6. Verksemda i Statens Banksikringsfond i 1996

6.1 Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond, og for organisasjon og leiing i 1996.

       Statens Banksikringsfond hadde i 1996 eit overskott på 2.232 mill. kroner. Hovuddelen av fondsinntektene var knytte til vinning ved sal av aksjar i Den norske Bank, med 1.788 mill. kroner og motteke aksjeutbyte på 446 mill. kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter frå plasseringar på til saman 72 mill. kroner.

       Fondet hadde i 1996 kostnader på til saman 73,6 mill. kroner. Av dette kan 71,7 mill. kroner knytast til sal av aksjar. Driftskostnadene til fondet utgjorde 1,9 mill. kroner.

       Ved utgangen av 1996 hadde fondet aksjar som i rekneskapen var verdsette til 1.040 mill. kroner. Marknadsverdien på aksjane var på same tid 2.548 mill. kroner. I 1996 gjennomførte fondet eit sal av 193 mill. aksjar i Den norske Bank. Etter salet sit fondet attende med ein mindre aksjepost i Den norske Bank (16,2 %). Fondet eig dessutan 100 % av aksjane i Oslobanken u.a.

       Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 1996 på 2.075 mill. kroner.

       Dei likvide midlane til fondet, med unntak av mindre beløp knytte til fordringar og inneståande på driftskonto, er plasserte som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 1.028 mill. kroner ved utgangen av 1996. Fondet førte tilbake til staten 4.216 mill. kroner i 1996. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.

       Etter budsjettvedtak, jf. B.innst.S.nr.III (1996-1997) kap. 5350 post 50 vart det overført 975 mill. kroner frå fondet til staten i første halvår 1997. Ved halvårsskiftet hadde fondet likvide midlar på om lag 259 mill. kroner.

       Fondet har følgt opp Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank ved å gå gjennom dei kvartalsvise rapporteringane frå bankane. Fondet har også i 1996 arbeidd med forhold knytte til avvikling av Oslobanken. Oslobanken er no på det nærmaste avvikla.

       Det har frå styresmaktene si side vore lagt til grunn at eigardelane som Statens Banksikringsfond har i norske bankar, skal vere avgrensa i tid, og at det langsiktige eigarskapet skal forvaltast av Statens Bankinvesteringsfond. I samsvar med dette vart det ved lovendring 23. juni 1995 opna for at Statens Banksikringsfond kan overføre ansvaret for forvaltninga av aksjar til Statens Bankinvesteringsfond. Dette vart gjort i juli same år. Sjå omtale i Kredittmeldinga for 1995 s. 37.

       Lov om sikringsordningar for bankar og offentleg administrasjon mv. av finansinstitusjonar vart vedteken 6. desember 1996. I samband med framlegget til ny lov vart det tilrådd frå departementet at lov om Statens Banksikringsfond i løpet av relativt kort tid blir oppheva, og at verksemda i fondet blir avvikla. Departementet vil kome attende med forslag om oppheving av lov om Statens Banksikringsfond.

       I mai 1996 selde Statens Banksikringsfond ein aksjepost på om lag 66 mill. aksjar i Den norske Bank til Statens Bankinvesteringsfond. I juni selde Statens Banksikringsfond om lag 127 mill. aksjar i Den norske Bank til private, jf. omtale i kap. 5 om Statens Bankinvesteringsfond. Begge sala vart gjennomførte til marknadsvilkår.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for avviklinga av Oslobanken.

6.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek det som står i meldinga om Statens Banksikringsfond si verksemd i 1996 til orientering.

       Komiteen har elles ingen merknader.