegg om endringar i sakshandsamingsreglane i klareringssaker. Dette er blant anna reglar om underretning om klareringsavgjerder, grunngjeving for avgjerda, reglar for gjennomføring av tryggleikssamtale og klage. Vidare gjer ein framlegg om ein eigen regel om rett til innsyn i eiga klareringssak. Endringane i desse sakshandsamingsreglane er søkt harmonisert med reglane i forvaltningslova.

Ei tryggleiksklarering blir avgjord av ei klareringsstyringsmakt. Strukturen til denne klarerings-styringsmakta er regulert av tryggleikslova § 23 som seier at vedkommande departement er klareringsstyringsmakt innanfor sitt styringsmaktområde. Det er vurdert om endringar i strukturen bør finne stad. Departementet har kome til at dagens ordning bør vidareførast, såleis at endringsforslag i § 23 ikkje blir presentert i denne proposisjonen.

Departementet vil elles vurdere å gjere framlegg om å stramme inn på vilkåra for gjennomføring av ein klareringsprosess i ein proposisjon om objekt­tryggleik.