Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Ved endringane av reiarlagskatteordninga ved lov 14. desember 2007 nr. 107 vart det vedteke overgangsreglar for selskap som vart likna etter reiarlagskatteordninga for inntektsåret 2006, og som vel særskilt reiarlagskattlegging også for inntektsåret 2007, jf. omtalen av dette under pkt. 4.1 i proposisjonen For slike selskap skal det gjennomførast eit inntektsoppgjer for opparbeidde skattekredittar pr. 31. desember 2006. To tredjedelar av den utrekna gevinsten ved inntektsoppgjeret skal førast på ein eigen oppgjerskonto, som det skal svarast skatt av med like store beløp over 10 år frå og med inntektsåret 2007. Den siste tredjedelen av gevinsten skal berre skattleggjast i den grad eit tenkt skattebeløp knytt til denne ikkje vert brukt til kvalifiserande miljøtiltak.
I samband med endringane vart det lagt til grunn at skatt knytt til dei to tredjedelane av gevinsten som skulle førast på oppgjerskontoen måtte skyldskrivast i rekneskapane med ein gong, utan omsyn til at innbetalingane er skyvd ut i tid, jf. Ot.prp. nr. 1 (2007–2008) på s. 31. Det vart derfor lagt til grunn at denne delen av gevinsten berre kan delast ut som utbytte utan korreksjonsinntekt etter at den er skattlagt. Korreksjonsinntektsreglane går ut på skattlegging av selskapa dersom det er delt ut inntekter som er skattepliktige på selskapa sine hender, men der tidfestingsreglane medfører at inntekta enno ikkje er skattlagt, jf. skattelova § 10-5.
Departementet er kjent med at selskap likevel har neddiskontert skattekredittane som er ført på oppgjerskontoen. Neddiskontering går ut på at ein tar omsyn til verdien for selskapa av å få utsett skatteinnbetalingane til eit framtidig tidspunkt. Dette fører såleis til at det i rekneskapen vert ført ei lågare skattegjeld enn som det vart lagt til grunn i Ot.prp. nr. 1 (2007–2008).
Eit grunnleggjande omsyn ved omlegginga av reiarlagskatteordninga har vore at inntekter som er opptent før 1. januar 2007 ikkje skal kunne delast ut før dei er skattlagt, eller friteke etter ordninga med fond for miljøtiltak o.a. Det er då behov for å sikre at dei to tredjedelane av skattekredittane som etter overgangsreglane skal førast på oppgjerskonto, vert skattlagt i form av korreksjonsinntekt, i den grad utdelinga skjer før skatten etter overgangsreglane vert ein realitet. Derfor foreslår departementet at ein ved fastsetjing av den utrekna eigenkapitaldelen i regimet for korreksjonsskatt etter skattelova § 10-5 andre ledd tredje punktum, jf. fjerde punktum, skal gjere frådrag berre for den skatteskyldnaden som er ført i rekneskapen, og ikkje for den fulle, utrekna skatteskyldnaden basert på skattesatsen for alminneleg inntekt (gitt at det ikkje er denne fulle skyldnaden som er ført i rekneskapen). Ved slik forutgåande skattlegging som korreksjonsinntekt vert den etterfølgjande, løpande skattlegginga over 10 år etter overgangsreglane nedjustert tilsvarande.
Departementet viser til forslag til endring av femte ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17, vedteke ved lov 14. desember 2007 nr. 107.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelda straks med verknad frå og med inntektsåret 2007.
Departementet legg til grunn at dei føreslåtte endringane vil ha små administrative og økonomiske verknader.