7. Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1996

7.1 Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for det rettslege grunnlaget og for organisasjon og leiing i Statens Bankinvesteringsfond.

       Statens Bankinvesteringsfond hadde i 1996 eit overskott på 1.344 mill. kroner mot 628 mill. kroner i 1995.

       Driftsinntektene utgjorde 1.347 mill. kroner og driftskostnadene 3,8 mill. kroner. Av inntektene utgjer 561 mill. kroner utbytte frå aksjar i A/S Bergens Skillingsbank, DnB og Kreditkassen.

       Overskottet 1.344 mill. kroner vart heilt og fullt overført til statskassa 26. mai 1997.

       Ved utgangen av 1996 hadde Statens Bankinvesteringsfond aksjar i forretningsbankar til ein bokført verdi på i alt 5.097 mill. kroner. Marknadsverdien for investeringane til Statens Bankinvesteringsfond utgjorde 11.339 mill. kroner. Det er 6.242 mill. meir enn bokført verdi. Meirverdien ved førre årsskifte utgjorde 3.722 mill. kroner.

       I tillegg til dette forvalta Statens Bankinvesteringsfond ein portefølje av aksjar for Statens Banksikringsfond med ein bokført verdi på 1.040 mill. kroner. Samla marknadsverdi av porteføljen som Statens Bankinvesteringsfond forvalta ved utgangen av 1996, var 13.887 mill. kroner mot 13.593 mill. kroner året før.

       Verdipapirporteføljen som Statens Bankinvesteringsfond forvaltar, hadde i 1996 samla inntekter på 3.641 mill. kroner og eit nettoresultat på 3.509 mill. kroner etter frådrag for sals- og driftskostnader, og innløysing av tidlegare nedskrive ansvarleg lån.

       Statens Bankinvesteringsfond har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 1996.

       I St.meld. nr. 39 (1993-1994), Bankkrisemeldinga, drog Regjeringa opp hovudlinjene for den statlege eigardelen i forretningsbankane. Regjeringa gav mellom anna uttrykk for at den statlege eigardelen i Den norske Bank og Kreditkassen skulle førast vidare, mens andre eigarforhold skulle avviklast. Frå s. 127 i St.meld. nr. 39 (1993-1994) blir det sitert:

       « På mellomlang sikt og i inneværende stortingsperiode tas det sikte på beholde en statlig eierandel på over 50 % i disse to bankene. Før det ev. blir aktuelt å redusere eierandelen under 50 %, vil Regjeringen legge spørsmålet om omfanget av det statlige eie frem for Stortinget til fornyet vurdering. »

       Stortinget slutta seg til dette forslaget, jf. Innst.S.nr.213 (1993-1994).

       I tråd med dette vart alle dei 63 mill. aksjane som staten hadde i Fokus Bank, selde i september/oktober 1995. Salet er omtala i Kredittmeldinga 1995 s. 38.

       Tidsplan og transaksjonsstruktur for salet av alle dei 10 mill. grunnfondsbevis Statens Bankinvesteringsfond har i Sparebanken NOR, vart vedtekne tidleg i 1996 etter tilråding frå hovudtilretteleggjarane, Kleinwort Benson. Basert på resultatet av bodgivinga vart den endelege prisen fastsett til 176 kroner pr. grunnfondbevis, svarande til sluttkursen på Oslo Børs på prisingstidspunktet. Salet, som vart avslutta i midten av mars, er nærmare omtala i Kredittmeldinga 1995 s. 39.

       I april 1996 vart Statens Bankinvesteringsfonds aksjepost på 13,9 % av aksjane i Bergen Skillingsbank seld. Brutto salsinntekter frå salet utgjorde til saman om lag 71,4 mill. kroner.

       Statens Bankinvesteringsfond vedtok i juni/juli 1996 å selje 126.871.742 aksjar i Den norske Bank, svarande til 19,8 % av den totale aksjekapitalen i banken. Basert på resultatet av bodgivinga vart den endelege prisen fastsett til børskurs på prisingstidspunktet, kr 19,30 pr. aksje. Etter salet eig staten gjennom fonda framleis om lag 52,2 % av aksjane i Den norske Bank, mens folketrygdfondet eig om lag 2,4 %. Salet er omtala i Kredittmeldinga 1995 s. 39.

Tabell 7.1 Eigarstruktur i Kreditkassen og Den norske Bank pr. 1. oktober 1997

   Kreditkassen Den norske Bank
  aksjar i % aksjar i %
Finansielle føretak 6,8 5,2
Ikkje finansielle føretak 7,4 5,8
Privatpersonar 4,0 4,6
Stats- og trygdeforvaltninga 53,6 54,6
Ukjend sektor 4,8 5,8
Utlendingar 23,4 24,0
Total 100,0 100,0

Kjelde: VPS

       Styra i Storebrand og Kreditkassen la 1. april 1997 fram eit forslag til fusjonsplan der eit selskap i Storebrand-konsernet skulle vere det overtakande selskapet i fusjonen med morselskap i Kreditkassen-konsernet.

       Forslaget til fusjon oppnådde om lag 62 % fleirtal i generalforsamlinga til Storebrand, og ikke det naudsynte 2/3 fleirtal. Statens Bankinvesteringsfond sin eigardel i Kredittkassen er såleis uendra.

7.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek det som står i meldinga om verksemda til Statens Bankinvesteringsfond i 1996 til orientering.

       Komiteen har elles ingen merknader.