Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I kap. 4 i proposisjonen vert det gitt ei omtale av gjeldande rett, irekna om kommunelova § 78 nr. 7 og forvaltningslova § 13.
Det er frå høyringsinstansane brei støtte for forslaget frå departementet.
Det går fram av proposisjonen at utgangspunktet til departementet er at det er grunn til å vurdere om føresegna i kommunelova § 78 nr. 7 pålegg ei for vidtgåande teieplikt. Grunnlaget for vurderinga er at teieplikta skal omfatte opplysningar som har krav på vern, men at plikta ikkje bør vere meir vidtgåande enn det er eit sakleg og reelt behov for.
Som det er peikt på i Ot.prp. nr. 70 (2002–2003), vil revisoren kunne få tilgang til svært sensitive opplysningar i arbeidet sitt. Dette heng saman med at revisoren etter kommunelova § 78 nr. 6 utan å bli hindra av teieplikt kan krevje å få alle opplysningar, utgreiingar og anna som revisoren meiner er nødvendig for å gjennomføre oppgåvene.
Forvaltningslova § 13 inneheld ei balansert avveging av kva typar opplysningar som bør vere underlagde teieplikt. Slik departementet vurderer det, bør den teieplikta som generelt gjeld for offentleg tilsette, også liggje til grunn for arbeidet til revisorar, med mindre det er særlege forhold ved verksemda til ein revisor som tilseier at teieplikta bør vere meir omfattande.
Departementet legg i proposisjonen til grunn at personleg informasjon av sensitiv karakter skal vere omfatta av teieplikta til revisoren. Etter forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1 er opplysningar om «personlige forhold» verna av teieplikt. Departementet legg til grunn at forvaltningslova gir tilstrekkeleg vern på dette området. Det er heller ingen høyringsfråsegner som trekkjer i retning av at det bør vere ei meir omfattande teieplikt for personlege opplysningar enn den som følgjer av forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1.
Det vert i proposisjonen vist til at svært mange av dei som har uttalt seg, støttar forslaget frå departementet, og mange seier seg også einige i grunngivinga til departementet. I høyringsnotatet bad departementet særskilt om høyringsinstansane sitt syn på om det av omsyn til kommunen er visse opplysningar som bør vere omfatta av teieplikta til revisoren; det vil seie opplysningar som ikkje er omfatta av teieplikt etter forvaltningslova. Det er svært få som har peikt på dette, noko som trekkjer i retning av at forslaget gir ei balansert avveging av kva opplysningar som bør vere omfatta av teieplikt.
Oslo kommune er i utgangspunktet for endringa, men er bekymra for at kunnskapen som revisoren har om eventuelle manglar i internkontrollen til kommunen, kan utnyttast til ulovlege føremål dersom manglane blir offentleg kjende.
Departementet viser til at det vil vere mogleg å gjere unntak frå innsyn i slike opplysningar etter offentleglova § 24 tredje ledd første punktum når det er nødvendig fordi innsyn vil kunne lette gjennomføringa av straffbare handlingar. Dersom opplysningar realistisk sett kan utnyttast til ulovlege føremål, vil dette vere oppfylt.
Akershus fylkeskommune går imot den føreslåtte lovendringa fordi dei meiner at det kan finnast opplysningar i fylkeskommunen som revisoren bør ha teieplikt om av omsyn til offentlege interesser. Dei peiker på at dette for det første kan gjelde opplysningar som ikkje er omfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13, men som fylkeskommunen har heimel til å halde utanfor innsyn etter offentleglova §§ 14 flg. Vidare skriv dei at det kan gjelde opplysningar som er omfatta av profesjonsbestemt teieplikt for tilsette i fylkeskommunen. Buskerud fylkeskommune og Skien kommune reiser dei same innvendingane.
Departementet viser til at det som utgangspunkt må leggjast til grunn at unntaksføresegnene i offentleglova vil vere tilstrekkeleg til å sikre behova for å skjerme slike offentlege interesser når det gjeld innsyn i dokument som er komne inn til revisoren, eller som er utarbeidde av revisoren.
Slik departementet ser det, er det neppe noko avgjerande moment for å oppretthalde ei streng teieplikt for revisorar som utfører kommunal revisjon, at det i fylkeskommunen kan liggje føre informasjon som er omfatta av profesjonsbasert teieplikt for enkelte tilsette der. Den klare hovudregelen er at eventuell profesjonsbasert teieplikt ikkje følgjer med når informasjonen blir sendt over til nokon som ikkje tilhøyrar den aktuelle profesjonen. Personopplysningar som er omfatta av ei profesjonsbasert teieplikt, vil i mange tilfelle òg vere omfatta av teieplikta etter forvaltningslova.
Nokre av høyringsinstansane, blant andre Norges Kommunerevisorforbund, har føreslått at ein bør bruke formuleringa om teieplikt i lov om riksrevisjonen (riksrevisjonslova). Teieplikt er i denne lova regulert i § 15.
Departementet kan ikkje sjå at det er haldepunkt verken i ordlyden eller andre rettskjelder for at denne føresegna vernar om offentlege interesser slik høyringsinstansane legg til grunn, og heller ikkje at føresegna i nemneverdig grad opnar for meir omfattande teieplikt enn føresegnene i forvaltningslova §§ 13 flg. Departementet ser derfor ingen gode grunnar til å bruke denne ordlyden framfor å vise til ordlyden i forvaltningslova.
KS reiser følgjande problemstilling:
«Vi vil likevel ta opp spørsmålet om private revisorers strenge taushetsplikt etter revisorloven, som er om lag den samme som etter dagens kommunelov, også vil gjelde der en privat revisor/revisorfirma tar oppdrag for en kommune. Dersom revisorlovens regler skal gjelde, vil det være ulik taushetsplikt alt etter om man velger kommunal eller privat revisjon. Dette reiser særlige problemstillinger som bør vurderes nærmere.»
Revisoren og medarbeidarane til revisoren har etter revisorlova § 6-1 første ledd første punktum teieplikt om alt som dei i verksemda si får kjennskap til, «med mindre annet følger av lov». Det følgjer direkte av ordlyden i revisorlova § 6-1 at føresegnene i revisorlova vik for anna lov, også der anna lov heimlar ei mindre omfattande teieplikt enn revisorlova. Føresegna om teieplikt i kommunelova vil såleis gå framfor teieplikt etter revisorlova i tilfelle der eit revisjonsselskap utfører revisjon for ein kommune eller ein fylkeskommune.
Enkelte har nemnt at kjeldevernet må sikrast gjennom teieplikta. Departementet legg til grunn at revisorar utøver nødvendig kjeldevern i dei tilfella der det er nødvendig i tråd med ei profesjonell utøving av revisjonsverksemda og «best practise».
Det går fram av proposisjonen at ei innvending mot lovforslaget har vore at det vil svekkje tillitsforholdet mellom kommunen og revisoren, fordi revisoren blir pålagd ei mindre omfattande teieplikt. Departementet kan ikkje sjå at dette vil vere ei nødvendig følgje av endringsforslaget. Både kommunen og revisoren er i denne samanhengen profesjonelle aktørar som vil utføre oppgåvene sine på best mogleg måte. Vidare følgjer det av kommunelova § 78 nr. 6 at revisoren utan å bli hindra av teieplikt kan krevje å få alle opplysningar, utgreiingar og anna som revisoren meiner er nødvendig for å gjennomføre oppgåvene.
Revisorforeningen tek opp spørsmålet om kommunane ved instruks eller avtale kan binde revisoren til tausheit ut over den lovfesta teieplikta til revisoren. Departementet legg til grunn at kommunane ikkje kan inngå lovstridige avtalar eller påleggje lovstridige instruksar. Dersom ein avtale eller instruks fritek frå visse tilfelle av teieplikt som følgjer av lova, ville avtalen eller instruksen vere lovstridig. Departementet meiner likevel at dersom ein kommune inngår ein avtale med eit revisjonsfirma som utvidar teieplikta til revisoren, vil dette ikkje vere i strid med lova.
Det vert i proposisjonen vist til at for å vere gyldige må instruksar om teieplikt for kommunalt tilsette liggje innanfor rammene av lova. Det vil seie at dei ikkje kan stride mot det som er bestemt i forvaltningslova §§ 13 til 13 f. Instruksane kan heller ikkje forhindre retten partane har til innsyn etter forvaltningslova § 18 flg., eller innskrenke det alminnelege innsynet etter offentleglova. Departementet kan ikkje sjå at det vil vere lovstridig dersom ein kommune eller fylkeskommune pålegg ein kommunalt eller fylkeskommunalt tilsett revisor ei meir omfattande teieplikt enn det som følgjer av forvaltningslova.
Det vert i proposisjonen peikt på at reglane i forvaltningslova er velkjende og innarbeidde i forvaltninga. Å gjere reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeldande for revisorar vil innebere å forenkle og rydde opp i reglane om teieplikta til revisorar. Ein revisjonsprosess vil gjennomgåande innehalde opplysningar om den kommunale drifta, inkludert organisering, økonomi, delegeringar og så vidare, og dette er opplysningar som allmenta bør kunne få tilgang til. Heimlane i offentleglova for å frita frå innsyn i dokument vil vere tilstrekkeleg til å verne interessene til kommunane.
Departementet meiner det er rettspedagogisk viktig at det er ei føresegn i kommunelova som regulerer teieplikta til revisorar. Departementet føreslår derfor at kommunelova § 78 nr. 7 blir endra til at ein revisor har teieplikt etter forvaltningslova § 13 til § 13 e.