I proposisjonen blir det fremja forslag om endringar
i følgjande lover:
lov 28. februar 1997
nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)
lov 16. desember 2011 nr. 59 om endringer
i folketrygdloven (ny uføretrygd og alderspensjon til uføre)
lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i
folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover
(tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning
for offentlig tjenestepensjon) del XVI
lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande
stønad til personar med kort butid i Noreg
lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott
lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og
velferdsforvaltningen
lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling
og konkurs
lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett
Forslaga gjeld:
Oppheving av ferietillegget
i dagpengeordninga og tilsvarande ferietillegg til dei særskilde
sjukepengane til dagpengemottakarar – sjå kapittel 2 i proposisjonen.
Endring av barnetillegget i uføretrygda
frå behovsprøvd til eit standardisert barnetillegg frå 1. januar
2016 – sjå kapittel 3 i proposisjonen.
Endring av perioden med rett til overgangsstønad
vert etter hovudregelen redusert frå tre til eitt år eller fram
til barnet får rett til barnehageplass etter barnehagelova § 12
a – sjå kapittel 4 i proposisjonen.
Endring i folketrygdlova § 22-8 slik at
det kan gjerast frådrag for meirutbetalingar av tillegg etter folketrygdlova
§ 19-9 og § 19-14 femte ledd, når ein ektemake som det er gjeve
forsørgingstillegg for får etterbetalt ei eiga yting for den same
perioden – sjå kapittel 5 i proposisjonen.
Oppheving av regelen i folketrygdlova § 25-5
a om sanksjonar ved sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte
– sjå kapittel 6 i proposisjonen.
Avvikling av forsørgingstillegg for barn
og ektemake under 67 år til mottakarar av supplerande stønad – sjå
kapittel 7.
Endring i forskotteringslova for å reflektere
endringar i andre lover – sjå kapittel 8 i proposisjonen.
Unnatak frå forvaltningsmessig teieplikt
i arbeids- og velferdsforvaltningslova – sjå kapittel 9 i proposisjonen.
Retting av heimelstilvisningar i konkursloven
og dekningsloven.) – sjå kapittel 10 i proposisjonen.
Lovendringane er naudsynte og følgjer av forslag
som er fremja i Prop. 1 S (2014–2015) Statsbudsjettet. I tillegg
vert det foreslått einskilde lovtekniske justeringar, presiseringar
og opprettingar i folketrygdlova, forskotteringslova, konkurslova
og i dekningslova.
Det vises til kapittel 11 i proposisjonen der
det er gjort greie for merknader til dei einskilde paragrafane i
lovforslaget.
Det foreslåas å oppheve ordninga med ferietillegg
til dei som mottek dagpengar under arbeidsløyse eller som får sjukepengar
på grunnlag av dagpengane.
Det vises til kapittel 2.2 i proposisjonen der
det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 2.3 der det er gjort
nærmare greie for vurderingar og forslag frå departementet.
Ferietillegget til dei særskilde sjukepengane, som
er heimla i folketrygdlova § 8-49 fjerde ledd, vart grunngjeve på
same måte som ferietillegget til dagpengane. Som følgje av at ferietillegget
til dagpengane vert avvikla, bør difor det særlege ferietillegget
til sjukepengane også avviklast. Det foreslåas difor å oppheve folketrygdlova
§ 8-49 fjerde ledd tredje punktum. Det foreslåas ikkje endringar
i dei ordinære reglane for feriepengar av sjukepengar etter folketrygdlova
§ 8-33.
Det vises til lovforslaget.
Det foreslåas at endringa trer i kraft 1. januar 2015,
men slik at dei som har tent opp rett til ferietillegg i 2014 får
dette utbetalt som om reglane fortsett gjeld. Det kan gis nærmare
reglar om dette i forskrift.
Endringa vil ikkje ha økonomiske konsekvensar i
2015, men vil føre til ein reduksjon av dagpengeutbetalingane for
2016 på om lag 1 mrd. kroner. Avviklinga av ferietillegget inneber
også ei administrativ forenkling.
Barnetillegget til uføretrygda bør vere på nivå med
barnetillegget til arbeidsavklaringspengane. Det foreslåas difor
at det behovsprøvde barnetillegget frå 1. januar 2016 vert erstatta
med eit standardisert barnetillegg på nivå med det tillegget mottakarar
av arbeidsavklaringspengar får.
Forslaget inneber at nye mottakarar av uføretrygd
etter 2016 som har forsørgingsansvar for barn under 18 år får barnetillegg
med 7 020 kroner per år per barn. Til samanlikning utgjer dagens
behovsprøvde barnetillegg før ev. avkorting og reduksjon 35 348
kroner per barn per år (G per 1. mai 2014).
Barnetillegget skal avkortast etter trygdetid, graderast
etter uføregraden og reduserast på grunn av arbeidsinntekt over
inntektsgrensa. Det foreslåas òg ei overgangsordning for eksisterande
mottakarar av behovsprøvd barnetillegg.
Det vises til kapittel 3.2 i proposisjonen der
det gjeras greie for gjeldande rett, herunder behovsprøvd barnetillegg
til uføretrygd og standardisert barnetillegg til mottakarar av arbeidsavklaringspengar.
Det vises til kapittel 3.3 i proposisjonen der
det er gjort nærmare greie for vurderingar og forslag frå departementet.
Føresegnene om uføretrygd og dei behovsprøvde
barnetillegga går fram av endringslova. Frå 1. januar 2015 vil desse
føresegnene verte tatt inn i folketrygdlova. Dei aktuelle lovendringane
frå 1. januar 2016 vil dermed gjelde folketrygdlova, slik ho vert
endra ved lov 16. desember 2011 nr. 59 om endringar i folketrygdlova
(ny uføretrygd og alderspensjon til uføre).
Det vises til lovforslaget, folketrygdlova § 12-14 andre
leddet og § 12-15 og oppheving av folketrygdlova § 12-16.
Det foreslåas at endringa trer i kraft frå 1. januar 2016
og får verknad for mottakarar av uføretrygd som har omsorg for eller
får omsorg for barn under 18 år etter 31. januar 2015 som dei ikkje
allereie mottek barnetillegg for. Det nye standardiserte tillegget
skal gjevast til eksisterande mottakarar av uføretrygd med barn
og som ikkje har rett til behovsprøvd barnetillegg per 31. desember
2015. Det nye tillegget skal også gjevast til mottakarar av uføretrygd
som allereie mottek behovsprøvd barnetillegg om dei får nye barn.
Det foreslåas ei overgangsordning for eksisterande
uførepensjonistar med barnetillegg. Overgangsordninga inneber at
innvilga barnetillegg per 31. desember 2015 skal frysast og at det skjer
ei gradvis avvikling av tillegget gjennom ein treårsperiode. Det
nominelle beløpet for barnetillegget vert trappa ned til 3/4 i 2016,
1/2 i 2017 og 1/4 i 2018. Frå 2019 vil dei ha rett til det nye,
standardiserte barnetillegget.
Forslaget er rekna å gi ei netto innsparing
på 45 mill. kroner i 2016, 322 mill. kroner i 2017, 527 mill. kroner
i 2018 og ei innsparing på 586 mill. kroner i 2019.
Forslaget inneber ei stor forenkling av saksbehandlinga
og vil dermed gi reduserte administrative kostnader for Arbeids-
og velferdsetaten.
Det foreslåas at perioden med rett til overgangsstønad
som hovudregel vert sett til eitt år eller fram til barnet får rett
til barnehageplass etter barnehagelova § 12 a.
Det vises til kapittel 4.2 i proposisjonen der
det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 4.3 der vurderingar
og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.
Det vises til lovforslaget.
Det foreslåas at endringa vert sett i kraft 1. januar
2015 for nye tilfelle av overgangsstønad. Det vil bli gitt forskrift
med nærmare presiseringar om kven som skal reknast som nye tilfelle.
Endringa vil ikkje ha økonomiske konsekvensar i 2015, men det er
venta ei innsparing i utbetalingane av stønader til einsleg mor
eller far i 2016 på om lag 255 mill. kroner.
Endringa vil venteleg ikkje ha nemneverdige
administrative konsekvensar.
Det foreslåas at folketrygdlova § 22-8 første
leddet vert supplert, slik at ein kan gjere frådrag for meirutbetalingar
av tillegg etter folketrygdlova § 19-9 og § 19-14 femte ledd, når
ein ektemake som det er gjeve forsørgingstillegg for får etterbetalt
ei eiga yting for den same perioden.
Det vises til kapittel 5.2 i proposisjonen der
det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 5.3 der vurderingar
og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.
Det vises til lovforslaget.
Det foreslåas at endringa trer i kraft 1. januar 2015.
Endringa vil føre til visse innsparingar for folketrygda og i nokon
mon administrativt meirarbeid.
I Prop. 102 L (2013–2014) endringar i arbeidsmiljølova
og folketrygdlova for å forenkle oppfølginga av sjukmelde frå 1. juli
2014 ble det foreslått å gjere arbeidet med sjukefråvær enklare
for verksemder og å målrette innsatsen mot dei sjukmelde som har
eit særleg behov for tett oppfølging, slik at oppfølgingsarbeidet
vert relevant og meiningsfylt. I lovforslaget vart det mellom anna
foreslått at regelen i folketrygdlova § 25-5 a om sanksjonar ved
sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte i sin heilskap
skulle opphevast. Ved ein inkurie ble ikkje dette vedteke av Stortinget,
og forslaget om å oppheve folketrygdlova § 25-5 a fremjas difor
på nytt.
Det vises til lovforslaget, oppheving av folketrygdlova
§ 25-5 a.
Det foreslåas at endringa trer i kraft straks.
Endringa vil ikkje ha store økonomiske eller administrative konsekvensar.
Det foreslåas endringar i lov om supplerande stønad
til personar med kort butid i Noreg av 29. april 2005 nr. 21 med
sikte på å avvikle forsørgingstillegga til mottakarar av supplerande stønad.
Endringane er innarbeidde i budsjettframlegget for 2015.
Det vises til kapittel 7.2 i proposisjonen der
det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 7.3 der vurderingar
og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.
Det vises til lovforslaget.
Det foreslåas at forsørgingstillegga vert avvikla frå
1. januar 2015, og lovendringa knytte til dette må difor tre i kraft
frå denne datoen. Tilpasningane i lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer
i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre
lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for
offentlig tjenestepensjon) bør likevel tre i kraft straks, slik
at dei er på plass når denne endringslova trer i kraft 1. januar
2015.
Det foreslåas at avviklinga av forsørgingstillegga
til supplerande stønad berre skal gjelde saker der stønadsperioden,
eller ein ny stønadsperiode, tek til tidlegast frå 1. januar 2015
(supplerande stønad vert gjeven for 12 månader om gongen). Avviklinga
av forsørgingstillegga får difor full effekt først i 2016. Ein reknar
med at endringane vil føre til ei innsparing i utgiftene til supplerande
stønad på i alt 7,6 mill. kroner i 2015, og 15 mill. kroner i 2016
(heilårseffekten).
Endringane gjer at om lag 250 mottakarar av supplerande
stønad vil få reduserte ytingar. For mottakarar av full stønad utgjer
reduksjonen 16,7 pst. ved forsørging av eitt barn og 20 pst. ved
forsørging av ektemake (utan forsørging av barn).
Endringa vil venteleg i nokon grad redusere
arbeidet med ordninga for supplerande stønad, men ikkje i ein slik
grad at det kan påverke budsjettet.
Det foreslåas justeringar i lov 17. februar
1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 4 første leddet
bokstav b og § 9 fjerde leddet for å reflektere endringar i andre
lover.
Det vises til kapittel 8.2 i proposisjonen der
det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 8.3 der vurderingar
og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.
Det foreslåas at endringane trer i kraft 1. januar 2015.
Dei vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
Det foreslåas ny heimel i lov 16. juni 2006
nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltninga § 16 fyrste leddet til
å gi statlege tilsette ved kontaktsentertenesta i Arbeids- og velferdsetaten
tilgang til opplysingar i kommunale sakshandsamingssystem.
Det vises til kapittel 9.2 i proposisjonen der
det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 9.3 der vurderingar
og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.
Det foreslåas at endringane trer i kraft 1. januar 2015.
Forslaget vil medføre ein estimert meirkostnad på 12 mill. kroner
i 2015 og følgjande år. Kostnaden knyter seg til at gjennomsnittleg
tidsbruk per førespurnad til kontaktsentertenesta i Arbeids- og
velferdsetaten vil auke og at kø-effektiviteten vil verte noko redusert.
Det vert lagt til grunn at forslaget vil medføre ein innsparingseffekt
for kommunane som minst tilsvarer satsinga. Finansieringa av tiltaket
er nærmare skildra i Prop. 1 S (2014–2015) og Prop. 95 S (2013–2014).
Lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for
lønnskrav ved konkurs mv. (lønnsgarantilova) § 1 vart endra med
verknad frå 1. januar 2014. Mellom anna vart det gjort nokre redaksjonelle
endringar for å gjere samanhengen mellom lønnsgarantilova og lov
8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova) § 9-3
tydelegare.
Både lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling
og konkurs (konkurslova) § 67 og dekningslova § 9-3 første leddet
nr. 1 viser til ulike føresegner i lønnsgarantilova § 1. Desse tilvisingane
vart ikkje oppdatert samstundes med dei nemnde redaksjonelle endringane
i lønnsgarantilova.
Korkje endringa i konkurslova eller endringane
i dekningslova inneber nokon materiell endring.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Anette
Trettebergstuen, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe,
Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet,
Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen,
fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti,
Kirsti Bergstø, viser til at fire av forslagene følger av
Prop. 1 S (2014–2015) Statsbudsjettet 2015 for områder under Arbeids- og
sosialdepartementet. Det gjelder følgende forslag:
Opphevelse av ordningen
med ferietillegg for dagpengene – folketrygdloven §§ 4-14 og 8-49 (kapittel
1.2 i innstillingen)
Omlegging til standardisert barnetillegg
til mottakere av uføretrygd – folketrygdens §§ 12-14, 12-15 og 12-16
(kapittel 1.3 i innstillingen)
Reduksjon av perioden med rett til overgangsstønad
fra tre til ett år – folketrygdlovens § 15-6 (kapittel 1.4 i innstillingen)
Endringer i lov om supplerende stønad til
personer med kort botid i Norge (kapittel 1.7 i innstillingen)
I tillegg fremmes følgende fem forslag:
Fradrag for merutbetalinger
av tillegg etter folketrygdlovens §§ 19-9 og 19-14 femte ledd når
en ektefelle det er gitt forsørgingstillegg for, får etterbetalt
en egen ytelse (kapittel 1.5 i innstillingen)
Opphevelse av sanksjonsregelen ved sykmelders brudd
på plikt til å delta i dialogmøte (kapittel 1.6 i innstillingen)
Endringer i forskotteringsloven (kapittel
1.8 i innstillingen)
Unntak fra forvaltningsmessig taushetsplikt
i arbeids- og velferdslovgivningen (kapittel i 1.9 i innstillingen)
Retting av hjemmelshenvisninger i konkursloven
og dekningsloven (kapittel 1.10 i innstillingen)
Komiteen viser til
de respektive partiers merknader i Innst. 15 S (2014–2015) Statsbudsjettet
for 2015.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, har ingen merknader
og slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti støtter ikke
regjeringens forslag.
Komiteen viser til
de respektive partiers merknader i Innst. 15 S (2014–2015) Statsbudsjettet
for 2015.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, viser til budsjettavtalen
mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre hvor
det er enighet om at ordningen med behovsprøvd barnetillegg i uføretrygden
blir videreført.
Flertallet understreker at for
å sikre legitimitet til trygdesystemet skal en ikke komme bedre
ut på trygd enn lønnsinntekten en hadde før uførhet. Flertallet støtter
derfor at det innføres et tak på 95 pst. kompensasjonsgrad brutto,
det vil si maks 95 pst. av lønnsinntekt før uførhet.
Flertallet merker seg at omleggingene
av barnetillegget harmoniserer med Brochmann-utvalget (NOU 2011:7)
og det mindretallsforslaget i Uførepensjonsutvalget (NOU 2007:4)
foreslo.
Flertallet fremmer derfor ikke
proposisjonens forslag til endringer av Folketrygdloven § 15-6 andre
ledd, § 12-14 andre og tredje ledd, § 12-15, samt opphevingen av
§ 12-16.
Flertallet fremmer på denne bakgrunn
følgende forslag:
«V
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd, som endras ved lov
16. desember 2011 nr. 59 om endringer i folketrygdloven (ny uføretrygd
og alderspensjon til uføre), skal desse endringane gjeras:
§ 12-15 tredje ledd skal lyde:
Barnetillegg påvirkes ikke av at uføregraden
er lavere enn 100 prosent. Dersom uføretrygd
tillagt barnetillegg utgjør mer enn 95 prosent av inntekt før uførhet,
se § 12-9 første og andre ledd, reduseres barnetillegget. Ved flere
barnetillegg fordeles reduksjonen likt på alle barnetilleggene.
Barnetillegget prøves deretter mot forsørgerens inntekt, se § 12-16.
IX
Ikraftsetjing. Overgangsreglar.
Endringa i del V trer i kraft 1. januar 2016.
Departementet gir forskrift med nærare overgangsreglar for mottakarar
av barnetillegg per 31. desember 2015.»
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti støtter ikke
regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet
og Sosialistisk Venstreparti viser til at regjeringens forslag
til store kutt og omlegging fra behovsprøving til standardisert tilskudd
i barnetillegget ble lagt vekk etter forhandlinger med Venstre og
Kristelig Folkeparti. Disse medlemmer viser til at
det fremforhandlede forslaget til ny modell for barnetillegget er
en forbedring sett opp mot regjeringens opprinnelige forslag, som
ville ført til store inntektsreduksjoner og forverrede levekår for
enormt mange uføre med barn.
Disse medlemmer mener at Høyre,
Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstres forslag til
ny modell for barnetillegg i uføretrygden ikke har en innretning
som understøtter arbeidslinjen og motvirker fattigdom. Disse medlemmer mener
forslaget vil få uheldige konsekvenser for økonomien til mange uføre familier
med flere barn som i dag allerede lever på, er avhengige av og regner
med denne samlede inntekten. Disse medlemmer mener
det er urimelig at en ny ordning med samlet tak på uføretrygden
og barnetillegget skal gjelde de som i dag allerede mottar uførestønad
og barnetillegg, og ikke bare fremtidige tilfeller.
Videre mener disse medlemmer at
forslaget til ny ordning ikke oppfyller forutsetningene Brochmann-utvalget
la til grunn i sin innstilling (NOU 2011:7 Velferd og migrasjon:
Den norske modellens framtid) der det eksplisitt ble vektlagt at
en endring i barnetillegget uten nye utjevnende tiltak vil kunne
bidra til forverrede lavinntektsproblemer og sosial eksklusjon av barn.
I innstillingen fra utvalget ble det derfor slått fast at dersom
man ønsker å endre barnetillegget slik at det, i de tilfellene det
er mulig, skaper insentiver til arbeid, samtidig som man ønsker
å bekjempe fattigdom, må man erstatte kontantytelsen barnetillegget
med målrettede tjenester for barna i målgruppen. Utvalget peker spesifikt
på at betaling av barnehage og skolefritidsordning samt målrettet
støtte til barns fritidsaktiviteter, er tiltak som bør innføres.
På den måten skjermes barn bedre fra konsekvensene av lave familieinntekter,
samtidig som integreringen fremmes.
Disse medlemmer understreker
at disse forutsetningene for at en endring i barnetillegget vil
understøtte arbeidslinjen, føre til integrering og ivareta barns
behov overhodet ikke er ivaretatt i regjeringens helhetlige politikk.
Tvert imot peker disse medlemmer på at regjeringen
i sitt forslag til budsjett både øker kontantstøtten, kutter i antall
barnehageplasser, øker maksprisen, foreslår et lavere antall arbeidsrettede
tiltak enn disse medlemmer gjør i sitt alternative statsbudsjett,
samt kutter i kulturkortordningen, noe som går i motsatt retning
av å understøtte arbeidslinjen, integrere innvandrere og støtte
barn i lavinntektsfamilier. Tvert imot fører regjeringens samlede
opplegg til en svekkelse av arbeidslinjen, og at integreringen hemmes. Disse medlemmer mener
regjeringens helhetlige budsjett har en usosial innretning, at de
foreslåtte endringer i barnetillegget ikke følges av nødvendige
støttetiltak på andre felt slik Brochmann-utvalget legger til grunn
og at endringen derfor vil ramme for mange for hardt. Disse
medlemmer støtter ikke regjeringens forslag til endring i
barnetillegget.
Komiteens medlem fra Senterpartiet går imot
å innføre et tak på uføretrygd for samlet uføretrygd og behovsprøvd
barnetillegg på 95 prosent av inntekt før uførhet. Dette fordi endringen
rammer økonomisk inntektssvake foreldre med flere barn, altså de
som har størst behov for samfunnets bevågenhet. Alle familier trenger
en minsteinntekt til nøkternt livsopphold. Samfunnet må stille opp
i noen tilfeller selv om ytelsene samlet gir større inntekt enn
inntekt før uførhet. Uførhet innebærer et så stort tap av livskvalitet og
livsmuligheter at det etter dette medlems syn må
kompenseres med behovsprøvd barnetillegg uten samlet tak.
Komiteen viser til
de respektive partiers merknader i Innst. 15 S (2014–2015) Statsbudsjettet
for 2015.
Komiteens flertall, medlemmer
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, viser til budsjettforliket.
På bakgrunn av dette fremmes ikke dette forslaget nå.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti støtter ingen
av forslagene til endring og viser til sine respektive partiers merknader
i forbindelse med behandlingen av budsjettet, jf. Innst. 2 S (2014-2015),
Innst. 2 S Tillegg 1 (2014-2015) og Innst. 15 S Tillegg 1 (2014-2015).
Komiteen viser til
de respektive partiers merknader i Innst. 15 S (2014–2015) Statsbudsjettet
for 2015.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, har ingen merknader
og slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti støtter ikke
regjeringens forslag.
Komiteen viser til
at forslaget om fradrag kun gjelder når perioden det gis etterbetaling
for, sammenfaller med en periode der det er utbetalt forsørgingstillegg.
Komiteen har ingen merknader
og slutter seg til regjeringens forslag
Komiteen viser til
Innst. 266 L (2013–2014) til Prop. 102 L (2012–2013), der alle partier
ga sin tilslutning til dette forslaget.
Komiteen har ingen merknader
og slutter seg til forslaget.
Komiteen viser til
at forslaget kun er av lovteknisk art, har ingen merknader og slutter seg
til forslaget.
Komiteen viser til
at forslaget til unntak fra taushetsplikten gjelder i tilfeller
der de statlig ansatte ved kontaktsentertjenesten etter gjeldende
lovgivning ikke er i stand til å betjene Nav-brukere med spørsmål
som gjelder kommunale ytelser. Tilgang på visse klart avgrensede opplysninger
vil gi en bedre tjeneste for brukerne. Komiteen har
ingen ytterligere merknader og støtter forslaget.
Komiteen viser til
at forslaget kun er av lovteknisk art.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at
disse medlemmer stemte mot innstrammingene i statsgarantien for lønnskrav
ved konkurs da dette ble vedtatt i forbindelse med budsjettbehandlingen
for 2014 (jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) fra regjeringen Solberg),
men at saken her kun gjelder oppdatering av henvisninger til ulike
paragrafer i de to aktuelle lovene.
Komiteen gir sin tilslutning
til regjeringens forslag.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover
I
I lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs
skal § 67 fjerde leddet lyde:
Det skal ikke stilles sikkerhet
etter første ledd når konkurs begjæres åpnet av skyldneren eller
en arbeidstaker med fortrinnsberettiget fordring etter dekningsloven
§ 9-3 eller et dekningsberettiget krav etter lønnsgarantiloven §
1 fjerde ledd nr. 1 og nr. 2 første punktum.
II
I lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett
skal § 9-3 første leddet nr. 1 andre leddet tredje punktum lyde:
Når staten har dekket krav på
vederlag som nevnt i bokstav c og d etter den statlige lønnsgarantiordningen,
jf. lønnsgarantiloven § 1 fjerde ledd nr.1, eller krav
som nevnt i lønnsgarantiloven § 1 fjerde ledd nr. 2,
har statens regresskrav mot boet fortrinnsrett.
III
I lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott skal
desse endringane gjerast:
§ 4 første leddet bokstav b skal
lyde:
b) barnet får rett til ytelser etter folketrygdloven kapittel
11, 12, 13, 15 eller 17 som har til formål å sikre
inntekt.
§ 9 fjerde leddet andre punktum skal lyde:
Bidragsfogden kan innhente nødvendige opplysninger fra
arbeidsgiver mv. i samsvar med bestemmelsene i barneloven § 70
sjuende ledd og folketrygdloven § 21-4 første ledd.
IV
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse
endringane gjerast:
§ 4-12 tredje leddet skal lyde:
Dagpenger inklusive barnetillegg kan ikke
utgjøre mer enn 90 prosent av medlemmets dagpengegrunnlag.
§ 4-14 vert oppheva.
§ 8-49 fjerde leddet tredje punktum vert oppheva.
§ 22-8 første leddet nytt fjerde punktum skal lyde:
Tilsvarende gjøres det fradrag for differansen dersom
forsørgeren på grunn av forsørgelsen har fått utbetalt et høyere
pensjonstillegg etter § 19-9 eller et høyere tillegg etter § 19-14
femte ledd enn vedkommende ellers ville hatt rett til.
§ 25-5 a vert oppheva.
V
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd, som endrast
ved lov 16. desember 2011 nr. 59 om endringer i folketrygdloven
(ny uføretrygd og alderspensjon til uføre), skal desse endringane
gjerast:
Endringa av § 12-15 tredje ledd skal
lyde:
Barnetillegg påvirkes ikke av at uføregraden er lavere
enn 100 prosent. Dersom uføretrygd tillagt barnetillegg
utgjør mer enn 95 prosent av inntekt før uførhet, se § 12-9 første
og andre ledd, reduseres barnetillegget. Ved flere barnetillegg
fordeles reduksjonen likt på alle barnetilleggene. Barnetillegget prøves
deretter mot forsørgerens inntekt, se § 12-16.
VI
I lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til
personar med kort butid i Noreg skal desse endringane gjerast:
§ 5 skal lyde:
§ 5. Full supplerande stønad
Full supplerande stønad skal svare til
a) minste pensjonsnivå med høg sats for einslege stønadstakarar og
for stønadstakarar med ektemake som ikkje har fylt 67 år
b) minste pensjonsnivå med ordinær sats for kvar av ektemakane
når begge har fylt 67 år.
§ 9 skal lyde:
§ 9. Låge stønadsbeløp
Supplerande stønad vert ikkje gitt dersom ytinga ville
utgjere eit mindre beløp enn to prosent av full supplerande stønad
etter § 5 bokstav a.
§ 13 fjerde leddet skal lyde:
Når supplerande stønad er utbetalt i utlandet i strid med
reglane i § 4, skal for mykje utbetalt stønad avreknast
månad for månad i ein ny stønadsperiode utan omsyn til om vilkåra
for tilbakekrevjing etter første leddet er oppfylte.
§ 21 andre leddet skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om tiltak med sikte på å
kontrollere at vilkåra i § 4 er oppfylte eller om ein stønadstakar
har hatt opphald i utlandet i strid med reglane. Forskrifta
kan bestemme at ein stønadstakar skal møte personleg
på det felles lokale kontoret inntil to gonger i året og vise pass
eller anna reisedokument.
VII
I lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen
skal desse endringane gjerast:
§ 16 overskrifta skal lyde:
§ 16. Behandling av personopplysninger
ved det
felles lokale kontoret og informasjonsdeling med
Arbeids- og velferdsetatens kontaktsentertjeneste
§ 16 nytt anna punktum skal lyde:
Taushetsplikten er heller ikke til hinder for
at sentrale opplysninger om individuelle kommunale stønadssaker
er tilgjengelige for ansatte ved Arbeids- og velferdsetatens kontaktsentertjeneste.
VIII
I lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i folketrygdloven,
lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger
til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for
offentlig tjenestepensjon) del XVI skal desse endringane gjerast:
Endringa av § 5 andre og tredje leddet
vert oppheva.
Endringa av § 6 første leddet skal lyde:
Full supplerande stønad skal setjast ned med inntekt hos
stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken. Dersom begge ektemakane
har fylt 67 år, skal inntekt hos den eine ektemaken berre inngå
ved prøvinga av ytingane til den andre ektemaken med den delen som
overstig full supplerande stønad etter § 5 bokstav b.
IX
Ikraftsetjing. Overgangsreglar.
1. Endringane i del
I og II trer i kraft straks.
2. Endringane i del III, VI og VII trer
i kraft 1. januar 2015.
3. Endringane i del IV trer i kraft 1.
januar 2015, med unnatak av endringa av folketrygdlova § 25-5 a,
som trer i kraft straks. Opphevinga av folketrygdlova § 4-14 og
§ 8-49 fjerde leddet tredje punktum får ikkje verknad for ferietillegg som
er tent opp før ikraftsetjingstidspunktet. Departementet kan i forskrift
gi nærmare reglar om kven endringane gjeld for.
4. Endringa i del V trer i kraft 1. januar
2016. Departementet gir forskrift med nærare overgangsreglar for
mottakarar av barnetillegg per 31. desember 2015.
5. Endringane i del VIII trer i kraft
straks. Endringane gjeld for stønadsperiodar som tar til i 2015
eller seinare.
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den
4. desember 2014.
Arve Kambe | Lise Christoffersen |
leder | ordfører |