16.1 Sammendrag

16.1.1 Ligningsloven § 4-9 nr. 2

Likningslova § 4-9 har føresegner om levering av selskapsoppgåve for selskap der skattlegginga av overskotet og netto formue skjer på selskapsdeltakarane si hand. Likningslova § 4-9 nr. 2 tredje punktum gir reglane i likningslova §§ 4-3 nr. 3 og 4-4 om sjølvmelding tilsvarande verknad for selskapsoppgåver. Ved ei lovendring 15. desember 2000 blei daverande § 4-3 nr. 2 i likningslova oppheva samstundes som § 4-3 nr. 3 blei ny § 4-3 nr. 2. Tilvisinga i § 4-9 nr. 2 blei ved ein inkurie ikkje endra tilsvarande. Departementet foreslår at tilvisinga blir retta opp, og viser til forslag til oppretting av likningslova § 4-9 nr. 2.

16.1.2 Skattebetalingsloven § 5-1 tredje ledd

I lov 22. juni 2012 nr. 41 om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav blei det innført reglar om ei ny ordning med elektronisk skattekort. Ordninga får verknad frå og med inntektsåret 2014. I nytt tredje ledd i skattebetalingslova § 5-1 er det i andre punktum gitt reglar om at skattekontoret skal utarbeide nye skattetrekksmeldingar når det blir gjort endringar i skattekortet, eller når nye arbeidsgivarar etterspør eit skattekort. Etter departementet si vurdering er det ikkje nødvendig at skattekontora må utarbeide ei ny skattetrekksmelding når nye arbeidsgivarar etterspør eit skattekort. Opplysningane i skattetrekksmeldinga blir ikkje endra ved nye etterspørslar, og det er derfor berre behov for å utarbeide ei ny skattetrekksmelding når det blir gjort endringar i skattekortet. Av personvernsomsyn er det tilstrekkeleg at skattytar mottar ei melding om at ein ny arbeidsgivar har etterspurt skattekortet til skattytaren. Departementet foreslår derfor at dette blir retta opp, og viser til forslag til endring i skattebetalingslova § 5-1 i lov 22. juni 2012 nr. 41 om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav.

16.1.3 Skatteloven § 2-30 første ledd bokstav e

Etter ny lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken følgjer det av § 3 at Husbanken er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Kommunal- og regionaldepartementet. Som ein del av staten er Husbanken friteken for skatteplikt, jf. skattelova § 2-30 første ledd bokstav b. Det er derfor ikkje lenger behov for eit eksplisitt skattefritak for Husbanken i skattelova § 2-30 første ledd bokstav e nummer to. På denne bakgrunn foreslår departementet å oppheve det særskilte skattefritaket for Husbanken i skattelova § 2-30 første ledd bokstav e nummer to.

16.1.4 Skatteloven § 5-43 første ledd bokstav f

Det er innført ny lov 24. august 2012 om bustøtte (bustøttelova). Lova er meint å samle tidlegare reglar og stortingsvedtak omkring bustøtte. Stønad til husleige er ei skattefri yting i medhald av skattelova § 5-43 første ledd bokstav f. Gjeldande føresegn i skattelova viser til lov om Husbanken. Stønad til husleige er no regulert av den nye bustøttelova, og departementet foreslår å endre paragrafen slik at den viser til riktig lov.

16.1.5 Skattlegging ved uttak av eiendeler og forpliktelser frå norsk beskatningsområde

Ved lov 12. desember 2008 nr. 99 blei det, med verknad frå og med 7. oktober 2008, vedtekne generelle lovføresegner om skattlegging av latente gevinstar ved uttak av eigedelar og skyldnader frå norsk skattleggingsområde. Departementet viser til skattelova § 9-14, jf. § 14-27 og Ot.prp. nr. 1 (2008–2009) kapittel 8.

Reglane om skattlegging ved uttak av enkeltobjekt frå norsk skattleggingsområde går ut på at latent gevinst på eigedel eller skyldnad som mister tilknyting til norsk skattleggingsområde skal skattleggjast som om eigedelen eller skyldnaden var realisert. Reglane skil mellom på den eine sida fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader, og på den andre sida immaterielle eigedelar og objekt meint for omsetnad. Ved uttak av fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader kan skattytar krevje at skattebetalinga skytast fram til tidspunktet for faktisk realisasjon.

Ved lov 22. juni 2012 nr. 40 blei det vedtekne fleire endringar i føresegna i skattelova § 9-14. Departementet viser til Prop. 112 L (2011–2012) kapittel 2. Endringane gjaldt i hovudsak føresegna om utsett skattebetaling ved uttak av fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader.

Med frist til 21. mars 2013 sendte departementet 21. desember 2012 på høyring forslag om opprettingar og klargjeringar av skattelova §§ 9-14 og 14-64. Det kom berre ein høyringsmerknad til lovforslaget. Merknaden gjaldt den språklege utforminga av eit av departementet sine forslag til oppretting av lovtekst, sjå punkt 16.5.3 i proposisjonen.

Om klargjering av føresegna om fastsetting av skattepliktig inntekt ved uttak av objekt i deltakarlikna selskap o.a., sjå punkt 16.5.2 i proposisjonen.

Om oppretting av lovtekst i skattelova § 9-14 niande ledd andre punktum, sjå punkt16.5.3 i proposisjonen.

Om skattytars plikt til å levere oppgåve med utrekning av gevinst, sjå punkt 16.5.4 i proposisjonen.

Endringane vil ikkje ha økonomiske eller administrative følgjer.

16.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.