Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om endringar i statsbudsjettet 2012 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 123 S (2012–2013)
  • Kildedok: Prop. 25 S (2012–2013) unntatt kap. 820, 821, 822, 3821 og 3822
  • Dato: 04.12.2012
  • Utgiver: familie- og kulturkomiteen
  • Sidetall: 5

Innhold

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2012 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.

1.2 Endringsforslag

Kap. 840 Krisetiltak

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Anslaget på utgifter på posten er 0,7 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgifta kjem av at det er etablert eit nytt incest- og valdtektssenter i Førde. Utgifter til dette senteret låg ikkje inne i dei opprinnelege budsjettføresetnadene.

BLD føreslår å auke løyvinga med 0,7 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling av meklingsgodtgjersle er 1,89 mill. kroner lågare samanlikna med Prop. 111 S (2011–2012).

BLD føreslår å redusere løyvinga med 1,89 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstøtte i 2012 er anslått til 1 235 mill. kroner, som er 35 mill. kroner meir enn løyvinga. Meirbehovet kjem av at fleire mottek kontantstøtte enn tidlegare lagt til grunn.

BLD føreslår å auke løyvinga med 35 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til barnetrygd i 2012 er anslått til 15 050 mill. kroner, som er 90 mill. kroner høgare enn løyvinga i Prop. 111 S (2011–2012). Dette kjem av auka anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar, som følgje av etterbetalingar (restansenedbygging)

BLD føreslår å auke løyvinga med 90 mill. kroner.

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Departementet føreslår at delar av midlane avsett til feiringa av Stemmerettsjubileet 2013, nyttast til tilskot til lokale og nasjonale prosjekt innanfor ramma av jubileet. Noko av forskings- og utviklingsmidlane på samlivs-, likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet vil bli nytta til tilskot til prosjekt innanfor dette politikkområdet.

BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 846 post 21 med 2,3 mill. kroner mot tilsvarande auke på post 70.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Løyvinga blir nytta til eingongsstønad til foreldre som adopterer barn frå utlandet. Det blir utbetalt færre eingongsstønader enn venta, og BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 3 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, som mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet og diverse kjøp av tenester innanfor barne- og ungdomsvernet.

BLD føreslår å redusere posten for å dekkje inn delar av meirutgiftene i det statlege barnevernet. Reduksjonen inneber å utsetje enkelte planlagde oppgåver til 2013. Prosjektet Rettledet praksis av nyutdanna og nytilsatte i barnevernet vil ikkje bli gjennomført i år.

BLD føreslår å redusere kap. 854 post 21 med 9,4 mill. kroner for delvis å dekkje inn meirutgiftene på kap. 855.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga på posten skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som blir busette i kommunane.

Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette og kor stor del av alle einslege mindreårige som treng tiltak i barnevernet.

Grunna ein auke i talet på busette einslege, mindreårige asylsøkjarar og høgare refusjonar per barn, er behovet på posten høgare enn tidlegare føresett. Basert på venta utbetalingar i 2012, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 140 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

Løyvinga på posten dekkjer mellom anna tilskot til Atferdssenteret. BLD føreslår å redusere løyvinga for å dekkje inn delar av meirutgiftene i det statlege barnevernet. Tilskotet til Atferdssenteret er avkorta i 2012 som følgje av for mykje utbetalt tidlegare år.

BLD føreslår å redusere kap. 854 post 72 med 4,8 mill. kroner for delvis å dekkje inn meirutgiftene på kap. 855.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 22 kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1

Kap. 855, postane 1, 22 og 60 må sjåast i samanheng. Løyvinga blei styrka med 50 mill. kroner i Prop. 111 S (2011–2012), for å dekkje forventa meirutgifter knytte til aktivitetsvekst i 2012.

Ein føresetnad for å oppnå budsjettbalanse i 2012 var mellom anna tilstrekkeleg kapasitetsutnytting i statens eigne institusjonar og at bruken av private institusjonar måtte reduserast. Bufetat har ikkje klart å oppfylle desse føresetnadene i tilstrekkeleg grad. Saman med ein noko høgare aktivitetsvekst enn lagt til grunn for Prop. 111 S (2011–2012), gir dette eit meirbehov i 2012 på 95 mill. kroner.

Etaten har i tillegg eit meirbehov på 40,8 mill. kroner grunna ein vanskeleg økonomisk situasjon i Region Vest. Situasjonen i Region Vest er knytt til vekst i talet på barn og unge med behov for tiltak frå det statlege barnevernet, og utfordringar knytte til institusjonstilbodet i regionen.

Meirbehovet utgjer dermed 135,8 mill. kroner, og departementet føreslår å auke kap. 855 post 22 med 90,8 mill. kroner og post 60 med 45 mill. kroner.

Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har redusert investeringar for å redusere meirutgiftene på kap. 855. BLD føreslår å redusere kap. 855 post 45 med 47,4 mill. kroner for å dekkje inn delar av meirutgiftene på kap. 855.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

Løyvinga på posten skal dekkje utbetalingar til pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten overtok det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien blir rekna ut årleg ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjeret og førre års avkastningar frå premiefond. Reguleringspremien varierer følgjeleg kvart år.

BLD føreslår derfor å auke kap. 858 post 22 med 19,2 mill. kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2012 er anslått til 15 780 mill. kroner, som er 555,3 mill. kroner lågare enn løyvinga. Mindrebehovet kjem hovudsakleg av nedjusterte tal på barn i den aktuelle aldersgruppa og den delen det blir utbetalt foreldrepengar for.

BLD føreslår å redusere løyvinga med 555,3 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad i 2012 er anslått å bli 355 mill. kroner, som er 0,3 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 0,3 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar i 2012 er rekna ut til å bli 410 mill. kroner, som er 10 mill. kroner mindre enn løyvinga.

Departementet føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 72 med 10 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2012 er rekna ut til å bli 90 mill. kroner, som er 25 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett. Nytt anslag er i hovudsak basert på ein nedgang i antall utbetalinger av foreldrepengar ved adopsjon på 15 prosent frå 2011.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 25 mill. kroner.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter i mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Ifølgje dei seinaste prognosane vil det i gjennomsnitt ha vore 70 barn i omsorgssentra i 2012. Dette er 10 færre enn venta ved revidert nasjonalbudsjett i år. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 14,43 mill. kroner.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Gunn Karin Gjul, Kåre Simensen, Arild Stokkan-Grande og Lene Vågslid, frå Fremskrittspartiet, Solveig Horne, Øyvind Korsberg og Ib Thomsen, frå Høgre, Linda C. Hofstad Helleland og Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, Rannveig Kvifte Andresen, frå Senterpartiet, Olov Grøtting, og frå Kristeleg Folkeparti, Øyvind Håbrekke, syner til regjeringas forslag og støtter dette.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til tilleggsbevilgningen under kap. 855 post 22 i Prop. 25 S (2012–2013). Disse medlemmer mener det er svært viktig at hvert enkelt barn under barnevernets omsorg må få et best mulig tilpasset tiltak så raskt som mulig, og mener regjeringens stadige nedbygging av institusjonsbarnevern og bruk av private tjenester er urovekkende i så måte. At en heller ikke har klart å rekruttere nok fosterhjem hjelper ikke på situasjonen, og disse medlemmer mener at det er viktig at vi har tilstrekkelige hjelpetiltak til de barna som trenger hjelp fra staten. Nettopp derfor er det viktig å ha et mangfold innenfor barnevernet, og disse medlemmer er av den oppfatning at private og ideelle barnevernsinstitusjoner sitter på mye og variert kompetanse. De private institusjonene har vist seg å være fleksible og egnet til å gi barna skreddersydde tiltak med gode resultat.

Disse medlemmer registrerer derfor med interesse at regjeringen nå ser at det reelle behovet for bruk av private barnevernstjenester er høyere enn anslagene som lå til grunn i Prop. 1 S (2011–2012).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre registrerer også at regjeringen innrømmer utfordringer knyttet til å ha nok institusjonsplasser – særlig i Region Vest, hvor utfordringen knyttet til institusjoner er kjent fra før – og vil i forlengelsen av dette vise til partienes forslag i Innst. 14 S (2011–2012), samt videreføringen i Innst. 14 S (2012–2013). Disse medlemmer påpeker at partiene i begge innstillinger har foreslått å øke midlene til kjøp av private barnevernstjenester, og således tar til orde for et solid løft hva gjelder mangfoldet innen barnevernstjenester.

3. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga vert fremma av medlemene frå ein samla komité.

Komiteen syner til proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak

I statsbudsjettet for 2012 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

840

Krisetiltak

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving, blir auka med

700 000

frå kr 70 000 000 til kr 70 700 000

841

Samliv og konfliktløysing

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, blir redusert med

1 892 000

frå kr 14 261 000 til kr 12 369 000

844

Kontantstøtte

70

Tilskot, overslagsløyving, blir auka med

35 000 000

frå kr 1 200 000 000 til kr 1 235 000 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, overslagsløyving, blir auka med

90 000 000

frå kr 14 960 000 000 til kr 15 050 000 000

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, blir redusert med

2 300 000

frå kr 26 535 000 til kr 24 235 000

70

Tilskot, blir auka med

2 300 000

frå kr 15 501 000 til kr 17 801 000

852

Adopsjonsstønad

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, blir redusert med

3 000 000

frå kr 15 358 000 til kr 12 358 000

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71, blir redusert med

9 400 000

frå kr 82 648 000 til kr 73 248 000

65

Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir auka med

140 000 000

frå kr 920 000 000 til kr 1 060 000 000

72

Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet, blir redusert med

4 800 000

frå kr 51 828 000 til kr 47 028 000

855

Statleg forvalting av barnevernet

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1, blir auka med

90 800 000

frå kr 1 612 824 000 til kr 1 703 624 000

45

Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med

47 400 000

frå kr 67 955 000 til kr 20 555 000

60

Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 1, blir auka med

45 000 000

frå kr 180 297 000 til kr 225 297 000

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

22

Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar, blir auka med

19 200 000

frå kr 31 035 000 til kr 50 235 000

2530

Foreldrepengar

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, blir redusert med

555 300 000

frå kr 16 335 300 000 til kr 15 780 000 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, blir auka med

300 000

frå kr 354 700 000 til kr 355 000 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, blir redusert med

10 000 000

frå kr 420 000 000 til kr 410 000 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving,blir redusert med

25 000 000

frå kr 115 000 000 til kr 90 000 000

Inntekter

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter, blir redusert med

14 430 000

frå kr 115 440 000 til kr 101 010 000

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 4. desember 2012

Gunn Karin Gjul

leiar og ordførar