4. Verksemda til Kredittilsynet i 1996

4.1 Samandrag

       Det er i meldinga ein kort omtale av dei administrative tilhøva og verksemda i Kredittilsynet.

       Kredittilsynet sin administrasjon har blitt betydeleg utbygd i dei seinaste åra. Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s. 44):

       « Kredittilsynet fikk fire nye stillinger i 1996 og har nå i alt 139 stillinger. Stortinget vedtok ved behandlingen av Innst.S.nr.246 (1991-1992) en opptrapping av ressursene til Kredittilsynet, og med en økning fra 103 stillinger i 1992 til 139 i 1996 er nå denne planen gjennomført. Ved utgangen av året var det 134 fast tilsatte, mot 129 ved utgangen av 1995. »

       Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 73,8 mill. kroner, ein auke på 7,0 % frå 1995. Utgiftene blei dekka ved innkreving frå dei tilsynspliktige.

       Ein visar til Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve m.v. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn.

       Tilsynet med verdipapirmarknaden utgjer institusjonstilsyn og transaksjonstilsyn. Det blir varsla auka tilsyn med forvaltninga av verdipapirfond. Kredittilsynet meiner det er viktig at dei som sel slike fondsparter fortel om den risiko som ligg i å investera i verdipapirfond i høve til vanleg banksparing. I årsmeldinga vert det gjeve eit oversyn over handsaminga av løyve til å drive verdipapirforetak etter dei endringane Stortinget gjorde i lova for verdipapirhandel i 1996. Arbeidet med å avdekka innsidehandel og dei sakene som vart oversende ØKOKRIM i 1996, er òg omtala.

4.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek det som står i meldinga om Kreditttilsynet si verksemd i 1996 til orientering.

       Komiteen har elles ingen merknader.