Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltninga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltninga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonane der Noreg deltek.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora:
Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming
Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar
Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del