1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen blir det fremja forslag om endringar i følgjande lover:

  • lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov 16. desember 2011 nr. 59 om endringer i folketrygdloven (ny uføretrygd og alderspensjon til uføre)

  • lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon) del XVI

  • lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

  • lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott

  • lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen

  • lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs

  • lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett

Forslaga gjeld:

  • Oppheving av ferietillegget i dagpengeordninga og tilsvarande ferietillegg til dei særskilde sjukepengane til dagpengemottakarar – sjå kapittel 2 i proposisjonen.

  • Endring av barnetillegget i uføretrygda frå behovsprøvd til eit standardisert barnetillegg frå 1. januar 2016 – sjå kapittel 3 i proposisjonen.

  • Endring av perioden med rett til overgangsstønad vert etter hovudregelen redusert frå tre til eitt år eller fram til barnet får rett til barnehageplass etter barnehagelova § 12 a – sjå kapittel 4 i proposisjonen.

  • Endring i folketrygdlova § 22-8 slik at det kan gjerast frådrag for meirutbetalingar av tillegg etter folketrygdlova § 19-9 og § 19-14 femte ledd, når ein ektemake som det er gjeve forsørgingstillegg for får etterbetalt ei eiga yting for den same perioden – sjå kapittel 5 i proposisjonen.

  • Oppheving av regelen i folketrygdlova § 25-5 a om sanksjonar ved sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte – sjå kapittel 6 i proposisjonen.

  • Avvikling av forsørgingstillegg for barn og ektemake under 67 år til mottakarar av supplerande stønad – sjå kapittel 7.

  • Endring i forskotteringslova for å reflektere endringar i andre lover – sjå kapittel 8 i proposisjonen.

  • Unnatak frå forvaltningsmessig teieplikt i arbeids- og velferdsforvaltningslova – sjå kapittel 9 i proposisjonen.

  • Retting av heimelstilvisningar i konkursloven og dekningsloven.) – sjå kapittel 10 i proposisjonen.

Lovendringane er naudsynte og følgjer av forslag som er fremja i Prop. 1 S (2014–2015) Statsbudsjettet. I tillegg vert det foreslått einskilde lovtekniske justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdlova, forskotteringslova, konkurslova og i dekningslova.

Det vises til kapittel 11 i proposisjonen der det er gjort greie for merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget.

1.2 Oppheving av ordninga med ferietillegg til dagpengane – folketrygdlova § 4-14 og § 8-49

1.2.1 Forslag

Det foreslåas å oppheve ordninga med ferietillegg til dei som mottek dagpengar under arbeidsløyse eller som får sjukepengar på grunnlag av dagpengane.

Det vises til kapittel 2.2 i proposisjonen der det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 2.3 der det er gjort nærmare greie for vurderingar og forslag frå departementet.

Ferietillegget til dei særskilde sjukepengane, som er heimla i folketrygdlova § 8-49 fjerde ledd, vart grunngjeve på same måte som ferietillegget til dagpengane. Som følgje av at ferietillegget til dagpengane vert avvikla, bør difor det særlege ferietillegget til sjukepengane også avviklast. Det foreslåas difor å oppheve folketrygdlova § 8-49 fjerde ledd tredje punktum. Det foreslåas ikkje endringar i dei ordinære reglane for feriepengar av sjukepengar etter folketrygdlova § 8-33.

Det vises til lovforslaget.

1.2.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det foreslåas at endringa trer i kraft 1. januar 2015, men slik at dei som har tent opp rett til ferietillegg i 2014 får dette utbetalt som om reglane fortsett gjeld. Det kan gis nærmare reglar om dette i forskrift.

Endringa vil ikkje ha økonomiske konsekvensar i 2015, men vil føre til ein reduksjon av dagpengeutbetalingane for 2016 på om lag 1 mrd. kroner. Avviklinga av ferietillegget inneber også ei administrativ forenkling.

1.3 Omlegging til standardisert barnetillegg til mottakarar av uføretrygd – folketrygdlova §§ 12-14, 12-15 og 12-16

1.3.1 Forslag

Barnetillegget til uføretrygda bør vere på nivå med barnetillegget til arbeidsavklaringspengane. Det foreslåas difor at det behovsprøvde barnetillegget frå 1. januar 2016 vert erstatta med eit standardisert barnetillegg på nivå med det tillegget mottakarar av arbeidsavklaringspengar får.

Forslaget inneber at nye mottakarar av uføretrygd etter 2016 som har forsørgingsansvar for barn under 18 år får barnetillegg med 7 020 kroner per år per barn. Til samanlikning utgjer dagens behovsprøvde barnetillegg før ev. avkorting og reduksjon 35 348 kroner per barn per år (G per 1. mai 2014).

Barnetillegget skal avkortast etter trygdetid, graderast etter uføregraden og reduserast på grunn av arbeidsinntekt over inntektsgrensa. Det foreslåas òg ei overgangsordning for eksisterande mottakarar av behovsprøvd barnetillegg.

Det vises til kapittel 3.2 i proposisjonen der det gjeras greie for gjeldande rett, herunder behovsprøvd barnetillegg til uføretrygd og standardisert barnetillegg til mottakarar av arbeidsavklaringspengar.

Det vises til kapittel 3.3 i proposisjonen der det er gjort nærmare greie for vurderingar og forslag frå departementet.

Føresegnene om uføretrygd og dei behovsprøvde barnetillegga går fram av endringslova. Frå 1. januar 2015 vil desse føresegnene verte tatt inn i folketrygdlova. Dei aktuelle lovendringane frå 1. januar 2016 vil dermed gjelde folketrygdlova, slik ho vert endra ved lov 16. desember 2011 nr. 59 om endringar i folketrygdlova (ny uføretrygd og alderspensjon til uføre).

Det vises til lovforslaget, folketrygdlova § 12-14 andre leddet og § 12-15 og oppheving av folketrygdlova § 12-16.

1.3.2 Iverksetjing. Overgangsreglar og økonomiske og administrative konsekvensar

Det foreslåas at endringa trer i kraft frå 1. januar 2016 og får verknad for mottakarar av uføretrygd som har omsorg for eller får omsorg for barn under 18 år etter 31. januar 2015 som dei ikkje allereie mottek barnetillegg for. Det nye standardiserte tillegget skal gjevast til eksisterande mottakarar av uføretrygd med barn og som ikkje har rett til behovsprøvd barnetillegg per 31. desember 2015. Det nye tillegget skal også gjevast til mottakarar av uføretrygd som allereie mottek behovsprøvd barnetillegg om dei får nye barn.

Det foreslåas ei overgangsordning for eksisterande uførepensjonistar med barnetillegg. Overgangsordninga inneber at innvilga barnetillegg per 31. desember 2015 skal frysast og at det skjer ei gradvis avvikling av tillegget gjennom ein treårsperiode. Det nominelle beløpet for barnetillegget vert trappa ned til 3/4 i 2016, 1/2 i 2017 og 1/4 i 2018. Frå 2019 vil dei ha rett til det nye, standardiserte barnetillegget.

Forslaget er rekna å gi ei netto innsparing på 45 mill. kroner i 2016, 322 mill. kroner i 2017, 527 mill. kroner i 2018 og ei innsparing på 586 mill. kroner i 2019.

Forslaget inneber ei stor forenkling av saksbehandlinga og vil dermed gi reduserte administrative kostnader for Arbeids- og velferdsetaten.

1.4 Reduksjon av perioden med rett til overgangsstønad frå tre til eitt år – folketrygdlova § 15-6

1.4.1 Innleiing

Det foreslåas at perioden med rett til overgangsstønad som hovudregel vert sett til eitt år eller fram til barnet får rett til barnehageplass etter barnehagelova § 12 a.

Det vises til kapittel 4.2 i proposisjonen der det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 4.3 der vurderingar og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.

Det vises til lovforslaget.

1.4.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det foreslåas at endringa vert sett i kraft 1. januar 2015 for nye tilfelle av overgangsstønad. Det vil bli gitt forskrift med nærmare presiseringar om kven som skal reknast som nye tilfelle. Endringa vil ikkje ha økonomiske konsekvensar i 2015, men det er venta ei innsparing i utbetalingane av stønader til einsleg mor eller far i 2016 på om lag 255 mill. kroner.

Endringa vil venteleg ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.

1.5 Endring i folketrygdlova § 22-8 første leddet

1.5.1 Innleiing

Det foreslåas at folketrygdlova § 22-8 første leddet vert supplert, slik at ein kan gjere frådrag for meirutbetalingar av tillegg etter folketrygdlova § 19-9 og § 19-14 femte ledd, når ein ektemake som det er gjeve forsørgingstillegg for får etterbetalt ei eiga yting for den same perioden.

Det vises til kapittel 5.2 i proposisjonen der det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 5.3 der vurderingar og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.

Det vises til lovforslaget.

1.5.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det foreslåas at endringa trer i kraft 1. januar 2015. Endringa vil føre til visse innsparingar for folketrygda og i nokon mon administrativt meirarbeid.

1.6 Oppheving av sanksjonsregelen ved sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte

1.6.1 Forslag

I Prop. 102 L (2013–2014) endringar i arbeidsmiljølova og folketrygdlova for å forenkle oppfølginga av sjukmelde frå 1. juli 2014 ble det foreslått å gjere arbeidet med sjukefråvær enklare for verksemder og å målrette innsatsen mot dei sjukmelde som har eit særleg behov for tett oppfølging, slik at oppfølgingsarbeidet vert relevant og meiningsfylt. I lovforslaget vart det mellom anna foreslått at regelen i folketrygdlova § 25-5 a om sanksjonar ved sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte i sin heilskap skulle opphevast. Ved ein inkurie ble ikkje dette vedteke av Stortinget, og forslaget om å oppheve folketrygdlova § 25-5 a fremjas difor på nytt.

Det vises til lovforslaget, oppheving av folketrygdlova § 25-5 a.

1.6.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det foreslåas at endringa trer i kraft straks. Endringa vil ikkje ha store økonomiske eller administrative konsekvensar.

1.7 Endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

1.7.1 Innleiing

Det foreslåas endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg av 29. april 2005 nr. 21 med sikte på å avvikle forsørgingstillegga til mottakarar av supplerande stønad. Endringane er innarbeidde i budsjettframlegget for 2015.

Det vises til kapittel 7.2 i proposisjonen der det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 7.3 der vurderingar og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.

Det vises til lovforslaget.

1.7.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det foreslåas at forsørgingstillegga vert avvikla frå 1. januar 2015, og lovendringa knytte til dette må difor tre i kraft frå denne datoen. Tilpasningane i lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon) bør likevel tre i kraft straks, slik at dei er på plass når denne endringslova trer i kraft 1. januar 2015.

Det foreslåas at avviklinga av forsørgingstillegga til supplerande stønad berre skal gjelde saker der stønadsperioden, eller ein ny stønadsperiode, tek til tidlegast frå 1. januar 2015 (supplerande stønad vert gjeven for 12 månader om gongen). Avviklinga av forsørgingstillegga får difor full effekt først i 2016. Ein reknar med at endringane vil føre til ei innsparing i utgiftene til supplerande stønad på i alt 7,6 mill. kroner i 2015, og 15 mill. kroner i 2016 (heilårseffekten).

Endringane gjer at om lag 250 mottakarar av supplerande stønad vil få reduserte ytingar. For mottakarar av full stønad utgjer reduksjonen 16,7 pst. ved forsørging av eitt barn og 20 pst. ved forsørging av ektemake (utan forsørging av barn).

Endringa vil venteleg i nokon grad redusere arbeidet med ordninga for supplerande stønad, men ikkje i ein slik grad at det kan påverke budsjettet.

1.8 Endringar i forskotteringslova

1.8.1 Forslag

Det foreslåas justeringar i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 4 første leddet bokstav b og § 9 fjerde leddet for å reflektere endringar i andre lover.

Det vises til kapittel 8.2 i proposisjonen der det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 8.3 der vurderingar og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.

1.8.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det foreslåas at endringane trer i kraft 1. januar 2015. Dei vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

1.9 Unnatak frå forvaltningsmessig teieplikt i arbeids- og velferdsforvaltningslova § 16

1.9.1 Forslag

Det foreslåas ny heimel i lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltninga § 16 fyrste leddet til å gi statlege tilsette ved kontaktsentertenesta i Arbeids- og velferdsetaten tilgang til opplysingar i kommunale sakshandsamingssystem.

Det vises til kapittel 9.2 i proposisjonen der det gjeras greie for gjeldande rett og kapittel 9.3 der vurderingar og forslag frå departementet er nærmare gjort greie for.

1.9.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det foreslåas at endringane trer i kraft 1. januar 2015. Forslaget vil medføre ein estimert meirkostnad på 12 mill. kroner i 2015 og følgjande år. Kostnaden knyter seg til at gjennomsnittleg tidsbruk per førespurnad til kontaktsentertenesta i Arbeids- og velferdsetaten vil auke og at kø-effektiviteten vil verte noko redusert. Det vert lagt til grunn at forslaget vil medføre ein innsparingseffekt for kommunane som minst tilsvarer satsinga. Finansieringa av tiltaket er nærmare skildra i Prop. 1 S (2014–2015) og Prop. 95 S (2013–2014).

1.10 Retting av heimelstilvisningar i konkurslova og dekningslova

Lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv. (lønnsgarantilova) § 1 vart endra med verknad frå 1. januar 2014. Mellom anna vart det gjort nokre redaksjonelle endringar for å gjere samanhengen mellom lønnsgarantilova og lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova) § 9-3 tydelegare.

Både lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkurslova) § 67 og dekningslova § 9-3 første leddet nr. 1 viser til ulike føresegner i lønnsgarantilova § 1. Desse tilvisingane vart ikkje oppdatert samstundes med dei nemnde redaksjonelle endringane i lønnsgarantilova.

Korkje endringa i konkurslova eller endringane i dekningslova inneber nokon materiell endring.