Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.9 Dei faktiske økonomiske rammene til NRK

Oppsummert viser drøftinga i dette kapitlet at NRK har hatt stor vekst i inntekter dei siste ti åra. Veksten i inntekter har vore høgare enn tilsvarande vekst i trykt presse og blant utanlandske allmennkringkastarar, men ikkje sterkare enn dei riksdekkjande, kommersielle kringkastarane. NRK har i nokon grad forsvart marknadsposisjonen sin, og eit stort fleirtal i folket finn at lisensen gjev god valuta for pengane.

NRKs økonomiske rammer må i nokon grad stå i høve til NRK sitt allmennkringkastingsoppdrag. Konklusjonane i meldinga knytte til omfanget av allmennkringkastaroppdraget til NRK inneber i praksis korkje innsnevring eller utviding av oppdraget. Dette tyder at allmennkringkastingsoppdraget isolert sett ikkje er ein grunn til å endre nivået på NRKs inntekter. Departementet vil samstundes understreke at allmennkringkastingsoppdraget til NRK i nokon grad er «elastisk» i den forstand at NRK kan velje å leggje større eller mindre vekt på dei ulike delane av oppdraget. Dei faktiske økonomiske rammene heng vel så mykje saman med kva ambisjonsnivå samfunnet har for NRKs tilbod, som med korleis det formelle oppdraget er utforma. Styremaktene kan dermed velje å redusere dei økonomiske rammene for NRK utan å justere det formelle samfunnsoppdraget.

Av omsyn til konkurransen i marknaden kan heller ikkje dei økonomiske rammene til NRK vere heilt lausrivne frå dei økonomiske tilhøva i bransjen. Samstundes kan det heller ikkje vere slik at dei økonomiske rammene til NRK slavisk skal følgje konjunkturane i bransjen. Det vil vere ei utfordring berre å finne ein praktikabel normal for kva dei generelle konjunkturane i bransjen er, når nokre media har økonomiske utfordringar medan andre opplever oppgangstider.

Det kan òg vere uheldig om NRK veks år for år, medan andre media må stramme inn. Nokre kommentatorar har til dømes peikt på at det kan vere eit demokratisk problem om ein stadig større del av norske journalistar er tilsette i NRK. Samstundes har ein allmennkringkastar til oppgåve å korrigere ein svikt i marknaden gjennom å tilby noko som marknaden elles ikkje produserer. Dette kan tilseie at det er enda viktigare å halde ved lag ein sterk allmennkringkastar dersom norske media snevrar inn det redaksjonelle tilbodet sitt.

På grunnlag av desse vurderingane legg departementet til grunn at den økonomiske situasjonen blant konkurrentane til NRK må takast med i vurderinga når dei faktiske økonomiske rammene til NRK blir fastlagde. Det sentrale omsynet må vere at lisensen blir fastsett på eit nivå som i størst mogleg grad sikrar folk eit balansert (offentleg og privat) medietilbod.

Departementet konstaterer at økonomien til NRK fram til i dag ikkje har vore til hinder for å halde oppe eit mangfald av kommersielle media – både kringkastarar og dagspresse. Utviklinga på mediefeltet er prega av dramatiske endringar i medievanar og press mot etablerte forretningsmodellar. Dette skapar utfordringar for aktørar som blir finansierte i marknaden. Det inneber at styremaktene bør vere merksame på korleis verksemda til NRK påverkar føresetnadane for drifta til dei kommersielle aktørane. Departementet vil difor med jamne mellomrom vurdere korleis dei faktiske økonomiske rammene til NRK – og verksemda til allmennkringkastaren – kan tenkjast å påverke det totale tilbodet til folk.

Departementet legg vidare til grunn at det er viktig å stille krav til at NRK driv kostnadseffektivt. NRK må rekne med at selskapet framover må drive stadig meir effektivt. Det tyder at selskapet ikkje kan vente full kompensasjon for auka kostnader.