13. Hjemmel for skattekontoret til å endre vedtak til fordel for skattyter under den forberedende klagesaksbehandlingen

13.1 Sammendrag

Departementet foreslår at skattekontoret skal få heimel i likningslova til å endre eit vedtak i ei endringssak til fordel for skattytaren under den førebuande klagesakshandsaminga. Etter gjeldande rett må skatteklagenemnda avgjere saka sjølv om skattekontoret meiner at skattytaren skal få medhald i klagen. Føremålet med forslaget er å redusere talet på saker for skatteklagenemnda. Forslaget kan også føre til kortare sakshandsamingstid i saker der skattekontoret gir skattytaren medhald i klagen.

Den foreslåtte føresegna er forma etter mønster frå forvaltningslova § 33 andre ledd andre punktum. Det gir skattekontoret den same heimelen til å endre vedtaket sitt i saker det førebur for skatteklagenemnda som i saker for Klagenemnda for meirverdiavgift.

Departementet foreslår i tillegg ei endring i føresegnene om sakskostnader for at skattytaren skal ha same rett til å få dekt slike kostnader når skattekontoret gjer om vedtaket som når skatteklagenemnda gir han eller ho medhald i klagen.

Forslaga i dette kapittelet fører til endringar i likningslova §§ 9-8 og 9-11.

Statistikk frå Skattedirektoratet viser at skatteklagenemnda i 2012 handsama 3 507 klagesaker. Skattytaren fekk fullt medhald i 888 av sakene og delvis medhald i 633 saker. Dei tilsvarande tala for 2010 og 2011 var 3 712 og 3 829 klagesaker, der skattytaren fekk fullt medhald i 694 og 982 saker og delvis medhald i 767 og 685 saker.

Det er grunn til å tru at i ein vesentleg del av dei sakene der skattytaren fekk medhald, var vedtaket frå skatteklagenemnda i samsvar med innstillinga frå skattekontoret.

Fleire grunnar talar for at skattekontoret bør kunne fatte vedtak til fordel for skattytaren under den førebuande klagesakshandsaminga. For det første vil talet på saker som skatteklagenemnda skal avgjere, bli redusert. Skatteklagenemnda treng ikkje handsame saker der skattekontoret meiner at skattytaren bør få medhald i klagen. Nemnda kan dermed konsentrere seg om dei sakene der skattekontoret og skattytaren ikkje er einige om løysinga. For det andre er det grunn til å tru at arbeidsbøra til skattekontoret vil bli mindre om det sjølv kan avgjere saka. Skattekontoret slepp å lage innstilling til nemndsvedtak. Vedtaket frå skattekontoret vil i mange høve vere kortare enn eit nemndsvedtak, mellom anna fordi saksforholdet er kjent frå før både for skattekontoret og skattytaren. For det tredje vil det også for skattytaren vere ein fordel om skattekontoret får heimel til å avgjere saka fordi sakshandsamingstida vil bli kortare som følgje av at skattekontoret ikkje må sende saka til nemnda.

Departementet kjenner til at behovet for at skattekontoret skal kunne avgjere klagesaker i praksis til ein viss grad blir dekt ved at skattekontoret sjølv tek sakene opp til endring etter likningslova § 9-5 nr. 1 bokstav b. For at det skal vere høve til å bruke denne heimelen er det likevel eit vilkår at det faktiske grunnlaget for vedtaket som blir endra, var uriktig eller ufullstendig. Dette vilkåret vil ikkje vere oppfylt i alle saker der skattytaren får medhald i klagen. Når skattekontoret tek saker opp til endring, har skattytaren heller ikkje høve til å få dekt sakskostnadane sine fordi det etter likningslova § 9-11 er eit krav om at det er skatteklagenemnda som endrar vedtaket til fordel for skattytaren.

Alle høyringsinstansane som har uttala seg i saka, er positive til at skattekontoret skal få heimel til å gjere om vedtak det sjølv har fatta til fordel for skattytaren. Fleire av instansane viser til dei nemnde grunnane som grunnlag for synet sitt. Den Norske Advokatforening uttalar i tillegg at forslaget vil lette sakshandsaminga i skattesaker og dermed styrkje rettstryggleiken til skattytaren.

Departementet går derfor inn for at skattekontoret skal få heimel til å endre vedtaket sitt til fordel for skattytaren under den førebuande klagesakshandsaminga for skatteklagenemnda. Departementet foreslår å gjennomføre lovendringa ved at det i likningslova § 9-8 nr. 1 andre punktum blir teken inn ei føresegn om at skattekontoret kan avgjere klagar etter § 9-2 nr. 1 bokstav b. Føresegna vil vere eit unntak frå § 9-8 nr. 1 første punktum som fastset at saker som blir tekne opp til endring etter §§ 9-2 og 9-5, skal avgjerast av det organet som er nemnd i desse føresegnene. Som tidlegare nemnt følgjer det av § 9-2 nr. 1 bokstav b at skattytaren kan klage vedtak frå skattekontoret inn for skatteklagenemnda.

Den foreslåtte føresegna er forma etter mønster frå forvaltningslova § 33 andre ledd andre punktum. Forvaltningslova gjeld i dag utfyllande i saker om meirverdiavgift, jf. meirverdiavgiftslova § 13-1. Skattekontoret får dermed den same heimelen til å fatte vedtak under handsaminga av skattesaker som i saker det førebur for Klagenemnda for meirverdiavgift. Det er grunn til å tru at dette vil gjere skattekontoret si handsaming av saker som både gjeld skatt og meirverdiavgift, meir effektiv.

Om dekning av sakskostnader

Det følgjer av likningslova § 9-11 nr. 1 første punktum at skattekontoret skal tilkjenne skattytaren sakskostnader når skatteklagenemnda endrar ei likningsavgjerd til fordel for skattytaren. Høvet til å få dekt sakskostnader bør vere den same når skattekontoret gjer om vedtaket sitt under den førebuande klagesakshandsaminga. Departementet gjekk derfor i høyringsnotatet inn for ei endring i § 9-11 nr. 1 andre punktum for at det skal vere heimel til å tilkjenne sakskostnader i desse sakene. Gjeldande andre punktum blei foreslått flytta til nytt tredje punktum med ei endring i utforminga slik at det også gjeld vedtak frå skattekontoret.

Bedriftsforbundet, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening og Skattedirektoratet støttar forslaget. Ingen andre høyringsinstansar har hatt merknader.

Departementet held i proposisjonen her fast på forslaget frå høyringsnotatet. Dei generelle vilkåra i § 9-11 om at skattytaren sjølv må setje fram krav om sakskostnader, at kostnadene må vere vesentlege, pådratte med god grunn og at det ville vere urimeleg om skattytaren måtte dekke dei sjølv, skal gjelde også når skattekontoret gjer om vedtak under den førebuande klagesakshandsaminga.

Økonomiske og administrative følgjer

Departementet legg til grunn at forslaget samla sett ikkje vil ha store økonomiske og administrative følgjer for skatteetaten eller skattytarane.

Forslaget vil redusere dei ressursane som skatteetaten må bruke til å handsame klagar på vedtak frå skattekontoret. For det første vil skatteklagenemnda få færre saker til handsaming. For det andre er det grunn til å tru at skattekontoret i mange saker vil bruke mindre tid på sjølv å fatte vedtak enn å lage innstilling til vedtak i skatteklagenemnda.

Forslaget vil venteleg føre med seg at sakshandsamingstida blir kortare i saker der skattekontoret gir skattytaren medhald i klagen.

I saker der skattekontoret berre gir delvis medhald i klagen og skattytaren vel å bringe saka vidare til skatteklagenemnda, vil den samla ressursbruken hos skatteetaten og skattytaren i einskilde saker kunne bli noko større enn i dag.

Vilkåra for å tilkjenne sakskostnader vil vere dei same anten det er skatteklagenemnda eller skattekontoret som har gitt skattytaren medhald. Departementet reknar derfor med at forslaget om at skattytaren skal få dekt sakskostnader når skattekontoret endrar vedtaket sitt, verken vil ha økonomiske følgjer for det offentlege eller skattytarane.

13.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at det er viktig å styrke skattyters stilling. Disse medlemmer har derfor gjennom en årrekke tatt til orde for at norske myndigheter må forlate prinsippet i skattesaker om at skattemyndighetene har rett og skattyter tar feil. Disse medlemmer vil særlig vise til representantforslaget i Dokument 8:17 S (2010–2011) om å bedre rettssikkerheten for skattyter. Disse medlemmer er positive til skattekontoret skal kunne fatte vedtak i saker der skattekontoret mener at skattyteren skal få fullt medhold i klagen. Disse medlemmer støtter også at skattekontoret skal kunne fatte vedtak i saker der skattekontoret mener at skattyteren skal få delvis medhold i klagen, men understreker at det er viktig at skattyteren får fullgod informasjon om muligheten til å klage på nytt eller opprettholde klagen. Disse medlemmer vil understreke at poenget ikke skal være at skatteetaten skal kunne teste ut svake og uklare regler med skattyter som motpart i rettsapparatet. Disse medlemmer vil også understreke at det er uakseptabelt hvis skattemyndighetene setter korte tidsfrister når de forlanger besvarelse av et forhold, mens de selv til tider tar seg meget god tid til å svare skattyter.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre støtter forslaget om at skattekontoret skal få hjemmel til å endre sitt vedtak til fordel for skattyter under den forberedende behandling av en klagesaksbehandling. Disse medlemmer støtter også forslaget når skattyter bare får delvis gjennomslag for sin klage og forutsetter at den opprinnelige klagen kan brukes som grunnlag dersom skattyter opprettholder klagen på de delene av klagen der han ikke får medhold. At skattekontorene også får myndighet til å tilkjenne skattyter saksomkostninger når de innfrir klage, er en selvfølgelig del av lovendringen som foreslås.

Disse medlemmer vil minne om at skattyters rettssikkerhet har vært et tema oppe til debatt helt siden NOU 2009:4 «Tiltak mot skatteunndragelser» fra det såkalte Skatteunndragelsesutvalget ble offentliggjort, første gang gjennom en interpellasjon fra Høyre den 25. mai 2010, men også bl.a. i Dokument 8:1 S (2012–2013). Disse medlemmer ser forenklet behandling av klagesaker der skattekontoret gir klager medhold som et lite skritt i riktig retning. Dette vil gi skatteklagenemndene bedre mulighet til en grundig behandling av de sakene der uenigheten mellom skattekontoret og skattyter opprettholdes. Forslaget bedrer imidlertid ingenting ved de prinsipielle innvendinger disse medlemmer har hatt mot selve klageprosessen og skattyters mulighet til å fremme sin egen sak for skatteklagenemndene.