Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Komiteens medlem frå Venstreviser til at Venstre fremjar eit eige alternativt statsbudsjett for 2015, jf. innst. 2 S (2014–2015).Venstres heilskaplege alternative statsbudsjett for 2015 tek utgangspunkt i budsjettforslaget frå regjeringa, jf. Prop. 1 S (2014–2015).
Denne medlemenviser til at Venstres liberale ideologi tek utgangspunkt i det einskilde mennesket. Alle skal ha fridom til å bruke evnene sine til beste for seg sjølv og samfunnet, men like sjølvsagt er det at dei som verkeleg treng samfunnet si hjelp til å leve eit verdig liv, skal få det. Frie samfunn har gode fellesskapsinstitusjonar og eit sosialt tryggleikstnett for alle. Denne medlemenønskjer difor ein stat som kjempar mot sosial urett.
Fleire i arbeid og færre på stønad er heilt grunnleggjande for at vi skal kunne klare å oppretthalde velferdsordningane våre i framtida. Dei ulike velferdsytingane i kombinasjon med skattesystemet må utformast slik at det løner seg for den einskilde å vere i inntektsgivande arbeid framfor å motta offentlege stønader. Dette er heilt avgjerande for om vi skal lukkast med å bevare eit sterkt og berekraftig velferdssystem også i framtida. Venstre sitt alternative statsbudsjett for 2015 er derfor målretta mot ei slik kursendring; arbeidslinja blir styrkt både gjennom skattesystemet og gjennom statsbudsjettet si utgifts- og inntektsside. Fleire skal få høve til å arbeide etter evne og færre skal bli passive stønadsmottakarar.
Hovudmåla for Nav-reforma er også fleire i arbeid og færre på stønad, enklare og betre hjelp tilpassa brukarane sine behov, samt ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvalting. Førebels har ikkje dette skjedd. Denne medlemenstøttar intensjonane med Nav-reforma, men meiner det er behov for sterkare styring med kostnader, meir fokus på brukarane sine behov og mindre på systemet. Denne medlemenmeiner at det berre er eit skikkeleg samarbeid på tvers av etatsgrensene som kan sikre dei einskilde rettane i møte med det offentlege.
Nav har i løpet av dei seinare åra fått kritikk frå fleire hald om at livssituasjonen til barn ikkje blir kartlagd når foreldra søkjer om sosialhjelp. Det gjeld for eksempel barna sine behov for klede, sko og utstyr, samt om familien har råd til å delta på ulike aktivitetar. Denne medlemenmeiner det er behov for meir bruk av lokalt skjøn og handlefridom i Nav ved oppfølgjing og utarbeiding av tiltak til dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet.
Ein del menneske er varig ute av stand til å skaffe seg ei inntekt dei kan leve av. Dei skal ha eit støttenivå som gir høve til å leva eit verdig liv. Stønadsordningar som er avgjerande for barn sine livsvilkår, skal vere rause. Denne medlemen sinfyrsteprioritet er difor å kjempe mot fattigdom og helseproblem hos barn og barnefamiliar. Denne medlemen viser til at Venstre i samband med Stortingets behandling av Fordelingsmeldingen (Meld. St. 30 (2010–2011)), 29. mars 2012 fremma 25 konkrete forslag for å kjempe mot fattigdom – spesielt retta mot barn og barnefamiliar.
Det aller viktigaste verkemiddelet for å hindre fattigdom er å sørgje for at folk kjem i arbeid eller beheld arbeid. Arbeid gir den einskilde økonomisk sjølvstende og gir både sosiale og helsemessige gevinstar.
I framtida vil Noreg ha eit stort arbeidskraftbehov. Andelen eldre vil stige kraftig i forhold til yrkesaktive. Nesten 25 pst. av innbyggjarane i Noreg i 2050 vil vere 65 år eller eldre. Då vi innførte dei velferdsordningane vi har i dag, var det sju i yrkesaktiv alder per pensjonist. Om 50 år vil det vere to yrkesaktive per pensjonist. Forsking viser i tillegg at personar mellom 25 og 65 år som bur i eit hushald utan personar med varig yrkestilknyting, har fem gonger høgare sannsyn for å ha vedvarande låginntekt enn alle andre i same aldersgruppe. Denne medlemen meiner vi må møte denne utfordringa med ein målretta politikk for å få fleire hender i arbeid.
Denne medlemen meiner det er viktig å leggje til rette for yrkesaktivitet for dei med redusert arbeidsevne. Mange som ikkje kan arbeide i full stilling, kan likevel gjere ein monaleg innsats for eksempel i deltidsstillingar, tidsavgrensa oppdrag, gjennom tilpassa arbeidsoppgåver osv. Godt under halvparten, 41 pst. av funksjonshemma i aldersgruppa 16–66 år, deltek i arbeidslivet. Til samanlikning er delen sysselsette i heile befolkninga på nær 75 pst. Samtidig viser undersøkingar frå mellom anna SSB at blant dei 307 000 ikkje-sysselsette funksjonshemma var det om lag 27 pst. som sa at dei hadde eit ynskje om å kome i arbeid. Denne medlemen meiner det er viktig å ta dette ynskje på alvor, og at det også vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt om vi lukkast.
Denne medlemen viser til Fafo-rapport 2013:54, «Inkludering av personar med nedsett arbeidsevne», som peikar på ei rekkje forhold som fungerer som barrierar for arbeidssøkjarar med nedsett funksjonsevne i møte med arbeidslivet. Eitt moment her er at nedsett arbeidsevne feilaktig blir assosiert med redusert arbeidsevne. Eit anna moment er korleis arbeidsgivar vurderer risiko ved rekruttering av personar med nedsett arbeidsevne. I den samanhengen slår rapporten fast at det å ha erfaringar med tilsette med nedsett funksjonsevne, gir meir positive haldningar. Eit siste moment er mangel på tilstrekkeleg tilretteleggjing og utfordringar med å få føremålstenleg tilretteleggjing.
Denne medlemen viser til Venstres alternative budsjett, jf. innst. 2 S (2014–2015), der det blei løyvt 20 mill. kroner til å styrkje tilretteleggingstilskotet for arbeidssøkjarar med nedsett arbeidsevne med 20 mill. kroner.
I tillegg vil denne medlemen ha meir bruk av ordninga med tidsubestemt lønnstilskot, både for å sikre dei som er i ferd med å falle ut av arbeidsmarknaden på grunn av sjukdom eller andre årsaker, og for å gi meir fleksible moglegheiter til dei som er ute av arbeidsmarknaden. Denne medlemen viser til Venstres alternative budsjett, jf. Innst. 2 S (2014–2015), der det blei løyvt 60,6 mill. kroner til å styrkje ordninga.
Denne medlemen viser til at Venstre foreslår ei rekkje tiltak i det alternative statsbudsjettet for 2014 som vil medføre fleire arbeidsplassar og dermed at fleire vil gå frå dagpengar til lønna arbeid. Basert på Venstres samla opplegg har denne medlemen bedømt, svært moderat, at det vil vere 3 000 færre som har behov for dagpengar i 2015 og dermed også færre arbeidsmarknadstiltak. Talet på ordinære arbeidsmarknadstiltak vil likevel vere svært høge. Denne medlemenmeiner likevel at det er eit særleg behov for å auke innsatsen overfor personar med nedsett arbeidsevne, og då særleg dei som har behov for meir langvarige og samansette tiltak.
Denne medlemenmeiner at det no må gjerast ein ekstra innsats for å forhindre at ikkje desse blir støytte varig ut av arbeidslivet, og meiner at viktige samarbeidspartnarar som Attføringsbedriftene og Vekstbedriftene med fordel kan nyttast enda meir i dette arbeidet. Denne medlemenviser til Venstre sitt alternative budsjett, jf. Innst. 2 S (2014–2015), der 1 000 tiltaksplassar omprioriterast frå «ordinære plassar» til «varig tilrettelagde» tiltaksplassar. Ei slik omprioritering vil medføre ein meirkostnad på ca. 105 mill. kroner.
Denne medlemenviser til at sjølvstendig næringsdrivande frå og med 1. juli 2008 har rett til svangerskapspengar og foreldrepengar frå folketrygda med 100 pst. dekning (inntil 6 G), rett nok overfinansiert ved auka trygdeavgift for den same gruppa.
Denne medlemenønskjer ein framtidsretta næringspolitikk som verkar. Denne medlemenvil difor sikre at sjølvstendig næringsdrivande får like rettar til sosiale ordningar som andre arbeidstakarar. Ikkje berre fordi det er ei urimeleg forskjellsbehandling, men også fordi det er til hinder for eit innovativt og nyskapande næringsliv, som treng fleire gründerar og sjølvstendig næringsdrivande. Ei likestilling av desse rettane vil også leggje betre til rette for at fleire kvinner vil våge å starte eigen arbeidsplass for seg sjølv og andre.
Dekningsgraden for den sjølvstendige næringsdrivande sine trygderettar er i dag 65 pst. ved omsorg for eigne små barn, når det gjeld rett til sjukepengar og pleie- og omsorgspengar og ved sjukdom under svangerskap. Denne medlemenviser til forslag om endringar i folketrygdlova m.m. framset i Innst. 4 L (2013–2014) som sikrar at også desse rettane blir likestilte med dei vanlege arbeidstakarane sin tilsvarande.
Denne medlemen viser til Venstres alternative budsjett, jf. innst. 2 S (2014–2015), der ein foreslo at sjølvstendig næringsdrivande, uavhengig av om tilleggsforsikring er teikna, frå 1. januar 2015 skal få rett til:
b) 100 pst. dekning av omsorgspengar frå 1. dag (inntil 6 G)
c) 100 pst. dekning av pleiepengar og opplæringspengar (inntil 6 G)
Denne medlemenvil vidare likestille sjølvstendig næringsdrivande med vanlege arbeidstakarar når det gjeld rett til sjukepengar. Som eit ledd i ein forpliktande opptrappingsplan mot full likestilling, viser denne medlementil Venstres alternative budsjett, jf. Innst. 2 S (2014–2015), der det blir foreslått at ein får rett til 80 pst. dekning av sjukepengar frå 17. dag. I dag er dekningsgraden 65 pst. Ei slik endring vil vere viktig for dei sjølvstendig næringsdrivande og har ein samla kostnad på 191 mill. kroner med innføring frå 1. januar 2015.
Noreg er eit av verdas rikaste land, og dei fleste har hatt ei god inntektsutvikling dei siste åra. Nokon har likevel så låg inntekt og levestandard at dei har reduserte moglegheiter til å delta fullt ut i samfunnet.
Denne medlemener av den oppfatning at årsakene til fattigdom er samansette. Låg inntekt har gjerne samanheng med manglande tilknyting til arbeidslivet, men kan også skuldast ein krevjande omsorgssituasjon med mange barn, eller at fleire lever på ei inntekt. Samstundes veit vi at dei som blir utsett for vald eller overgrep, eller blir ramma av psykiske lidingar eller rusproblem, også har stor risiko for å bli fattig. Arbeid er ein viktig veg ut av fattigdom. Utdanning og god helse er samstundes ein føresetnad for arbeid, på lik linje med ein stabil bustadsituasjon og opplevinga av å vere inkludert i samfunnet.
Mens pensjonistar var ein del av dei største gruppene innanfor låginntektsgruppa tidlegare, er det i dag ungdom, unge vaksne, einslege forsørgjarar og særleg barnefamiliar med innvandrarbakgrunn som utgjer ein større del. Over halvparten av alle fattige barn som veks opp i Noreg i dag er innvandrarbarn.
Menneske som er varig ute av stand til å skaffe seg ei inntekt dei kan leve av, skal ha eit støttenivå som gir høve til å leva eit verdig liv. Stønadsordningar som er avgjerande for barn sine livsvilkår, skal vere rause. Denne medlemen sinfyrsteprioritet vil difor vere å kjempe mot fattigdom og helseproblem hos barn og barnefamiliar. For vi startar ikkje med blanke ark og like moglegheiter når vi kjem til verda. Ingen vel foreldra sine, og ingen vel barndomen sin.
I dag er det 78 200 barn og unge som lever i fattigdom i Noreg. For nokre handlar det om å ikkje ha moglegheit til å delta på ulike fritidsaktivitetar, dra på ferie eller gå på kino og kafé. Mens for andre handlar det om moglegheita til å kunne ha ordentlege buforhold, kjøpe sunn mat, klede, leiker, samt moglegheit til å gå i barnehage eller delta på skulefritidsordninga. Denne medlemen viser til Venstre sitt alternative budsjett der det blei løyvt 20 mill. kroner i auka tilskot til tiltak i kommunen for å førebyggje og redusere fattigdom blant barn og unge.
Det er i dag store forskjellar frå kommune til kommune når det gjeld satsane for sosialhjelp og om kontantstønad og barnetrygd blir rekna inn i inntektsgrunnlaget. Paradokset er at forsking viser at lave sosialhjelpssatsar gir fleire langtidsbrukarar, mens høge sosialhjelpssatsar får folk vidare i livet. Denne medlemenmeiner det er nødvendig at sosialhjelpssatsane blir auka for å redusere fattigdom og viser til Venstres alternative budsjett, jf. Innst. 2 S (2014–2015), der det blir løyvt 450 mill. kroner for å heve den rettleiande sosialhjelpssatsen med 10 pst. og gjere den til ei nasjonal minstenorm.
Denne medlemenviser til at Venstre i fleire år har ynskt å omfordele ytingar som barnetrygd og differensiere opphaldsbetaling i barnehage og skulefritidsordning. Dette er eit målretta politikk for å redusere sosial ulikskap. Difor har Venstre i sitt alternative budsjettet, jf. Innst. 2 S (2014–2015), prioritert å differensiere barnetrygda, opphaldssatsane i barnehage og SFO, samt innføre gratis kjernetid i barnehagen for alle 4–5-åringar. I Venstres alternative budsjett blir det også løyvt 50 mill. kroner i tiltaksordningar som er direkte retta mot barn i fattige familiar, og det blir retta meir midlar til å styrkje det kommunale barnevernet, skulehelsetenesta og helsestasjonane.
Denne medlemenviser til at eit av hovudelementa i det nye pensjonssystemet er at det skal vere lønsamt å stå lenger i arbeid. Det er også avgjerande at vi lukkast med å heve den reelle pensjonsalderen i åra som kjem, dersom vi skal løyse den store arbeidskraftsituasjonen vi står overfor.
Denne medlemenhar difor kome til den erkjenninga at det å vidareføre AFP-ordninga ikkje er i tråd med desse prinsippa. Skal vi styrkje og vidareutvikle dei mange og gode velferdstilboda vi i dag har, er vi nøydde til å prioritere og til å gjere politiske val. På denne bakgrunnen meiner denne medlemenat dei statlege tilskota til AFP-ordninga må avviklast.
Staten bruker i dag vel 4,6 mrd. kroner på AFP-ordninga som i realiteten er eit tilskot og påskot for å gjere det motsette av det som pensjonsreforma legg opp til. Kommunesektoren har også omfattande utgifter knytt til AFP-ordninga. Desse kostnadene vil berre eskalere over tid og binde opp midlar som burde og kunne vore gitt til andre og meir trengande grupper. Denne medlemenvil difor gradvis avvikle dei statlege tilskota til AFP-ordninga i ein periode over 6 år og suksessivt redusere dei statlege tilskota til ordninga. Denne medlemenviser til Venstres alternative budsjett der ein legg til grunn ei innsparing på 783 mill. kroner som følgje av dette.
Denne medlemenviser til at Stortinget i fjor vedtok ei ny lov om ny uførepensjon og alderspensjon til personar som tre i kraft frå og med 2015. Ei av hovudendringane i omlegginga av uførepensjonen inneber at det skal vere mogeleg å yte etter evne sjølv om ein er heilt eller delvis ufør. Venstre støttar dette grunnprinsippet.
Likevel kan ikkje denne medlemenslutte seg til nokre av dei kuttene som regjeringa har foreslått, når det gjelder å redusere overgangsstønaden for einslege forsørgjarar og barnetillegget for uføre, samt auke inntektsgrunnlaget for foreldrepengar, sjukepengar, opplæringspengar og pleiepengar. Desse vil ha som direkte konsekvens at det blir fleire fattige barn og fattige barnefamiliar i åra som kjem.
Regjeringa hevdar at utfordringa med barnetillegget, slik det er utforma i dag, vil føre til at nokon tenar meir på å velje trygd framfor arbeid. Tal frå Nav viser likevel at dette gjeld svært få. Denne medlemendeler regjeringa sitt syn på arbeidslinja, og at arbeid er avgjerande for å kome ut fattigdom, men Venstre har større tru på stimuleringstiltak som gratis kjernetid i barnehagen, skattelette for dei med lågast inntekt og målretta tiltak for å få vanskelegstilte inn i arbeid.
Denne medlemen viser til Venstres alternative statsbudsjett der det samla blei foreslått følgjande konkrete endringar under rammeområde 7, Arbeid og sosial:
Tekst | Bokført mill. kr |
Omfordeling av 1 000 plasser fra «ordinære» til «varig tilrettelagt arbeid» | 105,0 |
Dobling av antall i forsøkene med lønnstilskudd til arbeidsgivere som ansetter personer med rett til arbeidsavklaringspenger. | 53,5 |
Sosiale tjenester og tiltak for vanskeligstilte grupper på arbeidsmarkedet. | 20,0 |
Sosialt entreprenørskap m.m. | 10,0 |
Caritas | 1,0 |
Forsøk, utviklingstiltak: Bla tilretteleggingstilskudd for rekruttering av arbeidssøkere med nedsatt arbeidsevne | 25,0 |
Styrke ordningen med tidsubestemt lønnstilskudd | 60,6 |
Gå mot regjeringens forslag om å avvikle forsørgingstillegget til mottakere av supplerende stønad som forsørger ektefelle under 67 år og/eller barn under 18 år | 7,6 |
Gå mot regjeringens forslag om å redusere stønadsperioden i overgangsstønaden for enslige foreldre fra 3 til 1 år med virkning fra 1.1.2016. | 0,0 |
Gå mot regjeringens forslag om å øke inntektsgrunnlaget for å opparbeide rett til sykepenger, opplæringspenger og pleiepenger ved pleie av nære pårørende i livets sluttfase fra 0,5 G til 1 G fra 1. juli 2015. | 0,0 |
Styrking av sykelønnsordning for selvstendig næringsdrivende | 191,0 |
Likestille selvstendig næringsdrivendes rettigheter knyttet til omsorgspenger og pleie- og opplæringspenger med «vanlige» arbeidstakere. | 9,5 |
Gå mot regjeringens forslag om omlegging av barnetillegget i uføretrygd fra en behovsprøvd ordning til en sjablongordning fra 2016. | 0,0 |
2 000 færre ordinære tiltaksplasser | -211,0 |
Omfordeling av 1 000 plasser fra «ordinære» til «varig tilrettelagt arbeid» | -92,0 |
Gradvis avvikling av det statlige bidraget til AFP over 6 år | -783,1 |
2 000 færre AFP-pensjonister som følge av skatte-stimuli. | -235,1 |
Mindre dagpenger som følge av 3 000 flere arbeidsplasser i vårt samlede opplegg | -570,0 |
Utvide antall ventedager fra 3 til 4 i dagpengeordningen | -70,0 |
Dobling av antall i forsøkene med lønnstilskudd til arbeidsgivere som ansetter personer med rett til arbeidsavklaringspenger = redusert utbetaling av arbeidsavklaringspenger. | -53,5 |
SUM RAMME 7: ARBEID OG SOSIAL | -1 531,5 |
Denne medlemen viser til den framforhandla avtalen mellom Venstre, Kristelig Folkeparti og regjeringspartia Høyre og Fremskrittspartiet av 21. november 2014. Venstre sine stortingsrepresentantar vil stemme subsidiært for den avtalen dersom ikkje Venstres forslag til alternativt statsbudsjett får fleirtal. Som følgje av denne avtalen fremjar ikkje Venstre alternative forslag til løyvingar i denne innstillinga, men gjer greie for dei primære posisjonane våre under dei ulike kapitla og postar under.