Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Grunnlovsforslag fra Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk og Jenny Klinge om endring av § 57 i Grunnlova (berre norske borgarar skal reknast med ved mandatfordelinga)

Dette dokument

  • Innst. 163 S (2015–2016)
  • Kildedok: Dokument 12:28 (2011–2012)
  • Dato: 09.02.2016
  • Utgiver: kontroll- og konstitusjonskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Ovennemnde grunnlovsforslag er fremma av Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk og Jenny Klinge og gjeld endring av § 57 i Grunnlova med sikte på at berre norske borgarar skal reknast med ved mandatfordelinga.

Etter Grunnlova skal stortingsmandata si fordeling mellom dei ulike valdistrikta gjerast kvart åttande år. Fylka er valdistrikta. Kommunal- og regionaldepartementet offentleggjorde 7. mai 2012 fordelinga som skal gjelda for stortingsvalet i 2017. Til grunn for denne fordelinga av stortingsmandat ligg innbyggjartalet i fylket og fylket sitt areal.

Forslagsstillarane viser til at berre norske borgarar kan verta valde som stortingsrepresentantar. Paragraf 50 i Grunnlova seier at berre norske borgarar kan røysta ved stortingsval. I paragraf 57 er derimot omgrepet «antall innbyggere»/«innbyggjartalet» (i tidlegare versjon «Indvaaner») brukt. Kommunal- og regionaldepartementet (no Kommunal- og moderniseringsdepartementet) si forståing av dette omgrepet gjer at det no er skilnad på grunnlaget for utrekning av mandatfordelinga til Stortinget og dei som har røysterett i valdistriktet. Det er ikkje noko som tyder på at valet av nemnde omgrep i paragraf 57 var tilsikta å gje denne skilnaden. Forslagsstillarane ser det som viktig å få retta opp i dette gjennom eintydig omgrepsbruk.

Forslagsstillarane føreslår difor at paragraf 57 i Grunnlova vert endra slik at det er talet på norske borgarar i valdistriktet, ikkje talet på registrerte innbyggjarar uavhengig av statsborgarskap, som saman med valdistriktet sitt areal, skal liggja til grunn for fordelinga av stortingsmandat.

Forslagsstillarane fremmer følgjande forslag:

Ǥ 57 femte ledd skal lyda:

Alternativ B (bokmål og nynorsk):

Det antall stortingsrepresentanter som skal velges fra hvert valgdistrikt, beregnes på grunnlag av forholdet mellom distriktets antall norske borgere samt areal, og hele rikets antall norske borgere samt areal. I denne beregning gir hver borger 1 poeng og hver kvadratkilometer 1,8 poeng. Beregningen skal foretas hvert åttende år.

Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av høvet mellom talet på norske borgarar og flatevidda i distriktet på den eine sida og talet på norske borgarar og flatevidda i heile riket på den andre sida. I denne utrekninga gjev kvar borgar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år.»

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard og lederen Martin Kolberg, fra Høyre, Erik Skutle og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Tom E. B. Holthe og Helge Thorheim, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Erik Lundeby, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson, viser til grunnlovsforslag Dokument 12:28 (2011–2012) Grunnlovsforslag om endring av § 57 i Grunnlova (berre norske borgarar skal reknast med ved mandatfordelinga) om endring av § 57 i Grunnlova samt forslagsstillar si grunngjeving. Forslaget inneber at berre innbyggjarar med norsk statsborgarskap skal reknast med ved mandatfordelinga, i staden for alle innbyggjarar, som er høvet i dag.

Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Senterpartiet, viser til at nesten 10 prosent av innbyggjarane i Noreg er utanlandske statsborgarar. Ifølgje SSB passerte talet på utanlandske statsborgarar ein halv million i 2014, og utgjorde dermed 9,9 prosent av folketalet i Noreg ved årsskiftet.

Fleirtalet har merka seg at innbyggjarar utan norsk statsborgarskap er nokså jamt fordelt i landet i dag, sjølv om det er variasjonar. I hovudstaden utgjer utanlandske statsborgarar 15,8 prosent av innbyggjarane i kommunen. Utanom Oslo er det fylka Rogaland, Akershus, Buskerud og Finnmark som har den største delen utanlandske statsborgarar sett i høve til folketalet: over 10 prosent i kvart av fylka. Lågast del utanlandske statsborgarar har Nord-Trøndelag med under 6 prosent.

Fleirtalet meiner at vårt representative demokrati inneber at Stortinget skal representere alle innbyggjarar, ikkje berre norske statsborgarar, berre dei med røysterett eller berre dei som har røysta på valdagen. Fleirtalet meiner det ikkje er ønskjeleg å endre det systemet vi har i dag og går inn for at forslaget ikkje vert vedteke.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Senterpartiet mener praktiseringen av dagens mandatfordeling ikke er i tråd med Grunnlovens intensjon. Det at det er forskjell på antall stemmeberettigede og hvem som er i beregningsgrunnlaget for mandater fra valgdistriktet, er uheldig. Selv om Grunnloven § 57 bruker begrepet «antall innbyggere», mener disse medlemmer at man må se hen til § 50 som sier at bare norske borgere kan stemme ved stortingsvalg.

Disse medlemmer mener derfor at Grunnloven § 57 bør endres slik at det er antallet norske statsborgere i valgdistriktet, og ikke antallet registrerte innbyggere, som sammen med valgdistriktets areal skal legges til grunn for fordelingen av antall mandat fra de ulike valgdistriktene.

Disse medlemmer foreslår på denne bakgrunn at Dokument 12:28 (2011–2012) bifalles.

Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet og Senterpartiet:

Forslag 1

Dokument 12:28 (2011–2012) – Grunnlovsforslag fra Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk og Jenny Klinge om endring av § 57 i Grunnlova (berre norske borgarar skal reknast med ved mandatfordelinga) – bifalles.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Dokument 12:28 (2011–2012) – Grunnlovsforslag fra Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk og Jenny Klinge om endring av § 57 i Grunnlova (berre norske borgarar skal reknast med ved mandatfordelinga) – bifalles ikke.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 9. februar 2016

Martin Kolberg

Rasmus Hansson

leder

ordfører