Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget i § 13 i lova som gjev heimel for å opprette ei klagenemnd, vil føre til ein auke i dei administrative kostnadene på inntil 1 000 000 kroner i året. Departementet tilrår at kostnadene blir dekte innanfor det ordinære administrasjonsbudsjettet til Husbanken.

Når det gjeld føresegner om etterkontroll av inntekta og formuen til mottakarane, jf. § 10 i lova, kjem departementet tilbake til dei økonomiske konsekvensane av å innføre etterkontroll i framlegget til statsbudsjett for 2013.

Kostnadene til Statens innkrevjingssentral i samband med innkrevjing av krav på tilbakebetaling av bustøtte i § 11 skal dekkjast av Husbanken etter avtale. Korleis kostnadene blir dekte, vil gå fram av avtale som vil bli inngått mellom Husbanken og Statens innkrevjingssentral.

Det går fram av proposisjonen at framlegget elles ikkje kjem til å ha økonomiske og administrative konsekvensar.

Lova tek til å gjelde frå den datoen Kongen fastset.

Departementet kan gje forskrift om overgangsordningar for mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009. Slike overgangsordningar er allereie fastsette i forskrift om bustøtte § 29.

Frå denne lova tek til å gjelde, skal § 10 til og med § 12 i husbanklova opphevast. Dette gjeld føresegner om bustøtte, som no blir regulerte i lov om bustøtte. Det fører til at § 13 i husbanklova blir til ny § 10. Vidare blir det gjort endringar i § 1 andre leddet og § 9 i husbanklova.