Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I vurderinga av korleis NRKs allmennkringkastingsoppdrag bør forankrast, vil særleg to omsyn gjere seg gjeldande. For det første må forankringa leggje til rette for at NRKs allmennkringkastingsoppdrag speglar fellesskapets forventningar til NRK. For det andre må forankringa vareta prinsippet om NRKs redaksjonelle sjølvstende. Departementet legg til grunn at den politiske styringa av NRKs allmennkringkastingsoppdrag bør skje ut frå ei prinsipiell tilnærming. Ei slik tilnærming er avgjerande viktig for NRKs redaksjonelle sjølvstende og fridom. Departementet legg vidare til grunn at det framleis er behov for at Stortinget vedtek nokre overordna krav om NRKs allmennkringkastingsoppdrag, mellom anna for å sikre ein open debatt og demokratisk prosess rundt oppdraget.
Introduksjonen av NRK-plakaten i 2007 vart grunngjeven med mellom anna eit ønske om å samle Stortingets krav til NRKs allmennkringkastingstilbod i eitt dokument. Det vart vidare framheva at NRK-plakaten skulle fungere som eit politisk styringsinstrument og eit utgangspunkt for diskusjonar på politisk nivå. Intensjonen var at NRK-plakaten skulle innehalde overordna føringar for NRKs oppdrag. Samtidig vart det lagt til grunn at meir detaljerte føringar for oppdraget skulle fastsetjast av NRKs generalforsamling i vedtektene. Trass i dette inneheld NRK-plakaten både overordna og detaljerte føringar for NRKs allmennkringkastingsoppdrag.
Departementet konstaterer at fleire høyringsinstansar er positive til at NRKs allmennkringkastingsoppdrag blir forankra i ein NRK-plakat. Samtidig blir det gjeve uttrykk for behov for å innføre ei arbeidsdeling mellom NRK-plakaten og NRKs vedtekter. Det blir blant anna vist til at NRK-plakaten er for detaljert, og at den difor bør reindyrkast til å gje uttrykk for NRKs overordna oppdrag. Det blir vidare peikt på at meir detaljerte føringar for NRKs allmennkringkastingsoppdrag kan fastsetjast i vedtektene innanfor den ramma Stortinget vedtek.
Etter departementets vurdering er det fleire argument som talar for at NRK-plakaten bør vere mindre detaljert. Dette vil leggje til rette for at Stortinget drøftar og vedtek NRKs oppdrag på eit prinsipielt og overordna nivå, medan Kulturdepartementet som eigar av NRK kan stille meir detaljerte krav til NRKs oppdrag innanfor dei rammene Stortinget fastset. Dette vil opne for at detaljane i NRKs allmennkringkastingsoppdrag kan gjevast eit meir dynamisk preg, slik både Medietilsynet, NRK sjølv og fleire mediehus peikar på. Departementet viser elles til at fleire andre land har ei «arbeidsdeling» mellom eit overordna allmennkringkastingsoppdrag, som regel vedteke av parlamentet i kvart einskilt land, og meir detaljerte reglar i vedtekter og liknande styringsverkty. Slike arbeidsdelingar er gjennomførde i bl.a. Sverige, Danmark og Storbritannia. Departementet meiner på dette grunnlaget at NRK-plakaten bør opphevast og erstattast med ein ny og meir overordna NRK-plakat. Utkast til ein ny NRK-plakat følgjer av kapittel 17 i meldinga. Prinsippa som følgjer av denne plakaten vil bli tekne inn i NRKs vedtekter og liggje til grunn for meir detaljerte reglar fastsette av NRKs generalforsamling.
Somme høyringsinstansar tek til orde for at NRKs allmennkringkastingsoppdrag bør forankrast i lov og forskrift, blant anna for å sikre at NRKs allmennkringkastingsoppdrag følgjer allmenne prosedyrar for høyring og kontradiksjon. Etter departementets syn er det ikkje noko klårt behov for ei slik forankring av NRKs allmennkringkastingsoppdrag ettersom Stortinget fastset NRK-plakaten i samsvar med ein open og føreseieleg prosess. For det andre må nye NRK-tenester som utgjer ei vesentleg endring av NRKs allmennkringkastingstilbod, gå igjennom ein førehandsgodkjenningsprosedyre, jf. kringkastingslova § 6-3. Denne prosedyren føreset blant anna at Medietilsynet skal opne for kommentarar frå andre interessentar, og at desse skal gjevast ein frist på minimum tre veker til å uttale seg. Førehandsgodkjenningsprosedyren inneber difor at alle nye NRK-tenester som utgjer ei vesentleg endring av allmennkringkastingstilbodet vil bli sende på høyring. Departementet meiner difor at det ikkje er behov for å gjere endringar i allmennkringkastingsoppdragets formelle status på det noverande tidspunktet. Departementet meiner at NRK-plakaten bør bli verande eit politisk styringsinstrument på lik linje med noverande NRK-plakat. Den formelle styringa av NRK vil difor framleis skje via eigarstyring. Dette inneber blant anna at NRKs allmennkringkastingsoppdrag må gjerast formelt bindande for NRK i selskapets vedtekter. Departementet ser samstundes behovet for at demokratiske prinsipp om høyring og kontradiksjon blir varetekne både i Stortingets handsaming av det overordna allmennkringkastingsoppdraget og ved regjeringas behov for justering av meir detaljerte føresegner. Departementet er difor positiv til å vurdere ei lovfesting av NRKs overordna allmennkringkastingsoppdrag og vil kome tilbake til dette spørsmålet i ein komande revisjon av kringkastingslova.
Departementets konklusjonar om allmennkringkastingsoppdragets forankring og formelle status:
NRK-plakaten blir oppheva og erstatta av ein ny og meir overordna NRK-plakat som blir fastsett av Stortinget.
NRK-plakaten blir teken inn i NRKs vedtekter og lagd til grunn for meir detaljerte føresegner fastsette av NRKs generalforsamling.
Departementet vil i ein komande revisjon av kringkastingslova vurdere om NRKs overordna allmennkringkastingsoppdrag bør lovfestast.