Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet går ut frå at lovforslaga samla sett ikkje har økonomiske og administrative konsekvensar av betyding.

Departementet vurderer det slik at lovforslaga som pålegg kommunestyret å ta stilling til om eit innbyggjarinitiativ skal avvisast eller ikkje, ikkje fører til noko vesentleg administrativt meirarbeid for kommunane.

Lovforslaga som gjeld utsett innsyn og teieplikta til revisorar, vil etter departementet si meining ikkje ha økonomiske og administrative konsekvensar. Samla sett meiner departementet at forslaga ikkje fører til behov for auka overføringar til kommunane.