Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I dagens lovtekst står det at meldingar om endringar i stemmekretsinndelinga skal sendast til folkeregistermyndigheita. Folkeregistermyndigheita er ikkje lenger mottakar av slike meldingar. Meldingane skal sendast til Statens kartverk som sentral matrikkelmyndigheit. Dei sørgjer for å oppdatere matrikkelen og sender over opplysningane til Skattedirektoratet for å kople dei saman med Folkeregisteret.
Føresegna i vallova bør oppdaterast, slik at valstyra melder inn til rett myndigheit. Dette er ei reint teknisk endring, som ikkje fører til noka endring av praksis eller ansvar.
Endringane kan tre i kraft straks.