1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen gjer Justisdepartementet framlegg om å utvide straffansvaret for internasjonal barnebortføring.

Foreldreansvaret er avgjerande for om ein lovleg kan reise eller flytte med barnet sitt til utlandet. Har foreldra delt foreldreansvar, kan den eine ikkje lovleg ta med barnet til utlandet utan samtykke frå den andre (med unntak av kortare utanlandsopphald). Ei ulovleg barnebortføring er likevel berre straffbar når samværsforelderen bortfører barnet til utlandet. I proposisjonen går departementet inn for å utvide straffansvaret slik at ei ulovleg barnebortføring til utlandet sett i verk av han eller ho som barnet bur fast hos, også blir omfatta på visse vilkår. Det blir ikkje gjort framlegg om å innføre eit slikt utvida straffansvar for bortføring innanfor Noreg sine grenser.

Det blir i tillegg gjort framlegg om å endre påtaleregelen i straffelova 1902 § 216 tredje ledd slik at påtale også kan reisast dersom allmenne omsyn tilseier det.

I proposisjonen blir det også gjort framlegg om å endre straffeprosesslova § 323 og tvistelova § 30-3, slik at ankeutvalet i Høgsterett får utvida kompetanse til å treffe realitetsavgjerder under ankeprøvinga.

Departementet gjer også framlegg om nokre lovtekniske endringar som gjeld politiet sin påtalekompetanse. Bakgrunnen for desse framlegga er at ein ved nokre tidlegare endringar i straffelova 1902 har oversett eit behov for å oppdatere tilvisingar i straffeprosesslova om påtalekompetansen til politiet.

1.2 Utvida straffansvar ved internasjonal barnebortføring

Departementet går i proposisjonen gjennom reglane for kva som er ulovleg internasjonal barnebortføring etter norsk rett og det internasjonale regelverket som Noreg er bunde av i slike situasjonar. Deretter gjer departementet greie for relevante reglar for kva som kan reknast som straffbar internasjonal barnebortføring etter norsk rett, inkludert den nye straffeføresegna i straffelova 2005 § 261 som er vedteken av Stortinget, men enno ikkje i kraft. Endeleg vert det gjort greie for i kva grad norsk politi kan hjelpe – i den sivile prosessen med føremålet å få barnet returnert til Noreg, og i straffesaka med føremålet å få bortføraren tiltalt og straffa for handlinga.

Det visest til proposisjonen for denne gjennomgangen.

Departementet vurderte i høyringsnotatet om den strafferettslege sida av ulovleg internasjonal barnebortføring bør vere ulik alt etter om det er den som barnet bur fast hos, eller den som har samværsretten, som har bortført barnet. Departementet uttalte at straffef-øresegna om omsorgsunndraging skal verne foreldra sin rett til å gi omsorg og retten barnet har til å få omsorg. Dette blir sett spesielt på spissen i saker der barnet blir bortført til utlandet og kontakten med den andre forelderen blir heilt avskoren. Det prinsipielle utgangspunktet til departementet var at ein ikkje bør nytte straff i større utstrekning enn naudsynt.

Høyringa har styrkt departementet i synet på at straffansvaret for internasjonal barnebortføring bør bli utvida til også å omfatte bortføringar sette i verk av den forelderen barnet bur fast hos. Ulovleg internasjonal barnebortføring er eit aktuelt og alvorleg problem som kan vere til stor belastning for barnet og den forelderen som er att. Dessutan blir dei fleste internasjonale barnebortføringar no gjennomførte av hovudomsorgspersonen, som oftast mora til barnet. Den einsidige vekta som er tillagd omsynet til den daglege omsorga, kan synast å gi uttrykk for eit noko forelda samfunnsbilete. Sjølv om den daglege omsorga er viktig for barnet, vil også samværsforelderen ha viktige omsorgsfunksjonar. Departementet legg til grunn at det i utgangspunktet er i barnet si interesse å ha samvær med båe foreldra. Dette kjem mellom anna til utrykk i Barnekonvensjonen som slår fast at barn har rett til direkte kontakt og binding til båe foreldra så sant det er det beste for barnet. Som fleire av høyringsinstansane er inne på, legg også departementet vekt på at uavhengig av kven som står for bortføringa, vil barnet ved ei bortføring til utlandet bli unndrege frå sitt faste miljø i Noreg. Omsynet til barnet tilseier difor at det ikkje bør vere strafferettsleg skilnad på om det er den barnet bur fast hos eller den barnet har samvær med som bortfører det.

På bakgrunn av det ovannemnde fastheld departementet framlegget om å utvide straffansvaret ved internasjonale barnebortføringar slik at bortføringar sette i verk av den forelderen barnet bur fast hos, også blir omfatta på visse vilkår. Departementet vil likevel understreke at framlegget ikkje er meint å endre utgangspunktet om at sivilrettslege sanksjonar normalt er å føretrekkje. I nokre tilfelle vil det beste for barnet vere å unnlate strafferettsleg forfølging av saka, spesielt ved utanlandsbortføringar som ikkje har så mykje å si for barnet.

Departementet ser ikkje grunn til å utvide straffansvaret for barnebortføringar som skjer i Noreg. Straff for nasjonale barnebortføringar sette i verk av den forelderen barnet bur fast hos, vil kriminalisere meir enn det som er ulovleg etter den underliggjande sivile retten, jf. barnelova § 37 som slår fast at det er den som barnet bur fast hos, som avgjer kvar i Noreg barnet skal bu.

I høyringsnotatet reiste departementet spørsmålet om det bør vere eit vilkår for straff at den barnet blir ulovleg unndrege frå, ikkje berre har del i foreldreansvaret, men også har rett til samvær.

Det er i utgangspunktet omsynet til tilknytinga mellom foreldre og barn som skal vernast av føresegnene. Dersom forelderen som er att ikkje har eller utøver samværsrett med barnet, er det ikkje like innlysande kvifor han skal ha eit strafferettsleg vern. På den andre sida kan forelderen som er att frå nå av ønskje samvær (eit ønske som kan tenkjast å ha utløyst bortføringa), og lovgjevar skal leggje til rette for kontakt med båe foreldra. Departementet ser at det er grunn til å problematisere når vilkåret om samværsrett skal sjåast på som oppfylt. Dei bevismessige utfordringane kan vere store. På denne bakgrunn har departementet kome til at det ikkje bør vere eit krav om samværsrett.

Departementet ser ikkje grunn til å gi attverande forelder strafferettsleg vern dersom han har samværsrett, men ikkje del i foreldreansvaret. Omsynet til barnet kunne isolert sett tale for ei slik løysing, men departementet finn ikkje grunn til å kriminalisere meir enn det som er ulovleg etter den underliggjande sivile retten.

På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om å formulere lovteksten slik at vilkåret for straff er at den umyndige blir ulovleg unndregen frå ein som har foreldreansvar.

På bakgrunn av høyringa held departementet fast ved å endre påtaleregelen i straffelova 1902 § 216 tredje ledd slik at påtale også kan reisast dersom allmenne omsyn taler for det. Ei bortføring kan vere til stor belastning for barnet. Departementet går ut frå at det er til det beste for barnet at ein påtale ikkje er avhengig av om den andre forelderen politimelder handlinga, ettersom denne kan frykte, eller bli utsett for, press eller tvang frå bortføraren. Sidan det er omsynet til barnet som i stor grad grunngjev straffansvaret, må dette få avgjerande tyding.

1.3 Framlegg om ankeutvalet i Høgsterett sin kompetanse til å treffe realitetsavgjerder under ankeprøvinga

I brev 23. juni 2010 frå Justitiarius i Høgsterett vart Justis- og politidepartementet beden om å vurdere ei lovendring som ville gje Høgsteretts ankeutval utvida kompetanse til å treffe realitetsavgjerder under ankeprøvinga. Framlegget omfatta straffesaker og sivile saker.

Etter høyringa er departementet styrkt i si oppfatning om at ankeutvalet bør få utvida høve til å treffe realitetsavgjerder under ankeprøvinga.

I straffesaker går departementet inn for at utvalet får kompetanse til å avgjere anken når utvalet finn det klart at dommen eller ein del av dommen bør opphevast, eller at den sikta må frifinnast fordi handlinga ikkje er straffbar eller at straffansvaret har falle bort. I sivile saker gjer departementet framlegg om at utvalet får utvida kompetanse til å oppheve avgjerder når det ligg føre klare feil i lovbruken, eller klare feil i sakshandsaminga av anna karakter enn det som følgjer av tvistelova § 29-12 første ledd bokstav c jf. § 29-21 andre ledd.

Det er spesielt arbeidssituasjonen i Høgsterett som taler for lovendring. Høgsterett si sentrale oppgåve er å vareta rettseininga, foreta rettsavklaring og stake ut rettsutviklinga på viktige saksfelt. Eit viktig omsyn bak føresegnene om samtykke ved siling av ankar var såleis også å frita Høgsterett for saker utan prinsipiell verdi.

Saktilfanget i Høgsterett er betydeleg. I 2010 kom det inn 446 ankar over dommar i straffesaker og 426 ankar over dommar i sivile saker. Departementet meiner at framlegget vil kunne føre til betre utnyttig av dommarressursane i Høgsterett. Når avgjerda kan treffast av ankeutvalet vil handsaminga av desse sakene bli mindre tidkrevjande. Slik vil Høgsterett i større grad kunne konsentrere seg om saker av prinsipiell karakter.

Departementet antek vidare at framlegget kan verke prosessøkonomisk gunstig for partane. Det er i partanes interesse at saka blir avgjort innan rimeleg tid. Lang sakshandsamingstid kan føre til svekt bevismateriale og dårlegare grunnlag for å treffe riktige avgjerder. I tillegg vil ein kunne spare kostnader som er knytt til saka.

1.4 Påtale- og ankekompetansen til politiet

Ved nokre endringar i straffelova 1902 dei seinare åra har ein oversett at endringane førte med seg behov for justeringar i reglane i straffeprosesslova om politiet sin påtale- og ankekompetanse. Departementet foreslår no å rette opp dette. Framlegga har ikkje vore på høyring sidan ei alminneleg høyring må reknast å vere openbert unødvendig.

1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at endringane ikkje vil ha nevneverdige økonomiske og administrative konsekvensar.