14. Rapportering til skatteetaten av utbetaling av erstatning og forsikring for personskade til barn og unge

14.1 Sammendrag

Etter likningslova § 6-7 har forsikringsselskap og Norsk pasientskadeerstatning plikt til å levere oppgåver over utbetaling til forsikra og skadelidne. På denne måten kan innsamla grunnlagsdata om beløp som er skattepliktig inntekt bli lagt inn i førehandsutfylt sjølvmelding. Vidare vil informasjonen syte for at dei som oppfyller vilkåra for fritak for skatt på formue for utbetaling av forsikring til barn og unge for personskade eller tap av forsørgjar etter skattelova § 4-22, faktisk kan få fritak.

Desse omsyna gjer seg gjeldande på same måte for utbetaling frå andre utbetalarar av skadebot for personskade og tap av forsørgjar. Dette gjeld utbetaling frå for eksempel Kontoret for voldsoffererstatning, Yrkesskadeforsikringsforeningen, Trafikkforsikringsforeningen og Legemiddelansvarsforeningen. Behovet for rapportering er ytterlegare aktualisert ved ei nyleg endring av skattelova § 4-22 som utvidar fritaket for skatt på formue for utbetalingar til barn og unge for personskade eller tap av forsørgjar, jf. Prop. 70 L (2012–2013). Departementet foreslår derfor at plikta til å gi oppgåve i likningslova § 6-7 blir utvida til å gjelde generelt for utbetaling av skadebot for personskade og tap av forsørgjar.

Skadebot for personskade og tap av forsørgjar kan komme frå ein privatperson. Det er lite føremålstenleg å gi privatpersonar ei slik plikt til å gi oppgåve. Departementet foreslår at desse blir unntatt.

I medhald av lov 26. april 2013 nr. 16 om endringer i ligningsloven og merverdiavgiftsloven mv. (kontrollbestemmelser og personalliste) blir gjeldande likningslov § 6-7 flytt til ny § 5-5 nr. 3 når endringslova tek til å gjelde 1. juli 2013. Departementet har følgjeleg laga forslag til lovendring i ny § 5-5 nr. 3 i likningslova som tek til å gjelde frå same tidspunkt. Departementet viser til forslag til endring i likningslova § 5-5 nr. 3. Endringa får verknad for utbetalingar etter 1. januar 2013. Opplysningar om utbetalingar i inntektsåret 2013 skal den opplysningspliktige levere i januar 2014.

14.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.