9. Omtale av forholdet mellom pensjonsbegrepet og personinntektsbegrepet i skattelova

9.1 Samandrag

Til vanleg er pensjonsutbetalingar personinntekt i skattesystemet, med både netto- og bruttoskatteplikt. Dette gjeld både offentleg pensjon, tjenestepensjon opptent gjennom arbeid, og pensjon opptent gjennom kapitalinnskot og kapitalforvaltning i finansinstitusjon.

Skattedirektoratet gav 30. august 2007 ei bindande førehandsfråsegn om sal av selskapsandelar med delvis vederlag i form av pensjon til seljaren. I førehandsfråsegna var konklusjonen at terminbeløpa som seljar mottek som pensjon, skulle klassifiserast som pensjon utanfor arbeidsforhold. Terminbeløpa vil da berre bli skattlagde som alminneleg inntekt, ikkje som personinntekt med bruttoskattar.

Departementet ser at det kan vere eit visst grunnlag for ei slik tolking av gjeldande rett, og finn det naudsynt å vurdere ei anna løysing på området.

Etter departementet si meining talar sterke omsyn for at også pensjon som vert finansiert ved overdraging av verksemd og eigedelar, vert skattlagd som personinntekt. Resultatet i den nemnde førehandsfråsegna kan gjere det mogleg å omgå den normale bruttoskatteplikta for pensjon, ved at pensjonsrettar vert knytt til sal av selskapsandelar. Også pensjon som er finansiert på denne måten, bør som annan pensjon vere både netto- og bruttoskattepliktig.

Departementet ønskjer med denne orienteringa til Stortinget å gjere det kjent at dei gjeldande reglane på området er til vurdering. Resultatet av vurderinga vil bli lagt fram for Stortinget i samband med budsjettet for 2009. Det kan bli aktuelt å gi eventuelle endringar verknad allereie frå inneverande år.

9.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.