5. Samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank

5.1 Samandrag

       I finanskomiteen si innstilling til Stortinget om organiseringa av tilsynet med finansmarknadene (Innst.S.nr.246 (1991-1992)) vart det uttrykt ønske om at det « gjennomføres tiltak for å styrke samarbeidet og koordineringen med Norges Bank, bl.a. for å sikre Kreditttilsynet tilgang på den nødvendige samfunnsøkonomiske kompetanse ». På denne bakgrunn vart det i 1993 utarbeidd ein rapport om samarbeidet mellom Kreditttilsynet og Noregs Bank. Denne rapporten gav status for samarbeidet mellom dei to institusjonane, og inneheldt forslag til nye rutinar for samarbeidet. Rapporten resulterte i eit felles brev til Finansdepartementet frå dei to institusjonane datert den 26. april 1993. I Finansdepartementet sitt tildelingsbrev til Kredittilsynet, datert 17. januar 1997, heiter det:

       « Kredittilsynet og Norges Bank har arbeidsområder og oppgaver som er nært knyttet sammen. Det vises til felles brev 26. april 1993 fra Kredittilsynet og Norges Bank til departementet hvor det er redegjort for et utvidet samarbeid mellom de to institusjonene. Det er viktig at den utvidede samarbeidsordningen fortsatt gis prioritet. Departementet ber derfor Kredittilsynet i samarbeid med Norges Bank om en oppfølgende redegjørelse for samarbeidsordningen innen utløpet av første halvår 1997. Det tas sikte på en omtale i Kredittmeldingen for 1996. »

       I meldinga er det gitt ei slik framstilling av korleis samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank fungerer no. Framstillinga byggjer på eit felles brev av 22. april 1997 frå Kredittilsynet og Noregs Bank. Formålet med samarbeidet har vore å utnytte spesialkompetansen i dei to institusjonar og unngå unødvendig dobbeltarbeid, samtidig med at dei to institusjonane får behalde dei sjølvstendige rollene og oppgåvene dei no har. Som eit ledd i det faste samarbeidet prøver ein så langt det er tenleg, å avgrense ressursbruken til dei to institusjonane på område der den eine institusjonen heilt klart har eit hovudansvar. I konklusjonen i brevet frå Kredittilsynet og Noregs Bank datert 22. april 1997, heiter det:

       « Generelt er oppfatningen hos begge institusjoner at samarbeidet fungerer godt, og er til stor nytte for begge institusjoner. Samarbeidet vil i samsvar med dette fortsatt bli høyt prioritert. »

5.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek det som står i meldinga om samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank til orientering.

       Komiteen har elles ingen merknader.