I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i vert det lagt fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre storting.

Det blei i 2014 utbetalt kr 17 661 000 til pensjonar. I statsbudsjettet for 2015 er det foreslått kr 17 800 000 på kapittel 611 Pensjoner av statskassen, jf. Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2015.

1.1 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ei særordning som gir Stortinget høve til å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte.

Proposisjonen no gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar.

Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. i utanriksinstruksen.

Utanriksstasjonane skal syte for at dei lokalt tilsette blir innlema i lokale trygde- og forsikringsordningar. Dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er tatt inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet har i seinare tid lagt stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikre at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar.

Samstundes blir det gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve. Utanriksdepartementet arbeider vidare med ei breiare kartlegging av arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Ytingar frå lokale pensjonsordningar skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Dette gjeld anten utbetalinga er månadleg eller, som i visse tilfelle, som eit eingongsbeløp.