15. Skattefrie gevinster – justering i vedtakskompetansen

15.1 Sammendrag

Departementet foreslår ei mindre justering i vedtakskompetansen i skattelova § 5-50 om skattefrie gevinstar mv.

Etter skattelova § 5-50 blir tilfeldige gevinstar frå konkurransar, spel, lotteri o.l. rekna som skattepliktig inntekt. I § 5-50 andre ledd er det gitt enkelte unntak frå skatteplikta. Etter andre ledd bokstav e er det skattefritak for gevinst frå «offentlig tilgjengelige tiltak arrangert av massemedier.» I same føresegn er Finansdepartementet gitt kompetanse til i tvilstilfelle å «vedta at et tiltak skal anses som arrangert av massemedier.» Departementet har òg kompetanse til å gi utfyllande reglar i forskrift, men denne forskriftskompetansen er ikkje nytta. Departementet tek berre stilling til om tiltaket kan reknast som arrangert av massemedia. Det er skatteetaten som avgjer om vilkåret om å vere offentleg tilgjengeleg er oppfylt.

Departementet foreslår å oppheve vedtakskompetansen til departementet slik at skatteetaten vil ta stilling til om alle vilkåra for fritak er oppfylt.

Det gjeldande skattefritaket for gevinstar vunne ved tiltak i massemedia blei innført i 1990. Tidlegare var det berre skattefritak for gevinstar frå offentlege pengespel, tiltak etter lotterilova og gevinstar vunne i kunnskaps- og ferdigheitskonkurransar. Fritaket for kunnskaps- og ferdigheitskonkurransar kunne nyttast på nokre gevinstar frå konkurransar i massemedia. Men dei fleste gevinstar frå tiltak i massemedia var skattepliktige. Avgrensinga mellom ulike typar konkurransar kunne vere vanskeleg, og i nokre tilfelle kunne skilnaden gi mindre rimelege resultat. Ein valde derfor eit vidare fritak for å få meir lik skattlegging av gevinstar frå tiltak i massemedia. Ved innføringa av det gjeldande fritaket såg ein likevel at det kunne bli behov for å presisere grensene for fritaket. Departementet fekk derfor kompetanse til å gi utfyllande reglar i forskrift, og til i tvilstilfelle å kunne vedta om eit tiltak skal reknast som arrangert av massemedia. Vedtakskompetansen blei gitt som ei sikring for tilfelle der det kunne vere vanskeleg å avgjere om tiltaket skulle reknast som arrangert av massemedia eller ikkje. Denne vedtakskompetansen inneber likevel ikkje at departementet kan treffe endeleg vedtak om gevinsten vil vere skattefri for mottakaren eller ikkje. Etter ordlyden er det to sjølvstendige vilkår som må vere oppfylte for at gevinsten er skattefri. Det eine er at tiltaket må vere arrangert av eit massemedium, og det andre er at tiltaket må vere offentleg tilgjengeleg for deltaking. Skatteetaten tek stilling til om det siste vilkåret er oppfylt.

Departementet har motteke særs få oppmodingar om å treffe vedtak etter føresegna. Ein meiner derfor at det ikkje lenger er behov for at departementet har slik vedtakskompetanse. Det er upraktisk at departementet tek stilling til om det eine vilkåret for skattefritak er oppfylt, når departementet ikkje tek stilling til andre fritaksvilkår. Departementet meiner vidare at arrangørane kan få tilstrekkeleg informasjon om skatteplikt for eit planlagt tiltak gjennom den alminnelege rettleiingsplikta hos skatteetaten. På denne bakgrunn foreslår departementet at vedtakskompetansen blir oppheva. Dette inneber at vedtakskompetansen etter føresegna blir samla hos skatteetaten. Skatteetaten vil ta stilling til alle vilkåra for skattefridom som ledd i den vanlege likninga. Kompetansen til å gi utfyllande reglar i forskrift blir halden oppe.

Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller monalege administrative følgjer.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Departementet viser til forslag om endring i skattelova § 5-50 andre ledd bokstav e.

15.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.