Ved lov av 1. april 2005 nr. 14 om europeiske selskap og lov
av 30. juni 2006 nr. 50 om europeiske samvirkeforetak vart det gitt
reglar om to nye foretaksformer. Lovene gjennomfører rådsforordning (EF)
nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske
selskap (SE) og rådsforordning (EF) nr. 1435/2003 om vedtektene
for europeiske samvirkeforetak i norsk rett. Disse forordningane
er ein del av EØS-avtalen og dermed bindande for Noreg.
For europeisk selskap med forretningskontor i Noreg gjeld allmennaksjelova
tilsvarande så langt den passar. For europeisk samvirkeforetak med
forretningskontor i Noreg gjeld samvirkelovgivinga så langt den
passar. Selskapsformene svarer såleis i all hovudsak til allmennaksjeselskap
og samvirkeforetak. Den vesentlege skilnaden er at selskapa skal
kunne flytte hovudkontor innanfor EØS utan at dei må oppløysas og
nystiftas.
I skattelova § 2-38 første ledd, som angir dei selskapa som omfattas
av fritaksmetoden for skattlegging av aksjeinntekter, vises det
mellom anna til skattelova § 2-2 første ledd bokstav a til d. Europeisk
selskap og europeisk samvirkeforetak er ikkje særskilt nemnt i skattelova
§ 2-2 første ledd bokstav a til d. Dette inneber at det ikkje går
klart fram at europeisk selskap og europeisk samvirkeforetak er
omfatta av fritaksmetoden.
Etter departementet sitt syn bør det gå klart fram av skattelova
§ 2-38 første ledd at europeisk selskap og europeisk samvirkeforetak
er omfatta av fritaksmetoden. Det vises til forslag til § 2-38 første
ledd ny bokstav i og j.
Lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning § 4-10 gjeld
pålegg om å medverke til undersøkingar. Etter § 4-10 nr. 2 første
punktum har "regnskapspliktig" skattytar plikt til å leggja fram
rekneskapsbøker og dokument som nemnd i nr. 1 a utan omsyn til teieplikt.
Kven som er "regnskapsplikig" er definert i lov 17. juni 1998
nr. 56 om årsregnskap m.v. (regnskapsloven) § 1-2. Ved lov 19. november
2004 nr. 73 om bokføring (bokføringsloven) vart omgrepet "bokføringspliktig"
innført. Dette er definert i bokføringslova § 2, og omfattar alle
som har rekneskapsplikt, plikt til å levere næringsoppgåve etter
likningslova eller omsetningsoppgåve etter meirverdiavgiftslova, samt
dei skattestyresmaktene pålegg bokføringsplikt. Dette var tidlegare
omfatta av omgrepet "regnskapspliktig", og følgde av rekneskapslova
§ 1-2, sjå Ot.prp. nr. 46 (2003–2004) s. 110.
Etter gjeldande rett er dermed omgrepet "bokføringspliktig" meir
omfattande enn "regnskapspliktig", noko som betyr at likningslova
§ 4-10 nr. 2 har fått eit snevrare verkeområde enn før innføring
av bokføringslova. Dette er ikkje tilsikta, og departementet foreslår
at "regnskapspliktig" i likningslova § 4-10 nr. 2 første punktum
vert endra til "bokføringspliktig".
Departementet viser til forslag til endring i likningslova § 4-10
nr. 2 første punktum.
I lov 14. desember 2007 nr. 100 vart det vedtatt reglar i skattebetalingslova
av 1952, meirverdiavgiftslova, likningslova og skattebetalingslova
av 2005 som gir skatte- og avgiftsstyresmaktene heimel til å gi
bokføringspålegg og fatte vedtak om tvangsmulkt på vilkår ved brot
på bokføringslovgivinga. Reglane er sett i kraft.
Det er lagt opp til at retten til å klage skal følgje klagereglane
i den lova som heimlar bokføringspålegget og vedtaket om tvangsmulkt,
det vil seie anten skattebetalingslova av 1952, meirverdiavgiftslova, likningslova
eller skattebetalingslova av 2005.
Bokføringspålegg og vedtak om tvangsmulkt på vilkår gitt med
heimel i meirverdiavgiftslova er ikkje ein del av sjølve avgiftsberekninga
etter meirverdiavgiftslova, jf. Ot.prp. nr. 1 (2007–2008) side 180.
Der er det vidare uttrykt: "Klage over vedtakene vil følge reglene
i forvaltningsloven, slik at den bokføringspliktige kan klage til
Skattedirektoratet". Forvaltningslova har reglar om klage over vedtak
i § 29. Eit bokføringspålegg vil ikkje vere eit "vedtak" etter definisjonane
i forvaltningslova § 2 bokstav a og bokstav b. Bokføringspålegg
vil vere ein type prosessledande avgjerd, og det er ikkje heimel
for å klage på denne typen avgjerd i forvaltningslova.
Det vil vere rett til å klage over bokføringspålegg gitt med
heimel i skattebetalingslova av 1952, sjå § 47 b, likningslova,
sjå § 3-6 og ny skattebetalingslov, sjå § 5-15. For at det også
skal vere heimel til å klage over bokføringspålegg gitt med heimel
i meirverdiavgiftslova, foreslår departementet eit nytt punktum
i meirverdiavgiftslova § 46 a, som seier at klagereglane i likningslova
§ 3-6 gjeld tilsvarande ved klage over bokføringspålegg gitt med
heimel i meirverdiavgiftslova. Departementet viser til forslag til
nytt siste punktum i meirverdiavgiftslova § 46 a. Departementet
foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
I lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 50 andre ledd
bokstav b og c er det tilvisingar til lov 14. juni 1985 nr. 61 om
verdipapirhandel og lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling.
Begge lovane er oppheva. I bokstav b vil rette tilvising no vere lov
29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven).
I bokstav c vil rette tilvising no vere lov 29. juni 2007 nr. 73
om eiendomsmegling.
Departementet foreslår at tilvisingane til lovene vert retta
opp og viser til forslag til endring av meirverdiavgiftslova § 50
andre ledd bokstav b og c.
Etter lov om avgift på utslipp av CO2 i
petroleumsvirksomhet på kontinentalsokkelen § 3 kan CO2-avgifta "ikke trekkes fra ved beregning
av produksjonsavgift etter petroleumsloven § 4-9".
Ved lov 27. juni 2003 nr. 68 vart lovføresegna i petroleumslova
§ 4-9 flytta til petroleumslova § 4-10, jf. Ot.prp. nr. 46 (2002–2003).
I samband med lovendringa vart tilvisinga i CO2-avgiftslova
§ 3 ved ein inkurie ikkje endra tilsvarande. Departementet foreslår
at dette vert retta opp.
I nasjonalbudsjettet for 2000 vedtok Stortinget å gradvis avvikle
produksjonsavgifta, jf. St.prp. nr. 1 (1999–2000) Skatte-, avgifts-
og tollvedtak pkt. 3.25 og Budsjett-innst. S. nr. 1 (1999–2000)
pkt. 6.25. I dag inneber dette at frådrag for CO2-avgift
ved berekning av produksjonsavgift ikkje er ei aktuell problemstilling.
Departementet viser til forslag til endring av lov om avgift
på utslipp av CO2 i petroleumsvirksomhet på
kontinentalsokkelen § 3. Departementet foreslår at endringa tek
til å gjelde straks.
Reglane om finansielle postar i petroleumsskattelova vart endra
ved lov 15. desember 2006 nr. 75 med verknad frå inntektsåret 2007.
Grunngjevinga bak lovforslaget var å redusere tilpassingane til
oljeselskapa, korrigere minstekapitalregelen og forenkle skattereglane
(til dømes behandlinga etter petroleumskattelova § 10). Sjå Ot.prp.
nr. 1 (2006–2007) kapittel 9 for ei nærare utgreiing av lovforslaget.
Endringslova innførde mellom anna nye reglar om fordeling av
finansielle postar mellom sokkel og land, jf. petroleumsskattelova
§ 3 d. Etter dei nye reglane skal ein fastsetje skattefrådraget
for rentekostnader og tilhøyrande valutaposter på renteberande gjeld
basert på skattemessige verdiar av formuesobjekt tilordna sokkeldistriktet
etter ein nærare regulert formel. Petroleumsskattelova § 3 d tredje
ledd angir dei fysiske og immaterielle driftsmidla tilordna sokkeldistriktet
som ein skal rekne som formuesobjekt etter formelen. I Ot.prp. nr.
1. (2006–2007) pkt. 9.6.3 heiter det:
"I tillegg til nevnte realaktiva (og eventuell utvinningstillatelse),
foreslår departementet at også immateriell kapital i utgangspunktet
skal inngå i sokkelgrunnlaget. Det gjelder for det første ervervede
immaterielle formuesobjekter i utvinningsvirksomheten, med unntak
av forretningsverdi. Videre skal medtas aktiverte kostnader til
forskning og utvikling etter skatteloven § 6-25. I Ot.prp. nr. 86
(2000–2001) er det gitt en nærmere redegjørelse og begrunnelse for
å henføre disse driftsmidlene til sokkelgrunnlaget ved fordeling
etter gjeldende regel i petroleumsskatteloven § 3 d. Det vises til
gjennomgangen der, som har tilsvarende relevans i forhold til spørsmålet
om hvilke formuesobjekter som skal medtas i sokkelgrunnlaget etter
departementets forslag her."
Før lovendringa i 2006 synte petroleumsskattelova § 3 d tredje
ledd bokstav b til skattelova § 14-40 bokstav a. Då petroleumsskattelova
vart endra har koplinga til skattelova § 14-40 bokstav a ved ein
inkurie falt ut av føresegna.
Slik petroleumsskattelova § 3 d tredje ledd bokstav b er utforma
i dag, skal òg "[e]rvervet forretningsverdi med kostpris på 15 000
kroner eller høyere" tilordnes sokkeldistriktet ved bruk av formelen (skattelova
§ 14-40 første ledd bokstav b). Det er ikkje i samsvar med forslaget
frå departementet, jf. Ot.prp. nr. 1 (2006–2007) pkt. 9.6.3 som
sitert ovanfor. Departementet viser òg til notat om finansielle postar
i petroleumsskattelova som vart sendt på høyring 2. juni 2006.
Departementet foreslår å rette koplinga til skattelova § 14-40.
Sjå forslag til endring av petroleumsskattelova § 3 d tredje ledd
bokstav b.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med
verknad frå og med inntektsåret 2007.
Frå 1. januar 2008 vart skatteetaten organisert i fem regionar,
og kvar region fekk eit skattekontor som erstatta likningskontora,
fylkesskattekontora, skattefutkontora og folkeregisteret i regionen.
Den nye organiseringa er nærare forklart i Ot.prp. nr. 1 (2006–2007)
kapittel 3.
Reorganiseringa av skatteetaten kravde ei rekkje lovendringar.
Mellom anna måtte alle føresegner der det vart vist til "likningskontor"
og "likningsnemnd" endrast til "skattekontor" og "skatteklagenemnd". Departementet
foreslår at dette også vert gjort i lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift
av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra
Svalbard.
Departementet viser til forslag til endringar i lov om avgift
av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra
Svalbard §§ 3, 4, 5 og 6.
I Ot.prp. nr. 31 (2007–2008), jf. Innst. O. nr. 46 (2007–2008),
vart det føreslått endringar i overgangsreglane til endringane i
reiarlagskatteordninga som vart vedteke ved lov 14. desember 2007
nr. 107. Endringane i overgangsreglane vart vedteke av Odelstinget
26. april og av Lagtinget 29. april 2008, jf. Besl. O. nr. 72 (2007–2008),
og sanksjonert i statsråd 9. mai 2008.
Ved ein feil er det i forslaget og dermed også i vedtaket gjort
endringar i del IX i lov 14. desember 2007 nr. 107 om endringer
i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven).
Endringa skulle ha gjeldt del X i denne lova. Departementet foreslår
at dette vert retta opp.
Departementet viser til forslag til endringar i del IX og X i
lov 14. desember 2007 nr. 107 om endringer i lov 26. mars 1999 nr.
14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven). Departementet foreslår
at endringane vert sette i kraft straks.
Komiteen sluttar seg til Regjeringa
sine forslag til endringar i skattelova § 2-38 første ledd bokstav
i og j, likningslova § 4-10 nr. 2 første punktum, meirverdiavgiftslova
§ 46 a og 50 andre ledd bokstav b og c, lov om avgift på utslipp
av CO2 i petroleumsvirksomhet på kontinentalsokkelen
§ 3, petroleumsskattelova § 3 d tredje ledd bokstav b, lov om avgift av
kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra
Svalbard §§ 3, 4, 5 og 6 og forslag til endringar i del IX tredje
og femte ledd og del X tredje ledd i lov 14. desember 2007 nr. 107
om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt
(skattelova).