Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om korte yrkesretta utdanningar etter vidaregåande opplæring

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 177 (2000-2001)
  • Kildedok: St.meld. nr. 20 (2000-2001)
  • Dato: 20.03.2001
  • Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen
  • Sidetall: 6

Til Stortinget

Samandrag

Departementet legg fram ei melding om tekniske fagskular og andre utdanningar som i dag verken kan seiast å vere vidaregåande opplæring eller høgre utdanning, jf. NOU 2000:5 Mellom barken og veden, og vedtak i Stortinget 11. oktober 2000. Departementet tek opp einskilde spørsmål i samanheng med meir generelle framlegg i meldinga om reformer i universitets- og høgskuleutdanninga og i studiefinansieringa våren 2001.

Departementet meiner det er viktig å leggje til rette for å utvikle nye tilbod med dei statlege høgskolane som møter behovet for yrkesretta utdanning etter vidaregåande opplæring. Med dette utgangspunktet handsamar meldinga ein del konkrete offentlege og private utdanningstilbod, utvikling av nye tilbod i høgre utdanning, overgang til og innpassing i høgre utdanning og spørsmålet om studiestøtte til ulike utdanningar. Departementet meiner det ikkje er naudsynt å ha eit eige nivå i det norske utdanningssystemet mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning. Departementet ønskjer å tilpasse dei ulike tilboda til hovudstrukturen på ein slik måte at studentane unngår omvegar, blindvegar og parallelle løp i utdanningssy-stemet.

Departementet meiner at statlege høgskular i større grad må ta ansvar for kortare yrkesretta utdanningstilbod og aktivt utvikle desse som ein del av studietilbodet. Departementet vil vidare opne for avkorta løp i høgre utdanning på grunnlag av tidlegare utdanning og yrke. Avkorta løp for kandidatar med fagbrev eller annan yrkeskompetanse innafor vidaregåande opplæring vil bli vurdert inn mot relevante tilbod i høgskuleutdanninga. Kor mykje ein skal avkorte og korleis ein skal innpasse denne avkortinga, må vurderast frå utdanning til utdanning.

Når det gjeld opplæringstilbod med offentleg fullfinansiering, rår departementet til å oppretthalde teknisk fagskule som ein del av fylkeskommunen sitt ansvar og å vidareføre lov om teknisk fagskule. Departementet vil i føresegn til lova presisere at alle fylkeskommunar skal gi tilbod om teknisk fagskule. Departementet meiner det er viktig å oppretthalde rekrutteringsvegen frå fagbrev til sertifikatutdanning innafor maritime fag og vil behalde denne i teknisk fagskule.

Tre bransjeskular er i dag definerte på vidaregåande opplæringsnivå, men ikkje regulerte i opplæringslova. Departementet vil tilrå at grunnutdanninga ved Statens trafikklærarskole blir utvida og etter kvart bygd opp til høgskulenivå i tråd med satsinga i Nasjonal transportplan 2002-2011. Statens dykkarskole skal framleis vere organisert som ei statleg verksemd med landsdekkjande ansvar for utdanninga av yrkesdykkarar. Departementet vil vurdere om verksemda på sikt vert å knyte nærare opp til kursverksemda ved ein statleg høgskule. Overføring av Noregs brannskole til Kommunal- og regionaldepartementet sitt ansvarsområde kan eventuelt finne stad frå 1. januar 2002. Dei to departementa samarbeider om å utgreie dette og å vurdere skulen si rolle i ei samordning av dei samla utdanningsressursane på beredskapsområdet.

Når det gjeld opplæringstilbod med tilskot etter privatskulelova, vil departementet kome attende til Stortinget med framlegg til lovendring. Departementet gjer framlegg om å ta ut § 3 bokstav e i privatskulelova. Dette avsnittet gjeld privat yrkesretta utdanning som ikkje vert gjeven i vidaregåande opplæring, først og fremst utdanningstilbod som er relaterte til kyrkjelydane si verksemd, og kunstutdanningar. I tillegg kjem einskilde tilbod innafor fagområde som t.d. media og reklame. Departementet går inn for å oppretthalde tilskotet til dei opplæringstilboda som allereie er godkjende etter § 3 bokstav e.

Når det gjeld opplæringstilbod som berre er godkjende for studiefinansiering, vil departementet oppretthalde den ordninga ein har i dag med eit minimumsomfang på tre månader på full tid eller fem månader på halv tid for studiefinansiering. Det offentlege skal ikkje ta stilling til fagleg behov og relevans, berre stille nokre minimumskrav til dokumentasjon av rutinar og verksemd. Sjølvevaluering vil liggje til grunn for den faglege kvaliteten på tilboda.

Med omsyn til studiefinansiering rår departementet til at ein etter vidaregåande opplæring skal gi studiestøtte til eitt års utdanning som ikkje er høgre utdanning. For teknisk fagskule og andre utdanningar som i dag er godkjende for studiestønad i meir enn eitt år, skal ein framleis kunne gi studiestøtte for den tida dei er godkjende for.

Departementet vil i ei ny stønadsordning gjere framlegg om at all utdanning for unge utover ordinær vidaregåande opplæring i den perioden retten gjeld, skal sjåast som del av den same støtteperioden. Dei som bruker eitt år med støtte frå Lånekassen til anna utdanning enn høgre utdanning, må ta dette året av tidsbolken for høgre utdanning. Departementet vil følgje opp andre spørsmål knytte til blokkinndeling og lengd på stønadsperioden i den stortingsmeldinga som kjem på grunnlag av Mjøs- og Aamodt-utvala sine innstillingar.

Samla sett reknar ikkje departementet med nemnande økonomiske konsekvensar av meldinga.

Komiteen sine merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Ranveig Frøiland, Sigvald Oppebøen Hansen, Synnøve Konglevoll, Rune E. Kristiansen, Rikke Lind og Tomas Norvoll, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Høgre, Inge Lønning og Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Ulf Erik Knudsen, frå Senterpartiet, Marit Tingelstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Rolf Reikvam, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, konstaterer at meldinga er lagt fram som svar på vedtak i Stortinget i oktober 2000.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Venstre, viser til at meldinga omhandlar ei lang rekkje ulike utdanningstilbod som har til felles at dei verken er vidaregåande opplæring eller høgare utdanning. Dei mange tilboda har i hovudsak vakse fram som svar på behov som ikkje er blitt dekte gjennom dei vanlege utdanningstilboda.

Komiteens medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at mange av desse utdanningstilboda har parallellar både i vidaregåande skule og til dels på høgare utdanningsnivå.

Komiteen ser ingen problem med at det finst ei rekkje ulike tilbod som ikkje "passar inn" i dei vanlege kategoriane innan norsk utdanning.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Venstre, meiner at lite er vunne ved å leggje til grunn at dagens varierte tilbod av korte yrkesretta utdanningar etter kvart skal erstattast av tilbod utvikla innanfor høgare utdanning.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet vil opne for at ulike tilbod med lengd frå tre månader til eitt år skal gis studiestøtte, og at det ikkje vil vere nokon faglege avgrensingar på slike tilbod. Desse medlemene meiner at det er viktig at vi har eit godt offentleg tilbod innan vidaregåande opplæring, som både har fagutdanning og som legg eit godt grunnlag for å byggje vidare på høgare utdanning. Desse medlemene ser at det framover vil vere eit aukande behov for korte yrkesretta utdanningar. I den grad desse utdanningane byggjer på vidaregåande opplæring, meiner desse medlemene at dette bør arrangerast av høgskulesektoren. Høgskulesektoren har ledig kapasitet og høg kompetanse innanfor dei fleste fagområde.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti antar at det fortsatt vil utvikles tilbud som ligger utenfor de etablerte utdanningsløp. Dette medlem viser til Sosialistisk Venstrepartis modell der en fordeler ansvaret for yrkesrettede utdanningsløp mellom videregående opplæring, teknisk fagskole og høgskolene. Målet er ikke at disse institusjonene skal overta private opplæringstilbud, men at ansvaret for framtidig utvikling av offentlige utdanningstilbud fordeles på disse nivåene.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Venstre, har merka seg forslaget i NOU 2000:5 om etablering av eit sjølvstendig mellomnivå - fagskuleutdanning - organisert under eiga lov og med ein eigen rådsstruktur for godkjenning av tilbod.

Fleirtalet meiner det er behov for eit fagskuleutdanningsnivå i norsk utdanning. Fleirtalet ser ikkje på dette som eit mellomnivå, men som eit alternativt løp til høgare utdanning. Ein slik praktisk og yrkesretta parallell til høgare utdanning vil gi teknisk fagskule og andre praksisretta utdanningar ein naturleg og stabil plass i det norske utdanningssystemet. Dette vil kunne opne for fleire slike utdanningstilbod til dømes innafor helse- og omsorgsfag og fremje kvaliteten på tilboda. Det vil også, etter fleirtalet sitt syn, betre statusen til fagutdanningane, gi dei ein identitet og synleggjere fagutdanning som eit likeverdig alternativ til høgare utdanning.

Fleirtalet meiner at det må opprettast ei eiga lov for dette og ber Regjeringa legge fram eit slikt lovforslag. Lova må utformast slik at ho fremjar fleksibilitet, mangfald og evne til rask omstilling i utdanningstilboda.

Fleirtalet gjer følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag til lov om fagskuleutdanning, som også inkluderer lovreglar om teknisk fagskule. Lova må ha eit perspektiv som sikrar stabile og gode arbeidsvilkår til yrkesretta utdanningar og utdanningar retta mot andre samfunnsbehov etter vidaregåande opplæring."

Fleirtalet meiner det er viktig å få ei god kvalitetssikring av dei tilboda som skal omfattast av lova, men har merka seg at mange høyringsinstansar har uttrykt seg negativt om den omfattande rådsstrukturen som Berg-utvalet foreslår i NOU 2000:5.Fleirtaletber Regjeringa leggje fram forslag til eit system for kvalitetssikring i samband med lovforslaget.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener at høgskolene skal ha ansvar for å utvikle mer yrkesrettede attraktive utdanningstilbud som bygger videre på videregående skole og teknisk fagskole. Disse medlemmer minner om at høgskoler har i gang arbeid med å utvikle fagtilbud i grenselandet mellom videregående skole og høgskoleutdanning. Tilbudet som er utviklet ved høgskolen i Nord Trøndelag innenfor skogbruk er et tilbud som etter disse medlemmers mening faller inn under rammen for tilbud som bør være høgskolens ansvar. Tilbudene bør ha en varighet av minst et halvt år og gi vekttall. På denne måten kan en bygge videre fram til en fullført grad eller en bestemt sluttkompetanse. Disse medlemmer mener at ordningen med krav om generell studiekompetanse for opptak til høgere utdanning må endres dersom høgskolene skal ta større ansvar for yrkesrettede utdanningstilbud. Disse medlemmer mener at fullført videregående skole og/ eller fagbrev må gi grunnlag for opptak til denne type utdanningstilbud.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet henviser til Innst. O. nr. 2 (1999-2000) hvor disse medlemmer sa:

"Disse medlemmer mener videre at de enkelte tekniske fagskoler med fordel kan omdannes til egne stiftelser, selskap og så videre, og gis en friere stilling. En fremtidig permanent lov om teknisk fagskole vil da måtte klargjøre statens plikt til å finansiere utdanning ved skolene gjennom en såkalt "stykkpris" eller "skolesjekk"-modell. Dette vil kunne gi en større konkurranse mellom skolene slik at kvaliteten heves.

Disse medlemmer vil vise til høringsuttalelse fra Næringslivets Hovedorganisasjon hvor man viser til at kostnadene for teknisk fagskole på landsbasis i dag kan anslås til 200 mill. kroner pr. år - hvilket gir en stipulert pris pr. heltidsplass på ca. 65 000 kroner. Næringslivets Hovedorganisasjon mener at en modell for finansieringen av fagskolene kan være å gi direkte tilskudd til skolen beregnet ut fra antall studenter."

Disse medlemmer vil ta opp sitt forslag fra Innst. O. nr. 2 (1999-2000):

"Stortinget ber Regjeringen utarbeide en finansieringsmodell for teknisk fagskole basert på frie selvstendige enheter som får sine inntekter beregnet ut fra antall studenter."

Disse medlemmer understreker imidlertid at det i beregning av "stykkpris" må brukes en fleksibel modell som tar høyde for naturlige forskjeller i kostnader mellom de forskjellige fag.

Disse medlemmer viser videre til NOU 2000:5 "Mellom barken og veden" hvor Berg-utvalget foreslår at staten tillegges det økonomiske ansvaret for fagskoleutdanningene:

  • – offentlige tilbydere får statlig finansiering pr. student

  • – private tilbydere får støtte etter privatskoleloven pr. student

  • – studenter i offentlige tilbud skal ha gratis studieplass

  • – studenter i private tilbud må betale en andel av kostnadene ved utdanningen.

Disse medlemmer tar også opp følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utarbeide en finansi-eringsmodell for private tilbydere i henhold til Berg-utvalgets innstilling NOU 2000:5."

Disse medlemmer har merket seg at man i enkelte fylker er kommet langt i arbeidet med avvikling og/eller kraftig reduksjon av tilbudet innen teknisk fagskole.

Disse medlemmer forutsetter at eksisterende tilbud innenfor teknisk fagskole opprettholdes på minimum dagens nivå i påvente av etablering av oppdatert lovverk, ny finansieringsordning og øvrig ny administrativ struktur. Følgende forslag fremmes:

"Stortinget ber Regjeringen påse at eksisterende tilbud innenfor teknisk fagskole opprettholdes på minimum dagens nivå i påvente av etablering av oppdatert lovverk, ny finansieringsordning og øvrig ny administrativ struktur. Det forutsettes at det i sammenheng med Revidert nasjonalbudsjett og ordinært årsbudsjett fremmes forslag om tilleggsbevilgninger for å dekke fylkenes ekstra utgifter på dette felt."

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti merker seg at meldingen i liten grad drøfter behovet for kortere yrkesrettede utdanningstilbud for pleie- og omsorgspersonell med utdanning fra videregående skole. Heller ikke andre nye yrkesrettede utdanninger med utdanning fra videregående skole med behov for etter- og videreutdanning har fått særlig bred omtale i meldingen. Dette medlem antar at for den nye IT-vekstnæringen vil det være behov for kortere yrkesrettede utdanningstilbud. Dette medlem mener at denne type yrkesrettede tilbud vil være dårlig egnet for å legge til høgskolen. Dette skyldes at høgskolen som står i en akademisk tradisjon, har lite erfaring med yrkesrettede utdanningstilbud. Dette medlem skiller mellom profesjonsutdanninger med innslag av praksis der studiekompetanse er kravet for opptak, og kortere yrkesrettede videreutdanninger for den som har fagbrev eller annen yrkesutdanning uten studiekompetanse. Det er flere grunner til at det innenfor det offentlige utdanningssystemet utvikles slike tilbud. For mange vil det være en nødvendig motivasjonsfaktor for å ta videreutdanning. Det vil dessuten være behov for ansatte som kan ta på seg oppgaver som forutsetter spesialkompetanse, og faglige lederoppgaver som det ikke kreves høgskoleutdanning for. Slike videreutdanningstilbud må dessuten være kompetansegivende i forhold til utdanning på høgskolenivå.

Dette medlem legger til grunn at behovet for slike utdanningstilbud vil øke i tiden framover. Spørsmålet blir derfor på hvilket nivå tilbudene organisatorisk bør innplasseres.

Dette medlem mener ansvaret for yrkesretta utdanningstilbud på inntil ett år utover videregående skole organisatorisk skal legges inn under videregående opplæring. Det må utarbeides egne nasjonale læreplaner som sikrer kvaliteten.

Dette medlem vil understreke at det er flere grunner til at videregående skole er best egnet til å ivareta denne type utdanningsbehov. Eksisterende fagmiljø med kompetanse innenfor yrkesrettet utdanning og opplæring kan benyttes. Det vil dessuten gi muligheter for et mer desentralisert tilbud enn om ansvaret blir lagt til høgskolen eller til fagskolen.

Dette medlem mener at teknisk fagskole må opprettholdes som et toårig og modulstrukturert tilbud. Første året kan legges til videregående skole. Dette medlem mener at nye fagområder må kunne legges inn under teknisk fagskole. For at et fagområde skal inn som tilbud i teknisk fagskole må visse kriterier være oppfylt. Dette medlem mener at særlig innenfor helse- og IT-fag kan det være aktuelt med nye tilbud under lov om teknisk fagskole. Dette medlem mener teknisk fagskole skal være et fylkeskommunalt ansvar. Staten kan stille krav til tilbudets omfang. Dette medlem mener at for å sikre et landsdekkende tilbud må fylkeskommuner inngå samarbeid etter modellen for landsdekkende linjer i videregående skole.

Dette medlem fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge fram nødvendige endringer i opplæringsloven og i lov om Teknisk fagskole der ansvaret for yrkesrettede utdanningstilbud blir delt mellom videregående opplæring, fagskolene og høgskolene. Teknisk fagskole skal fortsatt være et fylkeskommunalt ansvar."

Opplæringstilbod med offentleg fullfinansiering

Komiteen har merka seg at departementet har sett ned eigne arbeidsgrupper for å vurdere framtidige oppgåver og tilknytingsform for Statens dykkerskole og Statens trafikklærerskole. Komiteen har ingen kommentarar verken til desse skulane eller til Norges Brannskole.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Venstre,meiner det er viktig å sikre at teknisk fagskule framleis skal gi kompetansegjevande vidareutdanning for personar med fagbrev. For å gi større tryggleik for at det vert gjeve eit godt og breitt tilbod ved tekniske fagskular, meiner fleirtalet at staten bør ha ansvaret for finansiering av dette skuleslaget.

Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Venstre finn det naturleg at staten i samråd med fylkeskommunane og arbeidslivet fastset dimensjoneringa av tilboda. Desse medlemene meiner også at den faglege utviklinga av dei ulike linene i teknisk fagskule må finne stad i nært samarbeid med partane i arbeidslivet. Det skal vere tilbod om teknisk fagskuleutdanning i alle fylke, men dei ulike linene må kunne rekruttere frå fleire fylke. Desse medlemene finn det også naturleg at fylkeskommunane har driftsansvaret for dei offentlege tekniske fagskulane og ber Regjeringa kome attende med forslag til korleis dette kan praktisk gjennomførast.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti registrerer at fleirtalet ønskjer å finansiere/organisere teknisk fagskule tilsvarande landslineordninga i vidaregåande opplæring. Desse medlemene meiner at ei slik organisering vil krevje lovendring og slik sett ikkje vil medverke til ei snarleg løysing av dei utfordringane dette skuleslaget står framfor.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet registrerer at det ikke er flertall for disse medlemmers primære forslag til organisasjonsmodell når det gjelder teknisk fagskole. Disse medlemmer vil subsidiært gi sin støtte til modellen som foreslås av Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti støtter forslaget til Regjeringa om at teknisk fagskule skal vere eit ansvar for fylkeskommunen. Tilboda innanfor utdanningane i fylkeskommunen er integrerte: I fylkeskommunen er dei fleste tilbod innafor vidaregåande opplæring samlokaliserte og fylkeskommunen drar veksel på den same typen lærarkrefter og leiing. Fleire av fylkeskommunane sine ressurssentra som tilbyr faglege tilbod om etterutdanning, er bygde opp på miljø der den vidaregåande opplæring og teknisk fagskule er integrert. Desse medlemene er likevel bekymra for framtida til teknisk fagskule og støttar difor departementet sitt forslag om å påleggje fylkeskommunen å ha tilbod om fagskuleutdanning. Desse medlemene støttar fullt ut utarbeidinga av ei eiga lov og eigne forskrifter om teknisk fagskule.

Desse medlemene vil understreke at denne typen utdanning gir studiekompetanse og fagleg for-djuping. Utarbeidinga av ei eiga lov og forskrift vil i seg sjølv heve utdanninga sin status.

Desse medlemene vil framheve at fylkeskommunen som skuleeigar vil bli pålagd å kvalitetssikre tilbodet innanfor teknisk fagskule, på lik linje med vidaregåande opplæring. Her vil læreplanane bli utarbeidd av departementet ved Læringssenteret.

Opplæringstilbod med tilskot etter privatskulelova

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Venstre, går mot forslaget frå Regjeringa om å fjerne § 3 e i privatskulelova. Fleirtalet meiner at dei skulane og undervisningstilboda som mottek støtte etter denne paragrafen i dag, dekkjer viktige behov, og kan ikkje sjå nokon grunn til at denne typen tilbod ikkje framleis skal kunne få støtte. Fleirtalet har rett nok merka seg at dei skulane og tilboda som allereie er godkjende framleis skal få støtte, men meiner at dette "tilbodet" frå Regjeringa vil føre til at skulane det gjeld ikkje vil få tilstrekkeleg høve til fornying og utvikling. Det vil dessutan ikkje bli høve til å setje i gang nye skular. Resultatet vil bli at denne typen private tilbod gradvis vil forsvinne. Fleirtalet ser dette som ei uheldig utvikling.

Fleirtalet meiner at sekretærutdanningane og andre utdanningar som i dag får tilskot etter § 3 d framleis må få støtte. Fleirtalet meiner det må vurderast om det er naturleg å flytte nokre av desse utdanningane over til § 3 e.

Fleirtalet ser det som viktig å presisere at privat-skulelova også skal omfatte tilbod innan fagskuleutdanninga og evt. andre tilbod som i tid kjem etter vidaregåande opplæring og som ikkje blir definerte som høgare utdanning, og reiser følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa kome med framlegg som gjer det klart at privatskulelova også skal gjelde for fagskuleutdanning."

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet har merka seg at alle godkjende privatskular skal få støtte. Desse medlemene reknar med at det i den grad det framleis er behov for den typen utdanning, vil gis støtte til skulane til fornying og utvikling. Bibelskuletilbodet er til dømes ei utdanning der kapasiteten på langt nær er utnytta i dag. Desse medlemene viser til svar 7. mars 2001 frå departementet til komiteen der det i den samanheng blir peika på at det er nok utdanningsplassar av denne typen utdanning ut frå behovet i samfunnet.

Opplæringstilbod som berre er godkjende for studiefinansiering

Komiteen konstaterer at departementet vil etablere eit system for vurdering av rett til støtte for opplæringstilbod som berre er godkjende for studiefinansiering.

Komiteen føreset at dette vil sikre kvaliteten utan å hemme utviklinga av nye og eksisterande tilbod.

Komiteen er samd i at ein opprettheld dagens ordning med eit minimumsomfang på tre månader på fulltid eller fem månader på halvtid for å kvalifisere for studiefinansiering.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Arbeidarpartiet, ser likevel ingen grunn til å avgrense retten til studiefinansiering til eitt års utdanning etter vidaregåande opplæring. Fleirtalet meiner at det ikkje bør være avgjerande for kor mange år ein kan få støtte om den aktuelle utdanninga blir definert som høgare utdanning eller ikkje.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet presiserer at det er viktig å sjå opprettinga av slike utdanningstilbod utifrå studentane sin økonomiske ståstad. I den utstrekning dei private skulane ønskjer å opprette tilbod som skal vare utover eitt år, meiner desse medlemene at dei må søke om godkjenning og finansiering etter Privathøgskulelova.

Forholdet til høgare utdanning

Komiteen meiner at avkorting bør kunne skje mellom likeverdige nivå. Komiteen meiner at t.d. gjennomført teknisk fagskule kan gi grunnlag for ei avkorta ingeniørutdanning (evt. med krav om tilleggsutdanning i fag som ikkje er dekte i teknisk fagskule). Komiteen meiner at den einskilde institusjonen i høgare utdanning sjølv må ta ansvaret for vurderinga av den einskilde fagutdanninga. Det er viktig at fag-skuleutdanningane - i tillegg til å vere eit fullgodt alternativ i seg sjølv - også gir høve til opptak eller innpassing i deler av høgare utdanning.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, har merka seg at Regjeringa vil opne for avkorta løp i enkelte profesjonsutdanningar for kandidatar med fagbrev eller annan yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring. Fleirtalet viser til at universitets- og høgskulelova opnar for at ein kombinasjon av utdanning og yrkespraksis kan vurderast som grunnlag for kortare studieløp. Fleirtalet har merka seg Regjeringa sitt forslag om at teknisk fagskule og yrkesretta utdanningsløp frå vidaregåande opplæring må vurderast på linje med utdanning og praksis som grunnlag for avkorting av studieløp. Etter fleirtalet si meining er det grunn til å nyansere framlegget frå Regjeringa. Fleirtalet vil ikkje opne for "gruppevis" avkorting av studieløp i høgare utdanning på grunnlag av vidaregåande opplæring. Evt. avkorting skal gjerast etter individuell vurdering av realkompetansen.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil presisere at dei fleste ungdommar i dag har vidaregåande opplæring, og gjennom dette kan få realkompetansevurdering og deretter tilgang på høgare utdanning. Dei statlege høgskulane har høg kompetanse, og deira desentraliserte nettverk kan gje nye studietilbod, som korte, yrkesretta utdanningsløp. Dette gir ei vekting som kan brukast på ulike måtar i eit autorisert utdanningssystem.

Desse medlemene vil understreke dei statlege høgskulane si rolle i å knytte kontaktar til det lokale næringsliv og leggje til rette for at deira behov for korte yrkesretta utdanningar blir imøtekomne.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet vil understreke at enkelte yrkesfag i vidaregåande opplæring/teknisk fagskule gir ei så sterk fagleg fordjuping at dei bør kunne få individuell eller gruppevis avkorting på grunnlag av realkompetanse frå vidaregåande opplæring, når studiar på høgare nivå er inna-for same faglege fordjuping.

Komiteen konstaterer at maritim utdanning står i ei særstilling sidan sertifikatutdanninga blir gjeven både i teknisk fagskule og i høgskulesystemet. Komiteen er samd med departementet i at ein bør ha ein rekrutteringsveg frå fagbrev til sertifikatutdanning i teknisk fagskule. Komiteen har merka seg at Norges Rederiforbund foreslår ei påbygging på dei sertifikatgjevande faga innan leiing, økonomi og HMS, og at ei slik utdanning må leggast til høgskulane. Komiteen har også merka seg at Universitets- og høgskulerådet peikar på at det er behov for ei utgreiing om maritim utdanning som avklarer arbeids- og ansvarsdelinga mellom dei tekniske fagskulane og høgskulane. Universitets- og høgskulerådet meiner også at oppbygging av ein bachelorgrad innan maritim utdanning må vere ein del av høgare utdanning og at ansvaret for dette må leggjast eintydig på høgskulane. Komiteen ber om at desse innspela blir vurderte med sikte på å sikre og utvikle ei norsk maritim utdanning på topp internasjonalt nivå.

Framlegg frå mindretal

Framlegg frå Framstegspartiet:

Framlegg 1

Stortinget ber Regjeringen utarbeide en finansieringsmodell for teknisk fagskole basert på frie selvstendige enheter som får sine inntekter beregnet ut fra antall studenter.

Framlegg 2

Stortinget ber Regjeringen utarbeide en finansi-eringsmodell for private tilbydere i henhold til Berg-utvalgets innstilling NOU 2000:5.

Framlegg 3

Stortinget ber Regjeringen påse at eksisterende tilbud innenfor teknisk fagskole opprettholdes på minimum dagens nivå i påvente av etablering av oppdatert lovverk, ny finansieringsordning og øvrig ny administrativ struktur. Det forutsettes at det i sammenheng med Revidert nasjonalbudsjett og ordinært årsbudsjett fremmes forslag om tilleggsbevilgninger for å dekke fylkenes ekstra utgifter på dette felt.

Framlegg frå Sosialistisk Venstreparti:

Framlegg 4

Stortinget ber Regjeringen legge fram nødvendige endringer i Opplæringsloven og i lov om Teknisk fagskole der ansvaret for yrkesrettede utdanningstilbud blir delt mellom videregående opplæring, fagskolene og høgskolene. Teknisk fagskole skal fortsatt være et fylkeskommunalt ansvar.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag til lov om fagskuleutdanning, som også inkluderer lovreglar om teknisk fagskule. Lova må ha eit perspektiv som sikrar stabile og gode arbeidsvilkår til yrkesretta utdanningar og utdanningar retta mot andre samfunnsbehov etter vidaregåande opplæring.

II

Stortinget ber Regjeringa kome med framlegg som gjer det klart at privatskulelova også skal gjelde for fagskuleutdanning.

III

St.meld. nr. 20 (2000-2001) - om korte yrkesretta utdanningar etter vidaregåande opplæring - vert lagd ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 20. mars 2001

Ranveig Frøiland

leiar

Petter Løvik

ordførar

Rune E. Kristiansen

sekretær