Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Departementet konkluderer med at breitt innhald er viktig for at NRK skal oppfylle mandatet sitt. Utan eit breitt oppdrag vil NRK truleg misse oppslutnad blant folk, noko som på sikt kan undergrave NRKs funksjon som allmennkringkastar. Konkrete avgrensingar i NRKs høve til å ha breitt innhald vil også påverke NRKs redaksjonelle fridom. Departementet vil likevel understreke at NRK som allmennkringkastar har eit særleg ansvar for å prioritere det såkalla smale programtilbodet. Det følgjer av gjeldande NRK-plakat at NRK kan formidle same type tilbod som også blir tilbode av kommersielle aktørar, men bør streve etter å tilføre tilbodet eit element av auka samfunnsverdi i høve til det kommersielle tilbodet. Departementet meiner at denne føringa bør vidareførast.