1.1 Innhaldet i meldinga

Kap 1: Bakgrunnen for og innhaldet i meldinga

Noreg skal verte ein kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet. Meldinga understrekar at Kulturløftet er grunnlaget for meldinga.

Alle skal få tilgang til kunst- og kulturopplevingar og høve til å uttrykkje seg gjennom kunst og kultur uavhengig av kjønn eller geografiske, sosiale og økonomiske skiljelinjer.

Målet er å gje alle born og unge eit kulturtilbod som er likeverdig med det dei vaksne får.

Å forstå kunst og kultur er ein læringsprosess. Tilhøva skal leggjast til rette slik at born og unge utviklar kulturforståing og står rusta til å møte og meistre utfordringane i samfunnet.

Kulturskulane, Ungdommens kulturmønstring og Den kulturelle skulesekken er viktige stolpar i Regjeringa sin kulturpolitikk for born og unge. I kulturskulane er det opplæringa som er viktigast, i Ungdommens kulturmønstring er det aktiviteten, og i Den kulturelle skulesekken er det opplevinga som står i sentrum.

I statsbudsjettet for 2001 vart det for første gong løyvd midlar til Den kulturelle skulesekken. Dette kom som eit tillegg til eksisterande løyvingar til institusjonar som arbeider med kunst- og kulturformidling til born og unge.

Frå og med 2003 fekk Den kulturelle skulesekken tilført midlar frå speleoverskotet til Norsk Tipping. Spelemidlane til Den kulturelle skulesekken har sidan 2005 stabilisert seg på om lag 160 mill. kroner i året. Midlane vert fordelte ved kongeleg resolusjon kvar vår.

Grunnlagsdokumentet for Den kulturelle skulesekken i opptrappingsfasen har vore St.meld. nr. 38 (2002-2003) Den kulturelle skulesekken. Då meldinga vart handsama, vedtok Stortinget at regjeringa skulle syte for å evaluere ordninga i løpet av våren 2006 og leggje denne evalueringa fram for Stortinget.

Oppdraget om å evaluere Den kulturelle skulesekken vart utlyst som ein offentleg anbodskonkurranse hausten 2005. NIFU STEP fekk anbodet, og leverte ei evaluering i september 2006.

Den nye meldinga om Den kulturelle skulesekken gjer greie for evalueringa og den påfølgjande høyringsrunden. Meldinga omhandlar den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken i åra som kjem, inkludert utvidinga til vidaregåande opplæring.

Kap. 2: Evaluering av Den kulturelle skulesekken

Evalueringa hevdar at det eksisterer eit spenningsfylt forhold mellom kultur- og opplæringssektorane. Spenninga er knytt til mandat, mål, økonomi, organisering, struktur, og til innhalds- og kvalitetsomgrepet.

Evalueringa hevdar at organiseringa er for kompleks, og at det er låg systemforståing i alle ledd av organiseringa.

Evalueringa drøfter ulike formidlingsmåtar.

Det vert peika på at det ikkje finst eit standardisert system for rapportering, noko som gjer det vanskeleg å analysere pengestraumane.

Evalueringa og høyringsfråsegnene er i mindre grad samstemde når det gjeld å vurdere kor vellukka ordninga er.

Eit fleirtal av høyringsfråsegnene uttrykkjer velnøye med at dagens struktur legg til rette for lokal forankring, eigarskapskjensle og påverknad. Eit stort fleirtal av høyringsfråsegnene er klare på at det ikkje er ynskjeleg med større endringar i dagens organisering.

Høyringsfråsegnene understrekar at det er naudsynt med eit tydeleg mandat og ei klar arbeidsdeling mellom kultur- og opplæringssektorane.

Mange av høyringsinstansane meiner det er naudsynt med eit enklare rapporteringssystem samt standardiserte løysingar knytte til kontraktsmalar, honorar, diettsatsar og transport.

Mange høyringsinstansar understrekar at det er behov for kompetanseutvikling knytt til både produksjon av tilbod og implementering av Den kulturelle skulesekken.

Departementet har i si vurdering valt å leggje større vekt på høyringsfråsegnene enn evalueringa. Det vert lagt vekt på at kunst- og kulturformidlinga til born i grunnskulen er sterkt betra. Formidlinga er blitt meir systematisk og planlagd. Den kulturelle skulesekken er i hovudsak ei vellukka og populær ordning.

På bakgrunn av høyringsfråsegnene ynskjer departementet ikkje å gjere vesentlege endringar i korleis ordninga er organisert.

Meldinga understrekar likevel at ordninga kan bli betre. Mål, prinsipp og arbeidsdelinga mellom kultur- og opplæringssektoren må presiserast. Det trengst eit betre rapporteringssystem, meir kompetanseutvikling og meir forsking.

Det vert framheva at ein må syte for god forankring i skulen.

Kap. 3: Mål og prinsipp i Den kulturelle skulesekken

Gjennom Den kulturelle skulesekken skal elevar få møte profesjonelle aktørar frå kultursektoren. Ordninga er etablert for å sikre at desse møta finn stad.

Departementet meiner det er fullt mogleg å skape ei felles forståing av målsetjingane med Den kulturelle skulesekken på tvers av opplæringssektoren og kultursektoren. Det er også mogleg å etablere ei praktisk arbeidsdeling. Departementet meiner at dei to sektorane både kan utfylle kvarandre og inspirere kvarandre.

Både kulturpolitiske og opplæringspolitiske mål må liggje til grunn for ordninga.

Måla med og prinsippa til Den kulturelle skulesekken skal ta omsyn til og tilpasse seg læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Den kulturelle skulesekken skal vere ein del av skulens arbeid med kunst og kultur, men skal ikkje femne om alt av kulturaktivitetar i skulekvardagen.

Den kulturelle skolesekken skal ikkje vere ei erstatning for estetiske fag i skulen, men kome i tillegg til desse.

Kunstnarar og kulturarbeidarar skal ikkje gå inn i skulen og erstatte lærarane, men vere kunst- og kulturarbeidarar fullt og heilt.

Departementet meiner lokalt og regionalt handlingsrom er eit viktig prinsipp for ordninga. Dette sikrar lokal entusiasme, eigeninnsats og forankring.

Det er viktig å sikre at også elevar med nedsett funksjonsevne får møte profesjonell kunst og kultur. Skulen har ansvar for å leggje til rette på dette feltet. Kommunen eller fylkeskommunen som skuleeigarar har også eit ansvar.

Meldinga understrekar at det er viktig å sikre ein dialog på førehand slik at skulen er informert om innhaldet i tilbodet og kva det er naudsynt å leggje til rette for.

Kap. 4: Innhald og kvalitet i Den kulturelle skulesekken - status og vidare utvikling

Den kulturelle skulesekken skal sikre elevane gode møte med profesjonell kunst og kultur. Kunstnarar og kulturarbeidarar frå det frie feltet og institusjonane skal gje tilbod om gode og profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar til Den kulturelle skulesekken. Kunst- og kulturproduksjonar må kvalitetssikrast innanfor faglege, profesjonelle rammer.

Fylkeskommunane, og kommunane der dei har delegert ansvar, skal sikre at tilboda dei formidlar er sikra fagleg kvalitetsvurdering. Den kulturelle skulesekken skal omfatte tilbod innan alle kunst- og kulturuttrykka. Fylkeskommunane, og kommunane der dei har delegert ansvar, skal sikre dette.

Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane. Kultursektoren må kontinuerleg arbeide med å utvikle og fornye formidlingsmåtane.

Innanfor kvart kunst- og kulturuttrykk bør det vere ein nasjonal kunst- og kulturaktør som kan koordinere, ha ansvar for eit fagleg nettverk, leggje til rette for fagleg kompetanseutvikling og gje faglege råd til feltet. Dei nasjonale aktørane kan også medverke med tilbod og produksjonar i Den kulturelle skulesekken.

Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida med ei stortingsmelding om scenekunst der ein tek sikte på å gje oppdatert informasjon om det offentleg støtta scenekunsttilbodet i Noreg, inkludert midlar til profesjonell scenekunst gjennom Den kulturelle skulesekken. Meldinga tek vidare sikte på å skildre den geografiske fordelinga av scenekunstilbodet på faste scener og på turné, og vil dessutan fokusere på sær­skilde problemstillingar som til dømes scenekunsttilbodet for born og unge.

Departementet er i dialog med FILM&KINO om kva oppgåver dei ulike verksemdene skal ha i framtida. Her vil òg ansvaret for Den kulturelle skulesekken vere eit tema.

Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida òg med ei stortingsmelding om bibliotek. Meldingsarbeidet har utgangspunkt i utgreiinga Bibliotekreform 2014, utarbeidd av ABM-utvikling. I bibliotekutgreiinga er det gjort framlegg til fleire tiltak for born og unge som kan sjåast i samanheng med arbeidet i Den kulturelle skulesekken. Det er likevel for tidleg å seie noko om i kva grad desse tiltaka vil bli gjennomført. Departementet vil vurdere nærare i bibliotekmeldinga kva aktør som bør få eit samordningsansvar for formidling av litteratur i Den kulturelle skulesekken.

Kunnskapsdepartementet vil våren 2008 leggje fram ei stortingsmelding om universitetsmusea, der eitt tema vil vere desse musea sine potensial i Den kulturelle skulesekken.

Det er vanskeleg å gje ferdige kriterium for kvalitet. Difor er det viktig å ha ein vedvarande diskusjon om kvalitet både i opplæringssektoren og i kultursektoren.

Opplæringssektoren, med alle skulane og deira overordna, må få informasjon om innhaldet i tilboda i Den kulturelle skulesekken på eit tidleg tidspunkt. Det er viktig med ein god dialog mellom kultursektoren og opplæringssektoren slik at planlegginga kan skje i god tid.

Opplæringssektoren, med alle skulane og deira overordna, har ansvaret for å leggje til rette for kunst- og kulturopplevingar i skulen og setje Den kulturelle skulesekken i samband med den generelle læreplanen og dei ulike fagplanane. Skulen skal sikre at det vert gjennomført føre- og etterarbeid.

Skulen og elevane skal ha høve til å gje systematisk tilbakemelding etter kvart tilbod eller prosjekt i Den kulturelle skulesekken. Fylkeskommunane har ansvaret for å rapportere til sekretariatet.

Kulturelt mangfald skal vere ein fast og naturleg dimensjon i Den kulturelle skulesekken.

Samiske uttrykk skal også vere ein fast og naturleg dimensjon i ordninga. Særleg bør ein bruke Den kulturelle skulesekken aktivt for å styrkje kunnskapen om det samiske i Sør-Noreg. Departementet vil følgje utviklinga av formidling av samisk kunst og kultur nøye i åra framover.

Meldinga understrekar at det er viktig at Den kulturelle skulesekken også er ein arena for formidling av dei nasjonale minoritetane sin kultur.

Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida med ei stortingsmelding som skal skissere grunnlaget for ein sektorovergripande språkpolitikk. Ein føresetnad for ein slik politikk er at det blir lagt inn eit språkpolitisk perspektiv i all anna politikkutforming der dette er relevant. Målet er å styrkje både norsk språk generelt og nynorsk spesielt.

Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar også har eit språkpolitisk perspektiv i tankane når ein legg planar for Den kulturelle skulesekken. Det er ynskjeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar.

Kap. 5: Organiseringa av Den kulturelle skulesekken - status og vidare utvikling

Styringsgruppa med deltaking frå politisk leiing i Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet held fram.

Sekretariatet vert flytta frå ABM-utvikling til Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette skal knyte sekretariatsarbeidet nærare dei samla forvaltingsoppgåvene i departementet, løfte fram arbeidet med born og unge og styrkje samanhengen mellom Den kulturelle skulesekken og kulturfeltet elles.

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil arbeide vidare med å styrkje koordineringa mellom kultursektoren og opplæringssektoren nasjonalt og lokalt. Ein lekk i dette er å vurdere kva rolle Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa skal ha i samband med Den kulturelle skulesekken.

Referansegruppa for Den kulturelle skulesekken vert lagd ned. Departementet legg i staden opp til fleksible ordningar med ulike forum som er tilpassa dei problemstillingane som skal diskuterast. Dette kan vere dialogkonferansar, høyringsmøte, idédugnader eller ad hoc-grupper.

Fylkeskommunane skal framleis ha eit særleg ansvar for å forvalte og fordele midlar til Den kulturelle skulesekken.

Kommunar som ynskjer å få tildelt sin relative del av fylkeskommunen sine spelemidlar, skal kunne få det. Det skal ikkje lenger vere eit krav at kommunen må ha over 30 000 innbyggjarar. Det vil bli stilt krav om gjennomføring, kvalitetssikring og rapportering.

Kap.6: Særskilde satsingsområde i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken

Regjeringa ynskjar å utvide Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring. 180 000 nye elevar skal inkluderast. Fylkeskommunane har ansvaret for vidaregåande - det er praktisk at fylkeskommunen også har hovudansvaret for å sikre utvidinga. Dette skal skje i nær kontakt med skulane og deira ynske.

Betre nettverksarbeid og møteplassar: I den vidare utviklinga skal ein formalisere nettverk for nasjonale kulturaktørar. Det er også eit mål å formalisere fylkesnettverket og medverke til betre nettverksarbeid innanfor dei ulike kunst- og kulturuttrykka. For å sikre kulturarven sin plass i Den kulturelle skulesekken må også kulturminneforvaltinga trekkjast med i arbeidet.

Kompetanseutvikling: Mange miljø arbeider med kompetanseutvikling. Det skal arbeidast målretta med kompetanseutvikling i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken innanfor både implementering av kunst- og kulturprosjekt og produksjon av kvalitative kunst- og kulturprosjekt. Spelemidlane skal framleis ikkje kunne brukast til kompetanseutvikling.

Strategi for forsking og evaluering: Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap utarbeida ein strategi for korleis forsking og evaluering kan implementerast som ein fast del av arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

Betre system for logistikk og rapportering: Det skal lagast betre, obligatoriske rapporteringsrutinar, slik at ein får betre informasjon om kvalitet på, innhald i og omfang av ulike sjangertilbod i ordninga. ABM-utvikling vil koordinere og samordne systema for både logistikk og rapportering i Den kulturelle skulesekken.

Arbeidsavtalar og transport: Staten kan ikkje detaljstyre arbeidsavtalar eller transportordningar. Men det er behov for harmonisering. Fylkeskommunar og kommunar må arbeide vidare med spørsmålet.

Gullsekken: Den kulturelle skulesekken sin eigen pris vart utdelt for første gong i 2007. Gullsekken skal verte ei årleg hending.

Kap. 7: Økonomiske og administrative konsekvensar

Den kulturelle skulesekken skal utvidast til vidaregåande opplæring. Dette vil krevje auka ressursar til føremålet. I meldinga vert det gjort framlegg om å endre fordelingsmodellen for spelemidlane til Den kulturelle skulesekken.

I løpet av ein opptrappingsperiode vil midlane som i dag er avsett til sentrale tiltak, vitensentera og ei prøveordning i vidaregåande opplæring (45 mill. kroner), bli nytta til ei utviding av ordninga til vidaregåande opplæring.

I same periode vert det innarbeidd eit beløp tilsvarande midlane til sentrale tiltak og vitensentera (39 mill. kroner) i Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett.

Institusjonar som i dag mottar sentrale midlar, skal halde fram med å produsere tilbod i Den kulturelle skulesekken, sjølv om dei i framtida ikkje vil få spelemidlar. Dette vil kome tydeleg fram i tildelingsbreva.

I 2009 skal det innførast ein ny tippenøkkel. Regjeringa legg til grunn at spelemidlane til Den kulturelle skulesekken vil liggje på linje med årets beløp på 167 mill. kroner. Dersom beløpet skulle vise seg å verte mindre, må utvidinga til vidaregåande opplæring avpassast mot tilgjengelege midlar.