Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.3.2.6 Oppteljing og publisering av valresultat

OSSE anbefaler at valmyndigheitene bør vurdere å offentleggjere valresultata for kvart enkelt vallokale for å styrkje openheita og innsynet endå meir.

Det er i dag berre dei fire største kommunane som offentleggjer oppteljingsresultat frå valtinget per valkrets. Både veljarane og media ønskjer at resultata per valkrets skal offentleggjerast i fleire kommunar.

Etter regelendringa i forkant av valet i 2013 blei det ikkje lenger mogleg å få resultat per valkrets i førehandsstemmegivinga. Alle veljarane kunne leggje setelen direkte i urna i ein valfri valkrets i kommunen. Det førte til at stemmesetlane ikkje lenger kunne sorterast på krets. Med den noverande rutinen er det altså ikkje mogleg med kretsvise resultat for førehandsstemmegivinga, noko som mellom andre Høgre i si høyringsfråsegn påpeiker er uheldig.

Frå og med valet i 2015 er det departementet som har ansvar for valresultatrapporteringa. Som ein del av dette oppdraget er det vurdert å offentleggjere valresultat kretsvis for fleire kommunar. Det er kommunane sjølve som avgjer om stemmene skal teljast opp kretsvis eller for kommunen samla. Departementet vil leggje til rette for at alle kommunar som har kretsvise oppteljingar, kan få oppteljinga offentleggjord på valresultatsida til departementet. Oppmodinga blir altså teken til følgje for kommunar som på valtinget har kretsvise valresultat.