Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1997 under Barne- og familiedepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 60 (1997-1998)
  • Kildedok: St.prp. nr. 19 (1997-98)
  • Dato: 12.12.1997
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2

1. Samandrag

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

       Departementet gjer framlegg om at kap. 800 Barne- og familiedepartementet aukast med 4,7 mill. kroner mot innsparing på desse kapitla:

- Kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forsking, opplysningarbeid m.v. post 70 Tilskot, med 0,487 mill. kroner.
- Kap. 856 Barnehagar post 62 Utviklingsprogram med 0,654 mill. kroner.
- Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 01 Løn og godtgjersle med 0,087 mill. kroner.
- Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid m.v. med 1,128 mill. kroner.
- Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid m.v. med 1,563 mill. kroner.

       Dei 4,7 mill. kroner skal fordelast med 3,5 mill. kroner på post 01 Løn og godtgjersle og 1,2 mill. kroner på post 11 Varer og tenester.

       Årsaka til omdisponeringane er mellom anna at tiltak av førebels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel.

Kap. 840 Krisetiltak

       Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving for 1997 på 4,3 mill. kroner i tilskot til krisetiltak fordi det i 1997 er eit avvik mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske forhold, sjølv om det i inneverande år ikkje er etablert nye krisetiltak. Dette heng saman med følgjande:

- I løpet av 1996 kom tre nye incestsentre inn under tilskotsordninga. Desse utløyste såleis ikkje statstilskot for heilårsdrift før i 1997. Meirkostnadene ved full drift i 1997 utgjer kr  550.000.
- Kommunane har auka sine tilskot til krisetiltaka, med tilsvarande auke i det statlege tilskotet, jf. innretninga av tilskotsordninga. Meirkostnadene ved dette utgjer kr  3.400.000.
- Etterslep av utbetalingar av statstilskot til krisetiltak for 1996 på kr  350.000.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

       Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving til dekning av refusjon av kommunale barnevernutgifter for 1997 på 12 mill. koner fordi løyvinga til kommunane og fylkeskommunane i St.prp. nr. 1 (1996-1997), berekna til kr  25.750.000, viser seg utilstrekkeleg for å dekkje behovet.

Kap. 856 Barnehagar

       Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving til post 60 Driftstilskot til barnehagar på 115 mill. kroner fordi det er eit avvik mellom føresetnadene for 1997-budsjettet og dei faktiske forhold. Reformkostnadene i samband med oppfyllinga av dei frigjorde plassane etter 6-åringane vert høgare enn føresett, og nyetableringar i 1997 vart dyrare enn rekna med.

       Departementet gjer òg framlegg om ei tilleggsløyving til omstillingstiltak på 15 mill. kroner på post 63 Omstillingstilskot fordi tilfanget av søknader om omstillingstilskot har gjeve ein auke i tilskotsbetalinga.

Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking og kap. 3866 Statens institutt for forbruksforsking

       Det vart varsla i Revidert nasjonalbudsjett for 1997 at SIFO ville få eit markert underskot i 1997. SIFO har rekna ut at underskotet vil bli på om lag 4 mill. kroner. Departementet syner elles til utfyllande omtale av saka i St.prp. nr. 1 (1997-1998).

       Departementet gjer framlegg om at kap. 3866 Statens institutt for forbruksforsking, post 01 Sal av materiell vert redusert med 8,545 mill. kroner for 1997. Vidare gjer departementet framlegg om at kap. 866, post 01 Løn og godtgjersle og post 11 Varer og tenester, vert redusert med til saman 4,545 mill. kroner. Av dette utgjer post 01 2,045 mill. kroner og post 11 2,5 mill. kroner.

2. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1997 vert gjort følgjande endringar:

I.
Utgifter:
Kap. Post Føremål Kroner
0800   Barne- og familiedepartementet  
  01 Løn og godtgjersle,
    aukast med 3.500.000
    frå kr 43.410.000 til kr 46.910.000  
  11 Varer og tenester,
    aukast med 1.200.000
    frå kr 22.495.000 til kr 23.695.000  
0840   Tilskot til krisetiltak  
  60 Tilskot til kommunar til krisetiltak,
    aukast med 4.300.000
    frå kr 42.150.000 til kr 46.450.000  
0846   Familie- og likestillingspolitisk forsking,
    opplysningarbeid m.v.  
  70 Tilskot,
    reduserast med 487.000
    frå kr 16.140.000 til kr 15.653.000  
0854   Tiltak i barne- og ungdomsvernet  
  01 Løn og godtgjersle,
    reduserast med 87.000
    frå kr 35.690.000 til kr 35.603.000  
  64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og
    asylsøkjarar  
    overslagsløyving,
    aukast med 12.000.000
    frå kr 25.750.000 til kr 37.750.000  
  71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid m.v
    reduserast med 1.128.000
    frå kr 28.010.000 til kr 26.882.000  
0856   Barnehagar  
  60 Driftstilskot til barnehagar,
    aukast med 115.000.000
    frå kr 4.170.600.000 til kr 4.285.600.000  
  62 Utviklingsprogram,
    reduserast med 654.000
    frå kr 17.900.000 til kr 17.246.000  
  63 Omstillingstilskot,
    aukast med 15.000.000
    frå kr 21.500.000 til kr 36.500.000  
0857   Barne- og ungdomstiltak  
  70 Barne- og ungdomsorganisasjonar,
    reduserast med 781.000
    frå kr 52.500.000 til kr 51.719.000  
  79 Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid,
    reduserast med 1.563.000
    frå kr 13.460.000 til kr 11.897.000  
0866   Statens institutt for forbruksforsking  
  01 Løn og godtgjersle,
    reduserast med 2.045.000
    frå kr 13.980.000 til kr 11.935.000  
  11 Varer og tenester,
    reduserast med 2.500.000
    frå kr 10.100.000 til kr 7.600.000

Kompensasjon for lønsauke m.v. er ikkje medteke i noverande løyvingstal for 01-postane.

Inntekter:
Kap. Post Formål Kroner
3866   Statens institutt for forbruksforsking  
  01 Sal av materiell,
    reduserast med 8.545.000
    frå kr 10.200.000 til kr 1.655.000


Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 12. desember 1997.

May-Helen Molvær Grimstad, Grethe G Fossum,
leiar og ordførar. sekretær.