Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2.3 Generelle merknader fra Senterpartiet

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at Senterpartiet arbeider for rettferdig utjamning mellom sosiale grupper, mellom regionar og mellom fattige og rike land i verda. Denne utjamninga bør skje gjennom eit samspel mellom marknaden, det frivillige og det offentlege. Rettferdig fordeling er ein av grunnpilarane i det norske velferdssamfunnet. Menneske som har like økonomiske og sosiale sjansar, vil møtast på mange arenaer og danne fellesskap. Dette skapar tillit og samhald i samfunnet. Denne medlemen viser til at Senterpartiet vil arbeide for å oppretthalde dette gjennom vår norske arbeids-, velferds- og skattemodell.

Denne medlemen meiner det er eit politisk ansvar å sørgje for balansert regional utvikling, ein aktiv distriktspolitikk og tilgang til kompetent arbeidskraft i alle delar av landet.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet vil stimulere til meir bruk av norsk som fagspråk for å halde på mangfaldet i det norske språket, og for å skape eit meir inkluderande arbeids- og samfunnsliv der alle meistrar språket som blir bruka. Denne medlemen viser til at Senterpartiet vil motverke at norsk språk blir utfasa på ulike samfunns- eller fagområde.

Denne medlemen viser vidare til at Senterpartiet meiner at nøkkelen til integrering ligg i aktivitet – i arbeidslivet, på skulen og i lokalsamfunnet. Derfor bør det leggjast opp til at innvandrarar så raskt som mogeleg buset seg i ein kommune, får ein tenleg bustad, deltek på introduksjonsprogram, lærer norsk og kjem ut i jobb eller startar på utdanning. Velferdsordningar som er retta mot innvandrarar eller som i stor grad blir nytta av innvandrarar, bør vere aktivitetsbaserte for å hindre passivisering. Likestilling er ein heilt fundamental del av integreringa og medverknaden i det norske samfunnet. Det norske samfunnet er bygt opp rundt toinntektsfamiliar. Å sikre at også innvandrarfamiliar blir toinntektsfamiliar er det viktigaste enkelttiltaket for å hindre fattigdom i innvandrarbefolkninga.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet støttar den innsatsen frivillig arbeid medverkar til og difor vil gje organisasjonane gode og stabile rammer og eit trygt økonomisk grunnlag.

Denne medlemen viser til at Senterpartiets mål i velferdspolitikken er å utjamne geografiske og sosiale skilnader, å gje alle tilgang til utdanning og helsestell av god kvalitet, å sikre eit arbeidsliv med plass til alle, å sørgje for robuste og berekraftige velferdsordningar og å ta vare på den norske velferdsmodellen. For å oppnå dette støttar vi opp om ein sterk offentleg sektor, som er garantisten for gode velferdstenester i heile landet.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet ønskjer at samfunnet skal ha eit sterkt tryggingsnett i form av velferdsytingar for dei som treng det permanent eller i fasar av livet. Denne medlemen vil slå ring om viktige velferdsytingar som sjukelønn, alderspensjon og uføretrygd. For at velferdstenestene skal vere gode nok for dei som treng det, må vi sørgje for at dei er økonomisk berekraftige på sikt. Derfor meiner denne medlemen vi både må hindre vekst i tal på stønadsmottakarar og avgrense omfanget og talet på velferdsordningane. Når ei gruppe blir tilbode ein rett, får ei anna gruppe plikt til å oppfylle denne retten. I praksis inneber denne plikta ofte i å betale meir skatt for å finansiere nye eller betre velferdsordningar. Fordi alle må betale skatt, meiner denne medlemen det er rett og viktig at alle også får tilgang til velferdsgoda. Derfor bør universelle velferdsordningar vere hovudregelen. Velferdsytingane må vere utforma på ein slik måte at dei byggjer opp under arbeidslinja. Denne medlemen støttar måla i pensjonsreforma, som stimulerer til arbeid og samtidig gjev valfridom til å velje tidspunkt for å velje når ein vil gå av med pensjon. Denne medlemen støttar også uførereforma, som gjev meir fleksibilitet for dei som ønskjer å utnytte restarbeidsevna si. Det er grunnleggjande for å oppretthalde arbeidslinja at ingen skal kunne ta imot meir i velferdsytingar enn det dei kunne ha rekna med å tene som lønnsmottakarar. Fleirtalet av velferdsytingane bør også vera knytte til aktivitetsplikt. Permanente ytingar, som uføretrygd, skal ikkje gjevast til personar som har lidingar som kan ventast å gå over eller som kan kurerast.

Denne medlemen meiner aktivitetsplikt skal vere hovudregelen for mottakarar av offentlege stønader. Aktivitet gjer at terskelen for å kome inn i arbeidslivet blir lågare. Denne medlemen viser til at Senterpartiet ikkje går inn for å redusere dagens stønader, men heller stille større krav om aktivitet der det er mogeleg. Denne medlemen vil verne om sjukelønnsordninga.

Permanent uføretrygd skal ikkje godkjennast for personar under 40 år, unnateke der det er openbert at vedkomande ikkje vil kunne kome i arbeid seinare. Dette medlem meiner det bør væra ei klar hovudregel om at det kan stillast krav om arbeid og aktivitet for dei som tek imot sosialstønad

Denne medlemen viser til at Senterpartiet har som mål at flest mogeleg skal jobbe, og at arbeidslivet skal ha ordna tilhøve og plass til alle. For å sikre dette støttar vi opp om trepartssamarbeidet, avtala om inkluderande arbeidsliv og reformer som gjer det lettare å kombinere arbeid med pensjon og andre velferdsytingar. Arbeidskrafta er den viktigaste ressursen vår. Derfor er arbeidslinja ein føresetnad for å oppretthalde det høge velferdsnivået i Noreg. Eit variert arbeidsliv er nykelen til å gje alle høve til å finne ein arbeidsplass som passar for dei, og er dermed også nykelen til høg sysselsetjingsgrad. Derfor vil denne medlemen halde fram med å arbeide for at vi skal oppretthalde eit mangfald av næringar, bedrifter og organisasjonar i Noreg, og at desse skal ha høve til å utvikle seg i alle delar av landet. Denne medlemen vil arbeide for balanserte løysingar som varetek behova både for arbeidsgjevar og arbeidstakar og for overordna regelverk som gjev gode vilkår for arbeidstakarar og hindrar sosial dumping.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet ønskjer ei sterk arbeidsmiljølov som sikrar ordna forhold i arbeidslivet. Samtidig går vi inn for at styresmaktene, saman med partane i arbeidslivet, gjer ein gjennomgang der dei vurderer behovet for å gjere forbetringar i dagens arbeidsmiljølov. Målet er å kunne innfri nye krav i arbeidslivet, samtidig som rettane til arbeidstakarane blir sikra. Yrkesdeltaking bør vere målet også for personar som til dømes er funksjonshemma og difor har nedsett funksjonsevne. Dette tyder at vi må ha eit arbeidsliv som er tilstrekkeleg fleksibelt og ope, slik at alle som har arbeidsevne får sleppe inn. I tillegg bør ein i langt større omfang satsa på lønnstilskot til arbeidsgjevar i staden for passive ytingar til personar med nedsett arbeidsevne. Dermed vil desse personane få utbetalt vanleg løn for sitt arbeid. Denne medlemen vil slå ring om at faste tilsetjingar skal halde fram med å vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Vidare vil denne medlemen arbeide for å unngå ufrivillig deltid, heve den generelle aldersgrensa i arbeidslivet og over tid fase ut ulike særaldersgrenser.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet i sitt alternative statsbudsjett prioriterer 1 000 fleire tiltaksplassar for personar med varig og midlertidig nedsett arbeidsevne. Personar med nedsett arbeidsevne blir i dag pressa ut av arbeidsmarknaden. Utstøytingsmekanismane er fleire, men ein kraftig auke i omfanget av personar frå EU-land der løns- og kostnadsnivået er monaleg lågare enn det norske, har pressa ned løner i fleire sektorar og svekka arbeidsvilkåra til dei tilsette. Ung og frisk utanlandsk arbeidskraft framstår for arbeidsgjevarar ofte som meir attraktiv enn arbeidstakarar som treng noko eller mykje tilrettelegging. Alle som bur i et EU- eller EØS-land kan med dagens regelverk søka arbeid i Noreg. Fram til no har desse representert eit fleksibelt reservoar av relativt rimeleg arbeidskraft for mange arbeidsgjevarar. Denne medlemen meiner dette systemet korkje er solidarisk eller berekraftig på sikt.

Denne medlemen arbeider for eit godt regulert arbeidsliv med norske løns- og arbeidsvilkår der det ikkje er sosial dumping.

Denne medlemen er motstandar av lovfesta minstelønn, men vil bruke ordninga med allmenngjering av tariffavtaler som eit verkemiddel i kampen mot sosial dumping. Vidare vil denne medlemen verne om frontfagsmodellen som grunnverktøy i lønnsforhandlingar.

Denne medlemen viser også til at Senterpartiet i sitt alternative statsbudsjett prioriterer 250 fleire tiltaksplasser i ordninga «Raskere tilbake» og gjev 200 fleire personar ein moglegheit til å koma inn under ordninga «Tidsubestemt lønnstilskudd». Vidare prioriterer Senterpartiet 250 fleire tiltaksplassar for Varig tilrettelagt arbeid (VTA) og styrkjer ordninga med Funksjonsassistanse i arbeidslivet.

Denne medlemen viser til at i Senterpartiet sitt alternative budsjett blir løyvingane til hjelpemiddel under arbeid og utdanning auka, noko som vil medverka til å gjera kvardagen enklare for mange. Denne medlemen viser til at Senterpartiet også foreslår å vidareføra tilskot til bil klasse 1 samstundes som forslaget om ei styrka tilskotordning for bil klasse 2 blir støtta. Denne medlemen viser vidare til auka løyvingar til betring av funksjonsevna slik at fleire med lese- og skrivevanskar kan få PC tilrettelagt for seg. Løyvingane til Bedring av funksjonsevnen blir også auka.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet i sitt alternative statsbudsjett foreslår å reversera forslaget om auka inntektsgrense for sjukepengar, både for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande. Denne medlemen viser også til at Senterpartiet forbetrar omsorgspengeordninga for sjølvstendig næringsdrivande ved å likestilla denne med arbeidstakarar.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet var ein del av fleirtalet som i 2011 vedtok å vidareføra det behovsprøvde barnetillegget i ny uføretrygd. Denne medlemen går difor imot forslaget frå regjeringa om å endra det behovsprøvde barnetillegget til eit standardisert tillegg.

Denne medlemen viser til at omfanget av utanlandsk arbeidskraft i Noreg dei siste åra har auka kraftig som følgje av at Noreg er ein del av Den europeiske unions (EUs) felles arbeidsmarknad gjennom EØS-avtalen. Til liks med EU er òg fri rørsle av varer, personar, tenester og kapital pilarane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS). Norske løns- og arbeidsvilkår blir svekka både som ein direkte konsekvens av EØS-avtalen gjennom regelverksutforming i EU som seinare har blitt innlemma i norsk lov, og fordi stadig fleire yrkesgrupper opplever negativt press på løns- og arbeidsvilkåra som følgje av det særs store omfanget av utanlandsk arbeidskraft frå land der løns- og kostnadsnivået er mykje lågare enn i Noreg.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet meiner at arbeidsinnvandring i løpet av dei siste tiåra har gjeve eit positivt tilskot til norsk økonomi og velferdsutvikling.

Denne medlemen viser til at eksport av velferdsordningar til EØS-området representerer ei utfordring for dei norske velferdssystema ettersom folk opparbeider seg velferdsrettar etter kort tids opphald i Noreg. På sikt utfordrar dette berekrafta til det norske velferdssystemet. Denne medlemen stiller spørsmål ved innretninga på ordningane og meiner Noreg må utfordre EØS-avtalen på dette området. Endringar må styrke dei universelle velferdsordningane i Noreg. Denne medlemen viser til at dette er ei aktuell sak som får mykje merksemd i fleire europeiske land.

Denne medlemen viser til at det er tendensar til at arbeidsinnvandring utfordrar lønsdanninga i Noreg, spesielt i yrke der ein ikkje treng å meistre norsk som arbeidsspråk. Denne medlemen meiner norske styresmakter må regulere arbeidslivet best mogeleg for å unngå dette.

Denne medlemen viser til at innvandring frå EU-land til Noreg utgjer eit monaleg tilskot til folkeoverskotet i alle regionar. Innvandring stiller oss overfor nye utfordringar når det kjem til korleis velferdssamfunnet skal innrettast. Den totale innvandringa må ikkje vere høgare enn at det kan handterast ved løpande integrering, oppretthalding av den norske arbeidslivsmodellen med jamnbyrdige inntektsforhold, og innanfor den noverande og framtidige infrastrukturen vår. Denne medlemen meiner det er viktig å unngå at den totale innvandringa skjer raskare enn vi kan tilby skular, veg, kollektivtransport og bustader. Denne medlemen meiner at den totale innvandringa i pressområde dei komande åra må reduserast.

Denne medlemen viser til at Senterpartiet ønskjer å leggje til rette for at arbeidsinnvandringa blir styrt til alle regionar av landet for å medverke til næringsliv og aktivitetsvekst. I dag skriv nettoinnflyttinga til Oslo-regionen seg fyrst og fremst frå innvandring. Å kanalisere denne delen av folkeauken til andre regionar er naudsynt for å sørgje for god regional balanse i busetjing og næringsutvikling på sikt. Denne medlemen meiner arbeidsinnvandring til Noreg må vere basert på behova i norsk arbeidsliv så langt det lèt seg gjere.

Denne medlemen meiner den svært store auken i utanlandsk arbeidskraft i Noreg dei siste åra trugar framtidige løns- og arbeidsvilkår hjå arbeidstakarar i stadig fleire yrkesgrupper og framtidig sysselsettjing i Noreg. Store deler av den utanlandske arbeidskrafta som har kome til Noreg det siste tiåret har kome frå EU-land i det tidlegare Aust-Europa. I desse landa er løns- og kostnadsnivået mykje lågare enn i Noreg. I dei bransjar og yrkesgrupper der tilbodet av utanlandsk arbeidskraft er størst og har auka mest, er òg presset på løns- og arbeidsvilkår størst.

Denne medlemen viser til at i perioden 2008–2013 fekk 127 000 fleire utlendingar arbeid i Noreg medan det for norskfødde var ein nedgang på 23 000 sysselsette. Denne medlemen viser vidare til at det er store skilnader i sysselsetting etter alder mellom innvandrarar busette i Noreg og befolkninga elles. Sysselsettinga blant innvandrarar er mellom 13 og 20 prosentpoeng lågare enn sysselsettinga blant befolkninga elles for personar i alderen 20 til 60 år. Sysselsettinga blant innvandrarar frå EU-land i Sentral- og Aust-Europa er lågare enn befolkninga elles for alle aldersgrupper mellom 15 og 65 år, og størst er denne sysselsettingsskilnaden for personar mellom 20 og 62 år. Denne medlemen vil understreka at lågare sysselsetting blant innvandrarar enn hjå befolkninga elles medfører ei svekking av statens finansar over tid. Denne medlemen meiner skilnadane i sysselsetting mellom innvandrarar og befolkninga elles utgjer eit press på våre felles velferdsordningar og den norske modellen som må få meir merksemd framover.

Denne medlemen viser til at dersom ein prøver å løysa problema knytt til finansiering av våre felles velferdsordningar – med økt innvandring – som følgje av fallande sysselsetting frå auka innvandrardel i befolkninga, vil dette forverra situasjonen på sikt. Vondt blir til verre. Framfor å satsa på innvandring for å løysa oppgåvene våre, meiner denne medlemen vi må prioritera å få endå fleire av våre eigne innbyggjarar i arbeid. Dess fleire innvandrarar som kjem til Noreg, dess vanskelegare blir det å sysselsetta våre innvandrarar.

Denne medlemen viser til at det føregår ei utpressing av norsk arbeidskraft i dei bransjane der innslaget av utanlandsk arbeidskraft er størst. Dette reduserer samstundes ungdomar sine incentiv til å arbeida i desse bransjane. Problemet er størst i privat sektor der språket ikkje er eit vern mot konkurranse frå utanlandsk arbeidskraft, slik det gjerne vil vera for tilsette innan deler av privat sektor og store deler av offentleg sektor.

Denne medlemen viser til at det er godt kjent at den særs store tilstrøyminga av utanlandsk arbeidskraft til Noreg òg har auka kriminaliteten knytt til arbeidslivet og føretak innan til dømes bygg- og anleggsbransjen, bilpleiebransjen, reinhaldsbransjen, utelivsbransjen og daglegvarebransjen. Dette er eit stort problem både for utviklinga av norsk arbeidsliv og for finansieringa av våre fellesskapsløysingar. Organiserte kriminelle miljø får stadig større innpass i Noreg. Når føretaka som opererer på kant med, eller som bryt norsk lov og regelverk, aukar i omfang, pressar dette på den andre sida ut dei føretaka som følgjer norske lover og reglar.

Denne medlemen viser til at arbeidslivskriminalitet er eit samleomgrep for ulike former for grove lovbrot i arbeidsmarknaden som undergrev og utkonkurrerer det seriøse arbeidslivet, medrekna bruk av ulovleg arbeidskraft og tvangsarbeid, samt fiktiv fakturering, kvitvasking av kriminelt utbytte og kamuflering av straffbare handlingar i legal verksemd. Arbeidslivskriminalitet inneber brot på lover, forskrifter og reglar som regulerer forhold i arbeids- og næringslivet, til dømes brot på arbeidsmiljøloven, utlendingsloven, plan- og bygningslov, skatte- og avgiftslovgjeving m.m.

Denne medlemen viser til at med opne grenser og mangel på grensekontroll, samstundes som korkje tilsyns- og kontrolletatar og politi i Noreg er tilført ressursar i nærleiken av det som er påkravd for å handtera det særs store omfanget av borgarar frå Aust-Europa etter den store EU-utvidinga austover i 2004, må det mellom anna tilførast ekstra ressursar både til Arbeidstilsynet og arbeids- og velferdsetaten utover forslaget frå regjeringa.

Denne medlemen viser til rapporten Den nordiske modellen mot 2030 – Et nytt kapittel?, sluttrapporten til det felles nordiske forskingsprosjektet Forvitring eller fornying i Norden 2014–2030 – i kortform NordMod – som har sett på korleis nasjonale og internasjonale endringar påverkar «den nordiske samfunnsmodellen». Samarbeidskomiteen for arbeidarrørsla i Norden (SAMAK) har vore oppdragsgjevar for prosjektet, i samarbeid med Foundation for European Progressive Studies (FEPS). I sluttrapporten står det m.a. følgjande under «Arbeidsinnvandring og press på den nordiske modellen»:

«Arbeidsinnvandringens konsekvenser for den nordiske modellen har først og fremst sammenheng med hvordan den påvirker økonomien og arbeidsmarkedets funksjonsmåte. Rekrutteringen av arbeidsinnvandrere er gjerne sterkest i bransjer med små kvalifikasjonskrav, manuelt arbeid, lav organisasjonsgrad, og dårlige lønns- og arbeidsvilkår. Dette kan føre til at systemet for lønnsdannelse svekkes, produktivitetsveksten reduseres, at lønnsgolvet brekker opp og at lønns- og inntektsforskjellene øker. Forskning fra Norge viser at økt innvandring har en målbar effekt på lønnsnivået (Bratsberg & Rauum 2013). Konsekvensen av dette kan i neste omgang være større inntektsulikhet. En annen konsekvens er at skjerpet konkurranse om de lavest lønte jobbene kan øke risikoen for utstøting av svake grupper fra de nordiske arbeidsmarkedene (Friberg 2013; Ugebrevet A4 15-10-2014).»

Denne medlemen viser vidare til NOU 2013:13 Lønnsdannelsen og utfordringer for norsk økonomi der utvalet vurderer konsekvensen av innvandringa frå Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) på den norske arbeidsmarknaden slik:

«Det 'grenseløse arbeidsmarkedet' i Europa har gitt både nye muligheter og nye utfordringer for norsk økonomi. Utenlandske individer kan jobbe i Norge som direkte ansatte i norske virksomheter, som innleid arbeidskraft, som ansatte i utenlandske bedrifter som yter tjenester her, eller som selvstendig næringsdrivende som selger sin arbeidskraft til virksomheter i Norge. For arbeidsgiverne kan det være lønnsomt å bruke de billigste alternativene, som innebærer de laveste kostnadene for virksomhetene. Dette kan imidlertid undergrave ordninger som motvirker lavlønnskonkurranse, og dermed føre til sterkere fortrengning av bosatte arbeidstakere, både norskfødte og tidligere innvandrere, og ramme virksomheter med vanlig norsk lønnsnivå. Det vil videre etter utvalgets mening være behov for stadig forskning og evaluering av hvordan ulike ordninger rettet mot innvandrere fungerer og vilje til å endre regelverk og ordninger som ikke fungerer så godt.»

Denne medlemen viser vidare til at Landsorganisasjonen i Norge (LO) ved sjeføkonom Stein Reegård ved fleire høve har uttalt at arbeidsinnvandringa vil føra til ei skeivare inntektsfordeling i Noreg fordi det blir kraftige innslag av låglønskonkurranse. Denne medlemen seier seg heilt samd med denne vurderinga og vil følgje opp og foreslå tiltak mot denne utviklinga.

Denne medlemen meiner Stortinget i drøftingar av tiltak for personar med nedsett arbeidsevne ikkje lenger kan sjå bort frå at den svært store tilstrøyminga av utanlandsk arbeidskraft til Noreg dei 10 siste åra har vore så stor at fortrengingseffekten har vore den mest markante. Fortrengingseffekt vil seia at etablerte arbeidstakarar eller personar som står svakt på arbeidsmarknaden i større grad blir utkonkurrerte av ny arbeidskraft frå utlandet. Både innvandrarar og personar med redusert arbeidsevne er døme på grupper som er utsette for denne konkurransen. Personar med nedsett arbeidsevne blir i dag pressa ut av arbeidsmarknaden. Utstøytingsmekanismane er fleire.

Denne medlemen meiner EU gjev folkestyret dårlegare kår. EU utviklar seg stadig meir i retning av ei føderal statsdanning. Den pågåande krisa i Europa, spesielt i eurolanda, har vist at EU som politisk prosjekt og eurosamarbeidet som økonomisk konstruksjon har veikskapar som Senterpartiet har åtvara mot i ei årrekkje. Denne medlemen vurderer dagens system som korkje solidarisk eller berekraftig på sikt. Denne medlemen viser til at Senterpartiet vil erstatte EØS-avtalen med ein handelsavtale med EU, og at Senterpartiet vil arbeide aktivt mot norsk EU-medlemsskap. Nasjonalstatane må igjen på sjølvstendig grunnlag få høve til å regulera og utvikla sine arbeidsmarknader til beste for sine eigne innbyggjarar.

Denne medlemen meiner sterkt at norske styresmakter må leggja til rette for ei høgast mogleg sysselsetting i Noreg. Høg sysselsetting er ein føresetnad for finansieringa av våre felles velferdsordningar og for at Noreg skal kunne verna om «den norske modellen». Denne medlemen vil arbeida for å vidareutvikle den norske arbeidslivsmodellen.

Denne medlemen viser til at det går fram av svar utforma av Arbeids- og sosialdepartementet på budsjettspørsmål nr. 226 frå Senterpartiet at «Det er ikke mulig å innføre overgangsordning for alle EU-landene. Det vil være i strid med våre forpliktelser etter EØS-avtalen.» Denne medlemen vil understreka at det av svaret går fram at overgangsordningane ikkje kan gjeninnførast med mindre «… det er strengt nødvendig for å rette opp ‘alvorlige økonomiske, samfunnsmessige eller miljømessige vanskeligheter’ jf. artikkel 112» i EØS-avtalen. Denne medlemen meiner dette konkrete dømet viser at norske styresmakter som følgje av EØS-avtalen har gjeve avkall på eit sentralt verkemiddel for å regulera tilbodet av arbeidskraft frå utlandet i den norske arbeidsmarknaden. Overgangsordningane gav norske styresmakter høve til å stilla som vilkår for å få arbeidsløyve i Noreg at det låg føre eit konkret tilbod om arbeid, i hovudsak heiltidsarbeid, med løns- og arbeidsvilkår som var i samsvar med gjeldande tariffavtale, regulativ eller det som elles var normalt for vedkomande stad og yrke. Denne medlemen meiner overgangsordningar burde vore innført for å få ein betre balanse i arbeidsmarknaden. Denne medlemen meiner konsekvensane av EØS-avtalen både er negativ for utviklinga av løns- og arbeidsvilkår i mange bransjar òg for våre offentlege finansar over tid som følgje av at sysselsettinga til registrerte busette personar frå EU-land i Sentral- og Aust-Europa er lågare enn befolkninga elles for aldersgrupper mellom 15 og 62 år.

Denne medlemen viser til at hovudprioriteringa på arbeids- og sosialfeltet i Senterpartiets alternative budsjett er ei styrka satsing for å sikra norske løns- og arbeidsvilkår, motverka arbeidslivskriminalitet og fleire tiltak for å behalda folk i arbeid, ikkje minst folk med nedsett arbeidsevne.

Denne medlemen viser til at i Senterpartiets alternative budsjettframlegg, slik dette går fram av vedlegg til Innst. 2 S (2014–2015), blir budsjettramma til arbeids- og sosialkomiteen auka med 631,34 mill. kroner samanlikna med framlegget frå regjeringa. Denne medlemen viser til at Senterpartiet prioriterer å auke løyvingar både til Arbeidstilsynet inkl. regionale verneombod og til arbeids- og velferdsetaten for å avdekkja og motverke det store omfanget av arbeidslivskriminalitet, som har auka kraftig som følgje av at Noreg er del av Den europeiske unions (EUs) arbeidsmarknad gjennom EØS-avtalen. Til liks med EU er også fri rørsle av varer, personar, tenester og kapital pilarane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS). Denne medlemen viser til at Senterpartiet òg prioriterer fleire tiltaksplassar, auka statleg finansiering av dagpengeordninga, betre velferdsordningar for sjølvstendig næringsdrivande og auka løyvingar til hjelpemiddel.