3. Verksemda til Noregs Bank i 1996

3.1 Årsmeldinga for 1996

3.1.1 Samandrag

       Årsmeldinga 1996 for Noregs Bank vart behandla og godkjend i hovudstyremøte 19. februar 1996.

       Det er i meldinga gjort greie for leiing og administrasjon av Noregs Bank i 1996.

       Departementet merkar seg det arbeidet Noregs Bank gjer for å sikre ein effektiv ressursbruk. Etter departementet sitt syn er det viktig at verksemda i Noregs Bank er så effektiv som mogleg.

Verksemda til Noregs Bank i 1996

       Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

       Det er i meldinga ei kort framstilling av verksemda i 1996, som byggjer på årsmeldinga frå Noregs Bank. Ein viser òg til omtalen av penge-, kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.

Betalingsmiddel og betalingsformidling

       Banklovkommisjonen leverte i november si tredje delutgreiing ( NOU 1996:24 ). Kommisjonen gjer her mellom anna framlegg om at etablering og drift av interbanksystem - det vil seie system for avrekning, oppgjer og overføring av betalingar mellom bankar - skal krevje konsesjon av Kongen, med søknad til Noregs Bank som skal førebu saka. Noregs Bank skal etter forslaget òg føre tilsyn med slike system.

       Betalingssystemet er ein viktig del av infrastrukturen i det finansielle systemet. Svikt her kan få store samfunnsøkonomiske konsekvensar og medføre store kostnader. Noregs Bank har særleg lagt vekt på å avgrense risikoen for at problem i ein finansinstitusjon eller ein delmarknad skal forplante seg til andre institusjonar og marknader gjennom betalingssystema.

       Noregs Bank er i ferd med å innføre eit nytt system for oppgjer av pengeposisjonar mellom bankane og Noregs Bank. Det nye systemet vil redusere risikoen i betalingsoppgjeret mykje, mellom anna fordi oppgjer kan skje etter kvart gjennom dagen og ikkje berre ein gong dagleg slik det er i dag. Bankane vil rg måtte stille pantesikring for skyldnadene sine i oppgjeret. I 1996 vart prinsippa for det nye systemet fastlagde. Bankane vart informert om dei nye rammevilkåra i oktober 1996 etter høyring frå bankforeiningane. I 1997 er forskriftene utforma, og ein stegvis innføring er i gang frå 24. november 1997. Den nye ordninga stiller større krav til informasjons- og transaksjonsutveksling mellom bankane og Noregs Bank. Tidlig i 1996 vart det difor gjort ein avtale mellom bankforeiningane og Noregs Bank om utvikling av eit nytt informasjons- og transaksjonssystem. Systemet gjer det mogleg for bankane å hente informasjon frå og sende transaksjonar til Noregs Bank gjennom bankane sitt eige system, NICS.

       Internasjonalt vart risikoen i valutaoppgjeret sterkt fokusert i 1996, mellom anna publiserte Bank for International Settlements (BIS) i mars 1996 ein rapport om saksfeltet.

       Noregs Bank er oppgjersbank for pengeoppgjeret knytt til dei verdipapirtransaksjonane som blir avrekna i Verdipapirsentralen.

       I samarbeid med Norges Fondsmeglerforbund, Verdipapirsentralen, Oslo Børs, Norsk Opsjonssentral, Den norske Bankforening, Sparebankforeningen i Norge og Kredittilsynet har Noregs Bank leidd ei kartlegging av konsekvensane for finansiell sektor av ein arbeidskonflikt i banksektoren.

       Ved utgangen av 1996 var det setlar for 40.674 mill. kroner i sirkulasjon i hushald, føretak og bankar. Gjennomsnittleg var det i 1996 setlar for 36.812 mill. kroner i sirkulasjon. Dette er ein auke på 2,7 % jamført med 1995. Dei siste fem åra har setelomløpet auka med 28,7 %.

       Årsgjennomsnittet for verdien av mynt i omløp i 1996 var 2.776 mill. kroner. Dette er ein auke på 10,7 % i høve til i 1995.

       Myntinngangen til Noregs Bank auka frå 698,7 mill. myntar i 1995 til 759,9 mill. myntar i 1996, ein auke på 8,8 %.

Oppgåver og rådgiving i samband med penge-, kreditt- og valutapolitikken

       Det er ei fast ordning at Noregs Bank sender brev til departementet i samband med at nasjonalbudsjettet blir lagt fram. Brevet som gjeld Nasjonalbudsjettet 1996, er teke inn i eit vedlegg til årsmeldinga frå Noregs Bank. Også andre brev og fråsegner frå Noregs Bank er med i dette vedlegget.

       Forskrifta frå 6. mai 1994 som gjeld kursordninga til den norske krona, gir nærmare retningsliner for gjennomføringa av pengepolitikken. I § 2 i forskrifta heiter det mellom anna at « Norges Banks løpende utøvelse av pengepolitikken skal rettes inn mot stabilitet i kronens verdi målt mot europeiske valutaer, med utgangspunkt i kursleiet siden kronen begynte å flyte den 10. desember 1992 ». Det er gitt utfyllande retningsliner for pengepolitikken i kommentarar til forskrifta og i seinare budsjettdokument.

       Noregs Bank sende 22. november 1996 eit brev til Finansdepartementet om utforminga av penge- og valutapolitikken. Bakgrunnen for dette brevet var mellom anna at ein såg teikn til press i økonomien og risiko for tiltakande pris- og kostnadsvekst. I brevet peika ein mellom anna på at innanfor dei eksisterande retningslinene, og i lys av korleis penge- og valutamarknadene fungerer, må ein akseptere visse kortsiktige svingingar i valutakursen. I salderingsproposisjonen for 1996 viste Regjeringa til ansvarsdelinga i den økonomiske politikken og understreka stabil valutakurs som retningsline for pengepolitikken. Regjeringa la vekt på at det er viktig å unngå vesentlege svingingar i konkurranseevna som følgje av valutakurssvingingar, og viste til at det er klare grenser for kor langt pengepolitikken i dagens situasjon kan medverke til å stabilisere utviklinga i norsk økonomi.

       I 1996 førte Noregs Bank vidare arbeidet med å analysere pris- og kostnadsutviklinga, mellom anna ved å gi ut kvartalsvise inflasjonsrapportar.

       Noregs Bank bruker kjøp og sal av valuta og påverkar rentenivået i pengemarknaden for å stabilisere valutakursen, men ifølgje retningslinene for pengepolitikken er det ikkje aktuelt å bruke så sterke verkemiddel når det gjeld kjøp og sal av kroner og endringar i dei kortsiktige rentene som under fastkurspolitikken fram til 10. desember 1992. Oppbygginga av Statens petroleumsfond inneber at Noregs Bank over tid skal kjøpe valuta som tilsvarer oppbygginga av fondet. I 1996 vart om lag 46 mrd. kroner sette av til Statens petroleumsfond. Eit langvarig appresieringspress mot norske kroner gjorde at Noregs Bank i løpet av året kjøpte meir valuta enn det som følgjer av oppbygginga av petroleumsfondet. Noregs Bank kjøpte valuta for om lag 90 mrd. kroner i 1996. Det vart ikkje intervenert gjennom sal av valuta i 1996.

       Noregs Bank påverkar rentenivået mellom anna gjennom å fastleggje ein « korridor » for rentene i pengemarknaden via dei såkalla signalrentene: foliorenta og D-lånsrenta. Foliorenta er renta bankane får på innskotta sine på foliokonto i Noregs Bank, og D-lånsrenta er renta bankane må betale når dei nyttar låneretten på denne foliokontoen og tek opp dagslån. Desse rentene vart reduserte to gonger i løpet av 1996. Den 8. mars 1996 vart rentene sette ned frå 4,75 og 6,75 % til 4,50 og 6,50 %. Med verknad frå 6. november 1996 vart rentene reduserte med nye 0,5 prosentpoeng, til respektive 4,0 og 6,0 %.

       Innanfor « rentekorridoren » kan Noregs Bank påverke rentenivået i pengemarknaden gjennom tilførsla av kronelikviditet til banksystemet. Ved bruk av likviditetspåverkande instrument motverkar Noregs Bank òg dei sesongmessige svingingane i likviditeten til bankane som mellom anna følgjer av statens inn- og utbetalingar. Dei viktigaste verkemidla i denne samanhengen er utlegging av kortsiktige lån og innskott med fast rente (F-lån og F-innskott). Ettersom det er store kortsiktige svingingar i statens inn- og utbetalingar, blir F-lån og F-innskott ofte nytta. I 1996 vart det i alt lagt ut 136 F-lån eller F-innskott. Likviditeten blir òg påverka av emisjonar av statspapir og av Noregs Banks handel med statspapir. Sentralbanken kan dessutan bruke valutaswappar, men det blir i liten grad gjort. I tillegg fastsetjer sentralbanken rammer for bankane sine dagslån i Noregs Bank. Desse rammene vart ikkje endra i 1996.

       I 1996 vart bankane sine vilkår for lån og innskott i sentralbanken endra ved forskrift nr. 5/23. august 1996. (* Forskrift 21. august 1996 nr. 825 *). Endringa gjer at filialar i Noreg av finansinstitusjonar utanfor EØS-området får rett til D-lån og folioinnskott i Noregs Bank. Ein har òg utvida utvalet av verdipapir som ein aksepterer som pantesikring for bankane sine dagslån.

       I 1995 etablerte Noregs Bank ei ordning med primærhandlarar for dei store statsobligasjonslåna.

       Etter § 24 i sentralbanklova skal Noregs Bank forvalte dei offisielle internasjonale reservane. Forvaltninga blir utført etter retningsliner som er gitt av hovudstyret i Noregs Bank og lagde fram for Finansdepartementet. Retningslinene omhandlar særleg kredittrisiko, renterisiko og fordelinga på ulike valutaslag.

       Dei internasjonale reservane er samansette av gull, fordringar på Det internasjonale valutafondet (IMF), kortsiktige bankinnskott og investeringar i rentepapir. Målt med marknadsprisar ved årsslutt auka desse reservane med 24,8 mrd. kroner til 171,6 mrd. kroner i løpet av 1996. Av dette utgjorde netto valutareservar (internasjonale reservar fråtrekte gull og fordringar på IMF og justert for inngåtte, men ikkje oppgjorde valutahandlar) 164,5 mrd. kroner. Ved utgangen av 1995 var netto valutareservar 134,6 mrd. kroner. Dei viktigaste faktorane bak endringa var: valutaintervensjonar 90,7 mrd. kroner, renteinntekter på10,3 mrd. kroner, prisvinst på rentepapir med 0,3 mrd. kroner, nedbetaling av utanlandsgjelda til staten med 18,8 mrd. kroner, overføring til Statens petroleumsfond 47,5 mrd. kroner og valutakurstap på 4,4 mrd. kroner.

       Valutareservane er delte inn i to ulike porteføljar etter kva formål dei skal tene:

1. Immuniseringsporteføljen, som skal koordinerast med statsgjelda i utanlandsk valuta slik at rente- og valutarisikoen samla blir minst mogleg.
2. Andre valutareservar (første- og andrelinjereservar), som i første rekkje skal kunne nyttast til intervensjonar i valuta- og pengemarknaden.

       Dersom første- og andrelinjereservane ikkje er tilstrekkelege, kan immuniseringsporteføljen òg nyttast til intervensjonsformål. Ved utgangen av 1996 utgjorde immuniseringsporteføljen 47,4 mrd. kroner og første- og andrelinjereservane 124,2 mrd. kroner.

       Frå mai 1996 har Noregs Bank forvalta Statens petroleumsfond. Forvaltninga skjer med grunnlag i lov om Statens petroleumsfond av 22. juni 1990 og forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond, fastsett av Finansdepartementet 10. mai 1996 med endringar av 29. november 1996. Ved utgangen av 1996 var fondet på 47,5 mrd. kroner. I 1996 vart det starta eit førebuande arbeid for å setje Noregs Bank i stand til å forvalte eit fond der aksjar skulle inngå. Ein viktig del av dette arbeidet er utvikling av eit system for styring av risiko. Dessutan vart bemanninga på dette området auka med sju årsverk, i hovudsak personar med høg kompetanse på finansteori og risikostyring.

       Bankar, kredittføretak og finaniseringsselskap som skal drive valutaverksemd, må ha autorisasjon frå Noregs Bank, og det er fastsett grenser i høve til ansvarleg kapital for storleiken på valutarisikoen dei kan ta. Noregs Bank har ansvar for å kontrollere at desse posisjonsgrensene blir haldne. I 1996 vart det registrert berre eitt brot på grensene, mot fem i 1995.

       Noregs Bank er høyringsinstans for Finansdepartementet og Kredittilsynet ved utforming av nye lover og forskrifter og ved endringar i regelverket for finansmarknadene og finansinstitusjonane. Viktige høyringssaker i 1996 var mellom anna forslaget til ny lov om sikringsordningar for bankar og om offentleg administrasjon av finansinstitusjonar ( NOU 1995:25 ) og forslag til endringar i verdipapirhandellova ( NOU 1996:2 ). Tilrådingane frå Noregs Bank i desse sakene og andre høyringssaker er tekne med i banken si årsmelding for 1996.

       Noregs Bank har i mange år analysert utviklinga i finansinstitusjonane og finansmarknadene. I 1995 vart det etablert eit opplegg for å følgje utviklinga i den finansielle stabiliteten i Noreg. Dette arbeidet vart utvikla vidare i 1996. Ein utførte då grundigare analysar av stoda i hushalda og føretaka og av konkurransen mellom aktørane i finansmarknaden, særleg av dei utfordringane bankane står overfor. Den økonomiske tilstanden i føretaka og hushalda var relativt god, noko som truleg vil medverke til låge tap i banksektoren også i 1997. Soliditeten både i forretnings- og sparebankane var tilfredsstillande i 1996, og innteninga var god som følgje av låge tap på utlån.

       Noregs Bank og Kredittilsynet samarbeider på ei rekkje område. Dette samarbeidet er det gjort nærmare greie for i kap. 5, « Samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank ».

       Frå og med 1996 blir arbeidet med å hente inn, kontrollere, leggje til rette og publisere den mest detaljerte statistikken for bankar, statlege låneinstitutt, finansieringsselskap, kredittføretak og verdipapirfond utført av Noregs Bank. Statistikken blir gitt ut i ein ny publikasjon, « Finansstatistikk ». Noregs Bank har ansvaret for oppdatering og vedlikehald av den sentrale databasen for bankstatistikk (FIKS-basen), som både Statistisk sentralbyrå og Kredittilsynet nyttar.

       Frå 1. januar 1996 tok ein i bruk nye rekneskapsreglar for bankar og finansieringsføretak i samsvar med EØS-avtalen.

Valutastatistikk/valutaregulering

       Det er i meldinga gjort greie for arbeidet med valutastatistikk.

       Noregs Bank har med heimel i valutalova av 14. juli 1950 og Finansdepartementets forskrift av 22. juni 1990 fått fullmakt til å fastsetje valutareguleringsforskrifter. Gjeldande forskrift vart vedteken 27. juni 1990. Nye endringar blir kunngjorde i form av rundskriv. Forskrifta som gjeld no, har karakter av å vere eit grunnleggjande regelverk for rapportering til Noregs Bank, og inneber difor i liten grad tradisjonell valutakontroll/valutaregulering.

       Desse endringane i valutareguleringsforskrifta vart vedtekne i 1996, jf. rundskriv nr. 7/19. desember 1996:

- Det er gjort unntak frå legitimasjonsplikt ved kjøp og sal av utanlandske betalingsmiddel som skjer gjennom valutabankane sine vekslingsautomatar. Noregs Bank kan fastsetje nærmare retningsliner om høve til slik verksemd, mellom anna beløpsgrenser og vilkår for utplassering (kap. 9 i forskrifta).
- Det er innført ein ny paragraf som presiserer at meldeplikta ved inn- og utførsel av setlar og mynt ved post- og bodsendingar gjeld på same måten som ved fysisk medbringing ved inn- og utreise. Valutabankar er unnatekne frå slik meldeplikt (kap. 10).
- Kap. 11 (kjøp og sal av verdipapir o.a.) og kap. 12 (forsikring) er oppheva.

       I tillegg til statistikkformål blir datamaterialet i valutastatistikken nytta til å hjelpe skatte- og tollvesenet i deira kontrollarbeid. Talet på førespurnader om hjelp frå desse er stigande, og i 1996 kom det inn i alt nær 270 førespurnader som resulterte i tilbakemeldingar om 40.000 transaksjonar på namngitte føretak eller personar.

       I samband med implementering i norsk rett av FN-sanksjonar om økonomisk boikott av land eller landområde, har Finansdepartementet delegert oppgåva som kontroll- og lisensmyndigheit for finansielle transaksjonar til Noregs Bank. Dette arbeidet, som inneber at ingen transaksjonar med dei landa som er omfatta av sanksjonar, kan gjennomførast utan samtykke frå Noregs Bank, blir utført etter forskrifter fastsette av Utanriksdepartementet. Det vart i 1996 gitt ut to meldingar om endringar i dette regelverket, i rundskriv nr. 1/13. mars 1996 og nr. 4/6. august 1996.

Anna verksemd

       Noregs Bank yter driftskreditt til fiskeindustrien etter retningsliner som Stortinget har fastsett. Garantiramma var på 250 mill. kroner for 1996 og er på 150 mill. kroner for 1997. Ved inngangen til 1996 var fjorten engasjement knytte til ordninga, to av desse var under avvikling. Ved utgangen av året var talet redusert til åtte, og av desse var fire under avvikling. Nedgangen i talet på engasjement heng saman med betre inntening i næringa og generell betring i tilgangen på kreditt i marknaden. Tapsfondet utgjorde 29,2 mill. kroner ved utgangen av 1996.

       Noregs Bank administrerer òg to statlege kredittordningar retta mot fiskerinæringa. Begge ordningane er avvikla, men det står att nokre føretak som ikkje har innfridd låna.

       Noregs Bank har hatt eit samarbeid med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) om drift av ein rekneskapsdatabase, utvikling av analysesystem, utarbeiding av porteføljeanalysar, rekneskapsanalysar og analysar av enkeltføretak. Kostnadene ved arbeidet har fullt ut vore dekt av SND og fylkeskommunane. På bakgrunn av endringane i organiseringa av SND vart dette arbeidet avvikla frå 1. januar 1997, med unntak for drift av databasen.

       Noregs Banks Seteltrykkjeri produserer norske reisepass for Justisdepartementet og frimerke for Postens frimerketeneste.

       Noregs Bank er hovudkommissær for statens innanlandske låneseriar. Noregs Banks årsmelding gir eit nærmare oversyn over utvidingar og innfriingar av statslån i 1996.

       Noregs Bank er oppgjersbank for oppgjer knytte til verdipapirtransaksjonar i Verdipapirsentralen og opsjonshandel og future-handel i Norsk Opsjonssentral. Frå 1996 gjennomfører Noregs Bank òg oppgjer for kraft-futures.

       Etter sentralbanklova § 3 skal Noregs Bank informere det offentlege om penge-, kreditt- og valutatilhøva. Noregs Bank gir i tillegg til årsmeldinga ut ein forkorta versjon på engelsk. Sentralbanken gir vidare ut kvartalskrifta « Penger og Kreditt » og « Economic Bulletin », der det siste har stoffval tilpassa utanlandske lesarar.

3.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek det som står i meldinga om Noregs Bank si årsmelding for 1996 til orientering.

       Komiteen har elles ingen merknader.

3.2 Internasjonalt myntprogram

3.2.1 Samandrag

       Etter sentralbanklova § 16 gjer Noregs Bank ut jubileums- og minnemyntar etter vedtak av Kongen. Kongens myndigheit er delegert Noregs Bank ved kgl. res. 25. mars 1994 nr. 233. I Ot.prp. nr. 25 (1984-1985) om lov om Norges Bank og pengevesenet står det om praksis ved utgjeving av jubileums- og minnemyntar (s. 93 og 94):

       « Departementet vil vise til uttalelse i Ot.prp. nr. 40 (1981-1982) om lov om jubileums- og minnemynter, der det blant annet heter:
       « Hittil har en fulgt en meget restriktiv praksis ved utgivelse av jubileums- og minnemynter. Denne praksis går ut på at jubileums- og minnemynter bare bør preges for å markere spesielle nasjonale begivenheter og at det ikke bør inngå som ledd i ulike innsamlingsaksjoner. En forutsetter at det fortsatt følges den samme restriktive praksis. »
       Departementet mener at denne restriktive praksis bør fortsette. »

       Finanskomiteen slutta seg til proposisjonen, jf. Innst.O.nr.50 (1984-1985) s. 41.

       I samband med at myndigheiten etter sentralbanklova § 16 blei delegert til Noregs Bank, blei retningslinene for utgjeving av jubilems- og minnemyntar omtalt i Kredittmeldingen 1991 og 1992 (St.meld. nr. 17 (1993-1994)). På s. 20 i meldinga står det:

       « Norges Bank har for Finansdepartementet lagt fram forslag til retningslinjer for hvilke kriterier som bør være oppfylt for at en begivenhet skal kunne gi grunnlag for utgivelse av minnemynt:
1. Utgivelse av jubileums- og minnemynter skal være begrenset til markering av store nasjonale begivenheter som må antas å ha alminnelig tilslutning i den brede almenhet.
2. Det kan utgis jubileums- og minnemynter knyttet til Kongens merkedager. Det kan videre utgis knyttet til enkeltpersoner av kulturell, historisk eller nasjonal betydning for landet. Jubileums- og minnemynter knyttet til en person må med unntak av kongehuset gjelde en avdød.
3. Utgivelse av jubileums- og minnemynter knyttet til store nasjonale og historiske begivenheter må kunne tidfestes med stor grad av sikkerhet. Utgivelse av jubileums- og minnemynter bør gi prioritet for store nasjonale og historiske begivenheter og personer knyttet til landets historie etter 1814.
       Finansdepartementet slutter seg til dette forslaget. »

       Finansdepartementet mottok i april 1996 ein førespurnad frå UNICEF om deltaking i eit internasjonalt myntprogram i tilknyting til UNICEFs 50 års jubileum. Departementet la da til grunn at dei nemnde retningslinene er til hinder for at Noregs Bank tek del i internasjonale myntprogram. Spørsmålet om slike utgjevingar har sidan vore handsama i Noregs Bank på generell basis. Banken har i brev 27. september 1996 til Finansdepartementet anmoda om at det blir lagt til rette for at Noregs Bank kan ta del i internasjonale myntprosjekt. Noregs Bank viser i brevet til at Hovedstyret den 7. august 1996 vedtok å gå inn for at det vert opna for at Noreg kan ta del i internasjonale myntprosjekt i særlege tilfelle. I brevet står det om Hovedstyret si beslutning:

       « Hovedstyret la til grunn at en slik særlig hjemmel bør praktiseres med forsiktighet og at det legges vekt på å unngå overmetting av det norske markedet. Deltakelse i internasjonale myntutgivelser bør så langt mulig ikke skje til fortrengsel av rene norske myntutgivelser. Slike programmer bør administreres av anerkjente firmaer med god kjennskap til det internasjonale marked, og som tar ansvar for opplag og distribusjon. Utgivelser Norge eventuelt skal engasjere seg i bør begrenses til markering av viktige verdensomspennende begivenheter eller være til inntekt for verdensomspennende humanitære organisasjoner. »

       Departementet viser til at Noreg tradisjonelt har vore aktiv i internasjonalt arbeid, m.a. gjennom FN og andre humanitære organisasjonar, og at Noregs Bank difor bør ha høve til å ta del i internasjonale myntprosjekt i samband med dette. Departementet vil òg vise til at ved ein adgang til å taka del i internasjonale jubileums- og minnemyntprogram, og nytting av denne adgangen, vil Noreg komme på line med andre land sin praksis. Departementet sluttar seg til vurderingane frå Noregs Bank. Departementet går på denne bakgrunn inn for å endre gjeldande retningsliner for utgjeving av jubileums- og minnemyntar slik at det blir opna for at Noreg kan ta del i internasjonale myntprogram i særlege tilfelle.

       Departementet ber Stortinget slutte seg til den endringa av retningslinene for utgjeving av jubileums- og minnemyntar som det er gjort greie for her.

3.2.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen sluttar seg til dei endringane av retningslinene for utgjeving av jubileums- og minnemyntar som det er gjort greie for i meldinga.

3.3 Rekneskap og budsjett for 1996

3.3.1 Samandrag

       Det er i tabell 3.2 og 3.3 i meldinga gitt oversyn over Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 1996, samanlikna med tilsvarande tal for 1993, 1994 og 1995.

Noregs Banks aktiva

       Auken i dei internasjonale reservane frå 1995 til 1996 har si bakgrunn i at Noregs Bank foretok store intervensjonar som ledd i den pengepolitiske styringa i 1996. Avkastninga på netto valutareservar utgjer 7.615 mill. kroner i 1996 mot 8.638 mill. kroner i 1995. Valutakurstap på 4.233 mill. kroner reduserte isolert sett avkastinga i 1996. Valutakurstapa skuldast samansetjinga av reservane, der valutaene i reservane i 1996 er svekte mot norske kroner.

       Amerikanske dollar utgjorde 17,6 % av valutareservane ved utgangen av 1996, mot 16,2 % året før. Tilsvarande utgjorde tyske mark 35,8 % i 1996, det same som året før.

       Noregs Bank sine gullreservar er førte opp under internasjonale reservar med 285,0 mill. kroner. Den bokførte verdien har vore uendra i fleire år og er utrekna på grunnlag av den offisielle gullprisen som er fastsett av Det internasjonale valutafondet (IMF), som tilsvarer ein kilopris på 7.732,27 kroner. Marknadsverdien på gull er vesentleg høgare enn dette.

       Posten « andre fordringar på utlandet » består mellom anna av den delen av Noregs kvote i IMF som er i norske kroner. Tilsvarande gjeldsbeløp er bokført under « gjeld til utlandet ».

       Noregs Bank si behaldning av norske verdipapir er sett saman av omsetjelege sertifikat og ihendehavarobligasjonar. I 1996 kjøpte sentralbanken statssertifikat i første- og andrehandsmarknaden for om lag 5,3 mrd. kroner, mens sertifikat for 9,5 mrd. kroner forfall i løpet av året. Gjennom den ordinære marknadspleia i andrehandsmarknaden kjøpte Noregs Bank netto 2,9 mrd. kroner i obligasjonslånet S459 fram til forfall 28. februar 1996. Ved forfall var Noregs Banks behaldning på 5,3  mrd. kroner. I januar 1996 kjøpte Noregs Bank statsobligasjonar for ein milliard kroner i samband med emisjonen av obligasjonen S467.

       Noregs Banks eigedomsmasse, maskinar og inventar utgjer store verdiar. Eigedelane til banken utgjer 2.223 mill. kroner pr. 31. desember 1996.

Noregs Banks passiva

       Setlar og mynt i omløp auka i 1996 med 1,2 mrd. kroner til 43,3 mrd. kroner, mot 42,1 mrd. kroner året før. Innskott frå statskassa minka i 1996 med 14,3 mrd. kroner til 80,6 mrd. kroner, mot 94,9 mrd. kroner året før. Eigenkapitalen auka med 0,2  mrd. kroner til 29,0 mrd. kroner, mot 28,8 mrd. kroner året før.

       Statens petroleumsfond er plassert som kroneinnskott på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i bankens eige namn i aktiva denominert i utanlandsk valuta. Midlane blir forvalta i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 10. mai 1996. Pr. 31. desember 1996 utgjorde fondet 47,5 mrd. kroner.

Resultatrekneskapen for 1996

       Tabell 3.4 viser Noregs Banks resultatrekneskap for 1996.

Tabell 3.4 Noregs Banks resultatrekneskap for 1995 og 1996.

Tal i heile tusen kroner 1995 1996
Renteinntekter utland 9.618.852 10.550.915
Rentekostnader utland 268.253 254.648
Renteinntekter innland 1.401.829 1.335.123
Rentekostnader innland 3.942.710 3.934.361
Netto renteinntekter utland og innland 6.809.718 7.759.484
Netto kursreguleringar (540.609) (2.619.302)
Netto renteinntekter og kursreguleringar 6.269.109 5.140.182
Driftsinntekter 192.678 169.025
Driftskostnader 846.560 863.565
Driftsresultat før tap på utlån 5.615.227 4.445.642
Inngått/(tap) på utlån/fordringar 68 (675)
Overskott i år før ekstraordinære postar 5.615.295 4.444.967
        
Pensjonsskyldnader, implementerte 16.105 -
Overskott 5.599.190 4.444.967
        
Overføringar:     
Overført frå overføringsfondet 7.239.240 4.236.451
Overført frå oppskrivingsfondet 118.921 102.324
Til disposisjon 12.957.351 8.783.742
        
Til statskassa frå overføringsfondet 7.239.240 4.236.451
Avsett til kursreguleringsfondet 999.658 4.547.291
Avsett til overføringsfondet 4.718.453 0
Disponert i alt 12.957.351 8.783.742


       Årsresultatet til Noregs Bank etter kursreguleringar var for 1996 ein vinst på 4,4 mrd. kroner, mot 5,6 mrd. kroner året før.

Bruken av overskottet i 1996

       Retningslinene for avsetjing og disponering av Noregs Banks overskott vart fastsette i kgl. res. 7. februar 1986. Retningslinene er endra fleire gonger, seinast ved kgl. res. 17. januar 1997 og har no denne ordlyden:

1. Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 10 % av bankens fordringer i norske verdipapirer og 20 % av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko. Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.
2. Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.
3. Fra overføringsfondet overføres hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til gjennomsnittet av brutto avsetninger til overføringsfondet ved de tre foregående årsoppgjør.
4. Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.

       I samsvar med punkt 1 i retningslinene blir kursreguleringsfondet for 1996 tilført heile det disponible overskottet på 4.547,3 mill. kroner. Kursreguleringsfondet har likevel ikkje nådd storleiken etter punkt 1 i forskrifta. Dersom kursreguleringsfondet skulle reflektert høva i punkt 1 i forskrifta, måtte avsetnaden for 1996 utgjere 8.805,0 mill. kroner. Årsaka til den sterke auken i avsetnaden til kursreguleringsfondet er at dei kursutsette plasseringane har auka med 40,9 mrd. kroner, mellom anna som følgje av vesentlege interveneringar i 1996. Det er såleis ikkje avsett noko til overføringsfondet etter pkt. 2.

3.3.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek det som står i meldinga om Noregs Bank sitt rekneskap og budsjett for 1996 til orientering.

       Komiteen har elles ingen merknader.