Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Styremaktene har aktivt lagt til rette for kommersiell allmennkringkasting i ei årrekkje. Dette kjem dels av at frekvensressursar for kringkasting har vore eit knappheitsgode som det har vore knytt forpliktingar til, og dels av eit politisk ønske om å sikre at NRK ikkje skal vere åleine om å tilby allmennkringkastingsinnhald. Per i dag er det ein TV-kanal (TV 2) og to radiokanalar (Radio Norge og P4) som har status som riksdekkjande kommersielle allmennkringkastarar i Noreg. I tillegg er ei rad kommersielle lokalradioar underlagde allmennkringkastingsplikter.
I Meld. St. 8 (2010–2011) Digitalisering av radiomediet la Kulturdepartement til grunn at det ikkje vil vere grunnlag for å stille konsesjonsplikter etter at FM-nettet blir sløkt. Avgjerda vart grunngjeven med at det riksdekkjande DAB-nettet vil ha kapasitet tilnærma lik etterspurnaden, og at det difor ikkje lenger vil vere grunnlag for å stille konsesjonsplikter for riksdekkjande radiokringkasting. Dette tyder at kommersiell allmennkringkasting på radio vil bli avvikla når FM-nettet blir sløkt i 2017. Vurderingane i dette kapittelet er difor knytte til kommersiell allmennkringkasting i TV.
Å halde ved lag eit kommersielt allmennkringkastingstilbod er verdfullt for mediemangfaldet. Kommersiell allmennkringkasting har også ein skjerpande effekt på NRKs tilbod. Dersom NRK skulle vere åleine om å tilby visse programkategoriar og å tene smale grupper, ville selskapet misse eit insentiv til å prioritere kvalitet og mangfald overfor desse kategoriane. Departementet vil difor lyse ut ei ny avtale om status som formidlingspliktig allmennkringkastar som alle interesserte aktørar kan søkje på. Dette vil bli gjort i god tid før TV 2s avtale med staten går ut 31. desember 2016.
Departementet kjem attende til innhaldet i den nye avtala. Krav om eigenprodusert nyheitstilbod og lokalisering i Bergen vil liggje fast.
Offentleg støtte er eit mogleg tiltak som kan bidra til kommersiell allmennkringkasting. Regjeringa vil gje eit offentleg utnemnt utval i oppdrag å vurdere mediemangfaldet i Noreg. Utvalet skal bl.a. vurdere behov, omfang og offentleg finansiering av allmennkringkasting og nyheits- og aktualitetsmedia. Departementet har difor ikkje vurdert offentleg finansiering av kommersiell allmennkringkasting i stortingsmeldinga.
Departementet vil setje i gang eit arbeid med å revidere kringkastingslova. I revisjonen vil departementet vurdere om kringkastingsregelverket bør liberaliserast og forenklast for å betre konkurranseevna og lønsemda til norske kommersielle kringkastarar.
AMT-direktivets sendarlandsprinsipp inneber at TV-kanalar einast er underlagde jurisdiksjonen i det landet kanalane er etablerte i. Eitt av hovudformåla med direktivet er å leggje til rette for fri rørsle av fjernsyn og audiovisuelle bestillingstenester. Prinsippet om fri vidareformidling inneber at det einskilde EØS-landet (heretter mottakarland) i utgangspunktet ikkje kan hindre vidaresending av TV eller audiovisuelle bestillingstenester frå tilbydarar som er etablerte i eit anna EØS-land (sendarland), jf. AMT-direktivet artikkel 3 nr. 1. Sendarlandsprinsippet og prinsippet om fri vidareformidling inneber at Noreg i utgangspunktet ikkje kan setje seg imot sendingar frå TV-kanalar som har etablert seg i eit anna EØS-land med lempelegare reglar og som rettar sendingane sine mot Noreg. For eksempel er TV3 etablert i Storbritannia og dermed underlagt britisk kringkastingsregulering, sjølv om TV3 konkurrerer i den same annonsemarknaden som norske kringkastarar. Dette tyder i praksis at TV3 har ein konkurranseføremon samanlikna med norske kringkastarar, fordi det britiske regelverket er meir liberalt enn det norske. Ei liberalisering og forenkling av reglane i kringkastingslova er difor eit verkemiddel til å styrkje konkurranseevna til norske kringkastarar.
Departementet meiner at det er eit klårt behov for å vurdere ei opprydding i kringkastingsregelverket.
Departementet vil leggje fram eit høyringsnotat med forslag til endringar i reklameregelverket hausten 2015. Departementet viser elles til at Helse- og omsorgsdepartementet 17. april 2015 sende på høyring eit framlegg om å oppheve forbodet mot reklame for reseptfrie legemiddel på fjernsyn.
Regjeringa vil notifisere eit meirverdiavgiftsfritak for alle nyheits- og aktualitetsmedium, medrekna nyheits-TV-kanalar. Eit meirverdiavgiftsfritak for nyheits-TV-kanalar vil kunne stimulere til auka produksjon av norsk nyheitsbasert TV-innhald og vil kunne kome bl.a. TV 2 Nyhetskanalen til gode. Dersom ordninga blir godkjend av EFTAs overvakingsorgan, legg departementet til grunn at tiltaket vil ha positiv effekt for produksjon av norsk audiovisuelt nyheits- og aktualitetsinnhald og stimulere nyheits- og aktualitetstilbodet til norske brukarar.
Det såkalla infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd inneber at staten ikkje berre skal halde seg frå inngrep i ytringsfridomen, men også leggje til rette for ytringsvilkåra til borgarane. Dette tyder at det må leggjast til rette for kanalar som kan medverke til ei open og opplyst offentleg samtale. Staten har fleire mediepolitiske verkemiddel til å fremje dette. Departementet meiner at det er behov for å vurdere om verkemidla har ei formålstenleg innretning sett i lys av endringane i mediemarknaden. Regjeringa vil derfor nemne opp eit utval som bl.a. skal vurdere korleis statens verkemiddel kan innrettast for å leggje til rette for ein open og opplyst offentlig samtale og stimulere til eit mangfaldig tilbod av medium. Regjeringa vil gje utvalet følgjande mandat:
Utvalet skal vurdere kva statens mål for mediemangfaldet bør være, og beskrive sentrale utviklingstrekk på mediefeltet og korleis desse påverkar mediemangfaldet.
Utvalet skal vurdere det samla norske tilbodet med særleg fokus på to område: nyheits- og aktualitetsmedium og funksjonen media har i nyheits- og debattformidlinga, samt allmennkringkastarar og deira betyding for Noregs språk og kultur.
Med utgangspunkt i sin analyse skal utvalet vurdere korleis det statlege økonomiske verkemiddelapparatet, bl.a. produksjonstilskotet og kringkastingsavgifta, best kan innrettast for å leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale og stimulere til eit mangfaldig tilbod av medium. Utvalet skal bl.a. vurdere behov, omfang og offentleg finansiering av allmennkringkasting og nyheits- og aktualitetsmedium. Utvalet kan også vurdere regulatoriske verkemiddel dersom dette er relevant.