Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2005 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

Til Stortinget

Samandrag

I denne proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2005.

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om endringar under kap. 101/3101 Utanriksstasjonane og kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar. Det blir også gjort framlegg om ein omdisponeringsfullmakt for driftsutgiftene under kap. 100 og kap. 101.

På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 264,675 mill. kroner.

I tillegg blir det gjort framlegg om endringar under kap. 197 Utviklingshjelp til ikkje-ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, frå Fram­stegspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, frå Høgre, Erna Solberg og Finn Martin Vallersnes, frå Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun, frå Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og frå Venstre, Anne Margrethe Larsen, har ingen merknader til proposisjonen frå Regjeringa.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2006 vert det gjort følgjande endringar:

Kap. Post Formål Kroner
101 Utanriksstasjonene (jf. kap. 3101)
1 Driftsutgifter, blir auka med 10 100 000
frå kr 841 556 000 til kr 851 656 000
21 Spesielle driftsutgifter, blir redusert med 4 000 000
frå kr 26 700 000 til kr 22 700 000
116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir redusert med 25 000 000
frå kr 892 566 000 til kr 867 566 000
72 Finansieringsordninga i det utvida EØS,
kan overførast, blir redusert med 54 000 000
frå kr 90 000 000 til kr 36 000 000
Norsk finansieringsordning i det utvida EØS,
kan overførast,blir redusert med 45 000 000
frå kr 90 000 000 til kr 45 000 000
143 Utanriksstasjonane
1 Driftsutgifter, blir redusert med 25 000 000
frå kr 432 059 000 til kr 407 059 000
160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling
1 Driftsutgifter blir redusert med 2 000 000
frå kr 26 500 000 til kr 24 500 000
71 Tilskot til frivillige organisasjonar si
opplysningsverksemd, kan overførast, blir auka med 1 500 000
frå kr 68 000 000 til kr 69 500 000
161 Næringsutvikling (jf. kap. 3161)
72 Finansieringsordning for utviklingstiltak,
167 kan overførast, blir redusert med 10 000 000
frå kr 150 000 000 til kr 140 000 000
73 Institusjonsutvikling i utviklingsland,
kan overførast, blir redusert med 10 000 000
frå kr 45 000 000 til kr 35 000 000
162 Overgangsbistand (gap)
70 Overgangsbistand (gap), kan overførast, blir auka med 70 000 000
frå kr 1 166 500 000 til kr 1 236 500 000
163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
70 Naturkatastrofer, kan overførast, blir auka med 39 475 000
frå kr 1 180 000 til kr 1 219 475
71 Humanirær hjelp og menneskerettar,
kan overførast, blir auka med 60 700 000
frå kr 1 462 052 til kr 1 522 752 000
164 Fred, forsoning og demokrati
70 Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast, blir auka med 19 000 000
frå kr 374 200 000 til kr 393 200 000
72 Utvikling og nedrustning, kan overførast, blir auka med 3 000 000
frå kr 3 100 000 til kr 6 100 000
165 Forsking, kompetanseheving og evaluering
70 Forsking, og høgare utdanning, kan overførast, blir redusert med 6 000 000
frå kr 268 000 000 til kr 262 000 000
166 Tilskot til ymse hjelpetiltak
70 Ymse tilskot, kan overførast, blir redusert med 40 500 000
frå kr 40 700 000 til kr 200 000
167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA)
21 Spesielle driftsutgifter blir redusert med 153 975 000
frå kr 577 991 000 til kr 424 016 000
170 FN-organisasjonar mv.
76 Tilleggsmidlar via FN-systemet, kan overførast, blir auka med 71 000 000
frå kr 1 066 200 000 til kr 1 137 200 000
78 Bidrag andre FN-organisasjonar mv., blir redusert med 2 600 000
frå kr 130 220 000 til kr 127 620 000
171 Multilaterale finansinstitusjonar
70 Verdsbanken, kan overførast, blir redusert med 2 000 000
frå kr 730 000 000 til kr 728 000 000
71 Regionale bankar og fond, kan overførast, blir redusert med 12 600 000
frå kr 642 200 000 til kr 629 600 000
197 Bistand til ikkje-godkjende land og internasjonale miljøtiltak
Tilskot til internasjonale klima- og miljøtiltak, kan overførast, blir redusert med 3 000 000
frå kr 31 038 000 til kr 28 038 000

II

Omdisponeringsfullmakt

Stortinget gjev samtykke til at Utanriksdepartementet i 2005 kan omdisponere mellom løyvingane under kap. 100 Utanriksdepartementet post 1 Driftsutgifter og kap. 101 Utanriksstasjonane post 1 Driftsutgifter.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 7. desember 2005

Olav Akselsen

leiar

Finn Martin Vallersnes

ordførar