Innhold

2. Oppmåling som tjenesteyting

2.1 Sammendrag

2.1.1 Gjeldande rett

Ei oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og skildre grenser til fast eigedom og tilhøyrande rettar i samsvar med påstandane til partane og dokumenta som er lagde fram, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing, jf. matrikkellova §§ 33 til 35. Den som utfører forretninga (landmålaren), skal ta vare på interessene til alle partane og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk. Nye grenser skal setjast ut i samsvar med løyve etter plan- og bygningsloven. Landmålaren kan samtykkje i mindre avvik for å få ei tenleg tilpassing til forholda i marka.

Hovudregelen er at forretninga skal skje på staden, og at alle grenser skal merkjast og målast inn i det nasjonale geodetiske grunnlaget (koordinatsystemet).

Rekvisisjon av oppmålingsforretning blir sett fram overfor kommunen. Kommunen skal gjennomføre og matrikkelføre forretninga utan unødig opphald.

Oppmålingsforretning er påkravd for at ei ny matrikkeleining (eigedom) skal kunne opprettast i matrikkelen. Matrikkeleininga må vere oppretta i matrikkelen før ho kan bli innført i grunnboka som eiga registereining.

Oppmålingsforretning kan også nyttast i samband med endring av grenser mellom naboeigedommar, som grensejustering for mindre areal og som arealoverføring for større areal.

I tillegg kan oppmålingsforretning gå ut på å klarleggje eksisterande grenser når grensemerke har komme bort eller partane av andre grunnar ønskjer hjelp til å finne ut kvar eksisterande grenser går. Dersom partane ikkje blir einige om den eksisterande grensa, må landmålaren vise dei vidare til domstolane.

2.1.2 Høyringsforslaget

Departementet foreslo i høyringsnotatet at Noreg skal følgje hovudmodellen i Europa ved at eigedomsoppmåling blir utført som profesjonsregulert tenesteyting.

Det er ei klar forvaltningsoppgåve å behandle søknader om oppretting og endring av eigedom etter plan- og bygningsloven. Det same gjeld for føring av opplysningar i matrikkelen etter matrikkellova, både opplysningar om nye eigedommar og om endringar av eksisterande grenser.

I tråd med lovutgreiinga og lovvedtaket i 2005 meinte departementet at forholda ligg godt til rette for å definere det mellomliggjande arbeidet med å måle opp og merkje eigedomsgrenser som tenesteyting utan innslag av utøving av styresmakt.

I proposisjonen blir det vist til at det er få, om nokon, prinsipielle grunnar til å føre vidare den noverande ordninga med oppmåling som eit forvaltningsansvar. Landmålarane forvaltar i utgangspunktet ingen oppgåver som omfattar utøving av styresmakt.

Å definere oppmåling som tenesteyting vil gjere det tydeleg kva rolle landmålaren faktisk har.

Departementet meinte i høyringsnotatet at det ikkje er nødvendig med spesielle reglar for kommunar som tilbyr oppmålingstenester. Kvar enkelt kommune vil i utgangspunktet kunne organisere oppmålinga slik ein finn det tenleg ut frå lokale forhold. Departementet peika på at ESA, overvakingsorganet i EFTA, har stilt spørsmål om organisering av økonomisk aktivitet i det offentlege. Det kan føre til ei innsnevring i organisasjonsfridommen slik at kommunar som ønskjer å halde fram med eit kommunalt oppmålingstilbod, må leggje dette inn i eit selskap som er åtskilt frå resten av verksemda i kommunen når det gjeld rekneskap og organisering.

Innmåling og utstikking av bygningar m.m.

Med byggjesaksreforma av 1995 blei det innført ansvarsrett i byggjesaker. Samtidig blei det kommunale ansvaret for å måle inn og stikke ut bygningar oppheva. Etter det var dette arbeidet å rekne som fri tenesteyting. Med verknad frå 1. januar 2016 er kravet om lokal godkjenning for ansvarsrett oppheva. Det er framleis mogleg å be om sentral godkjenning etter byggjesaksforskrifta for ei rekkje byggje- og anleggsfunksjonar, inkludert «oppmålingsteknisk prosjektering» og «innmåling og utstikking av tiltak». Fleire kommunar har slik føretaksgodkjenning og arbeider med å måle inn og stikke ut bygningar i konkurranse med private føretak.

Departementet la i høyringsnotatet til grunn at mange føretak som i dag har sentral godkjenning for oppmålingsteknisk prosjektering eller for å måle inn og stikke ut tiltak, har leiande personale som vil kunne oppnå autorisasjon som ansvarleg landmålar. Departementet la vidare til grunn at føretak eller offentlege verksemder som vil oppfylle krava til landmålarføretak etter matrikkellova, også vil kunne få sentral godkjenning innanfor dei nemnde funksjonane etter plan- og bygningsloven.

Departementet meinte at det same føretaket lett vil kunne stå ansvarleg for alle dei oppmålingstekniske oppgåvene i ei utbyggingssak, med dei effektiviseringsgevinstane dette kan gi.

Det blei i høyringsnotatet også vist til at det er lang tradisjon for at andre typar kartleggingsarbeid er fri tenesteyting.

Tilrettelegging for konsulenttenester

Departementet peika i høyringsforslaget på at omgjering av eigedomsoppmåling frå kommunal forvaltningsoppgåve til profesjonsregulert tenesteyting vil kunne leggje til rette for næringsutvikling. Omlegginga legg grunnlag for utvikling av ein konsulentbransje med basis i eigedomsspørsmål og oppmåling – ein bransje som til no er lite utvikla i Noreg.

Anna rådgiving kan berre i avgrensa grad bli gitt av kommunen som offentleg styresmakt.

Eigedomsfagleg spisskompetanse er i det moderne samfunnet nødvendig i mange ulike samanhengar.

I pressområda er eigedomsforholda ofte komplekse og uoversiktlege. Kapasiteten til å handtere dei eigedomsfaglege utfordringane er i dag avgrensa, og kompleksiteten i byggjeprosjekta gjer at behovet for spisskompetanse er aukande.

Fortetting og transformasjon, til dømes i form av etablering av nye bydelsstrukturar med tilhøyrande fellesareal og infrastruktur, er krevjande og føreset prosessar som ofte strekkjer seg over mange år. Behovet for raske vurderingar av utbyggingsmoglegheiter, estimering av kostnader og omsynet til konkurranse og kontinuerleg marknadstilpassing gjer det nødvendig med raske eigedomstransaksjonar og kort byggjetid. På eigedomsområdet legg utviklinga eit stort press på kommunane og andre styresmakter.

Ein viktig faktor for å sikre god avkastning i større utbyggingsprosjekt er kor raskt ein eigedomsutviklar kan løyse inn kostbar mellomfinansiering ved å få etablert nye eigarseksjonar som kan brukast som panteobjekt ved sal. Praksis viser at det ofte tek lengre tid å ordne eigedomsforholda og danne dei nødvendige panteobjekta enn det tek å føre opp bustadene.

Det er behov for å auke tilgangen til god eigedomsfagleg kompetanse i alle fasar, slik at rettsavklaringane og overgangane mellom dei ulike fasane kan skje smertefritt.

Mange brukarar har behov for at oppmålinga kan skje raskt, slik at sal og byggjearbeid ikkje blir forseinka. Boligprodusentenes Forening har hevda at ventetida for oppmåling i dag kan fordyre etableringa av nye byggjeprosjekt med 20 000 kroner per seksjon. Departementet gjekk i høyringsnotatet ut frå at ventetida i saker der rask utføring er viktig, kan kortast ned når private føretak får høve til å konkurrere om oppmålingstenester og rask respons blir ein viktig konkurransefaktor.

Eit stort tal eigedommar i Noreg er etablerte før 1980 utan nøyaktig geografisk fastsetjing av grensene. Etter matrikkellova § 7 kan kommunen krevje at slike eigedommar blir målte opp ved sal før overtakinga kan registrerast i tinglysingsregisteret. Føresegna er likevel ikkje sett i kraft, fordi ein har gått ut frå at kommunane så langt ikkje har hatt nok kapasitet til å gjere den nødvendige oppmålinga utan å forseinke omsetninga av ikkje oppmålt eigedom urimeleg mykje.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at føresegna ikkje blir innført omgåande, men rådde til at ho blir sett i kraft så fort kapasiteten blir bygd opp i privat sektor.

Ved å organisere eigedomsoppmålinga som ei profesjonsregulert teneste er det mogleg å sjå for seg framtidige effektiviseringsgevinstar. Landmålaren kan då delta frå start til slutt i eit arbeid med å danne og transformere eigedom. Sjå proposisjonen for nærare omtale.

Bestilling av oppmålingsforretning og den vidare gangen i saka

Det blir i proposisjonen vist til at når oppmålinga blir definert som tenesteyting, skal det ikkje lenger bli sett fram rekvisisjon av oppmålingsforretning overfor kommunen. Tiltakshavaren må i staden bestille tenesta av eit landmålarføretak med ein ansvarleg landmålar som er autorisert for oppgåva.

Når forretninga er gjennomført, sender landmålarføretaket krav til matrikkelstyresmakta om matrikkelføring av oppmålingsforretninga. Kravet blir sett fram på vegner av oppdragsgivaren. Landmålarføretaket må kontrollere at vedkommande kan krevje matrikulering.

Matrikkelstyresmakta kontrollerer kravet, fører forretninga i matrikkelen og avsluttar saka med å utferde matrikkelbrev. Kontakten med matrikkelstyresmakta i saka går mot landmålarføretaket. Det gjeld avklaring av eventuelle feil eller manglar i kravet om matrikkelføring og betaling av gebyr. Landmålarføretaket tek også imot matrikkelbrevet på vegner av klienten.

Landmålarføretaket underrettar tiltakshavaren og andre aktuelle partar om gjennomført matrikkelføring og legg ved dokumentasjon for dette.

Oppmåling av uteareal som inngår i ein eigarseksjon, blir sett fram på vegner av den som har heimel til å krevje seksjonering eller reseksjonering etter eierseksjonsloven.

2.1.3 Merknader frå høyringsinstansane

204 høyringsinstansar tek stilling til spørsmålet om oppmåling som tenesteyting. 26 av dei støttar forslaget og 178 går imot. Omtale av merknadene frå høyringsinstansane finst i proposisjonen pkt. 4.3.

2.1.4 Vurderingar frå departementet

Tilbakemeldinga frå høyringsinstansane viser at det er stor ueinigheit om forslaget. Hovudskiljet går mellom anten å vere for eller imot at eigedomsoppmåling skal utførast som profesjonsregulert tenesteyting. Eit svært stort fleirtal av kommunane som har uttalt seg, går heilt imot reforma. Det er få, om nokon av høyringsinstansane, som ser for seg mellomløysingar eller andre alternative løysingar enn det forslaget departementet har fremja. Enkelte av instansane som er imot forslaget, foreslår at ein kan supplere den noverande løysinga med sentrale reglar om gebyr for kommunale oppmålingstenester for å unngå dei store prisskilnadene ein ser mellom kommunane i dag. Nokre av instansane som går imot forslaget, meiner det ikkje er godt nok utgreidd. Det blir etterlyst ei evaluering og kost–nytte-vurderingar av den noverande ordninga.

Menon-rapporten tek for seg dei ulike sidene ved forslaget og vurderer særleg dei samfunnsøkonomiske effektane. Rapporten problematiserer også nokre av føresetnadene for ei vellykka gjennomføring og visse utfordringar ein må handtere på ein vellykka måte for at resultatet av analysen skal stå seg. Det gjeld mellom anna avklaring av reglane for offentleg støtte, problem for næringslivet ved for rask innføring, ei velfungerande autorisasjonsordning, habilitetsproblem og det å gjennomføre ei evaluering før matrikkellova § 7 blir sett i kraft.

I proposisjonen pkt. 4.4 blir hovudkonklusjonane i rapporten gjengjevne.

Departementet har komme fram til at ein vil gå vidare med forslaget i uendra form. Ut frå tilbakemeldingane i høyringsrunden og analysen til Menon, meiner departementet det samla sett er fleire fordelar enn ulemper ved reformforslaget. Slik departementet vurderer det, har høyringa i liten grad gitt nye opplysningar. Departementet meiner innvendingane som kjem fram, til ein viss grad kan synast å vere overdrivne. Fleire av hovudinnvendingane, til dømes nedbygging av kompetanse og varierande landmålarkapasitet i distrikta, kan, slik departementet vurderer det, løysast gjennom omstilling og bruk av alternative organisasjonsformer for oppgåveløysinga og tenesteytinga i kommunane.

Oppmåling er i dag eit kommunalt forvaltningsansvar. Fordelane med dette er først og fremst at kommunane har ansvaret for at tenesta er tilgjengeleg for alle som har behov for oppmåling.

I Sverige og Finland er ansvaret for eigedomsoppmålinga i utgangspunktet eit statleg ansvar. Departementet meiner ei slik organisering ikkje er eit aktuelt alternativ for Noreg.

Det er reist innvendingar frå fleire høyringsinstansar om at landmålarreforma vil føre til at det eigedomsfaglege miljøet i kommunen vil bli svekt i vesentleg grad, og at det kan gå ut over viktige forvaltningsoppgåver innanfor plan- og byggjesak, og at også geodataarbeidet i kommunen kan bli skadelidande. Departementet ser ikkje at dette er ei ny problemstilling som eine og åleine spring ut av reforma. Utviklinga har allereie lenge gått i denne retninga. Fleire høyringsinstansar peikar nettopp på dette poenget. Høgskolen i Bergen kommenterer mellom anna at i mange kommunar har oppmålingsarbeidet i dag eit omfang som er mindre enn eitt årsverk, og at det er umogleg for mange mindre kommunar å opparbeide og halde eit kompetent fagmiljø ved like over tid. Departementet viser også til at om lag halvparten av kommunane har berre éin utførande landmålar. Departementet har også registrert ei klar utvikling dei seinare åra der kommunar med eit lite miljø innanfor eigedomsfag og geodata søkjer samarbeid med andre kommunar.

Hovudinnvendinga om at kommunane vil miste inntekter, tilsette og verdifull kompetanse, er reell, men også ei naturleg følgje av at oppgåver i framtida skal kunne bli utførte av private landmålarføretak. Mange landmålarføretak vil rekruttere tilsette frå kommunesektoren. På den andre sida vil desse igjen kunne yte tenester av ulik art til kommunane, ikkje berre landmålartenester. Erfaringar frå mellom anna Agder-fylka viser at private føretak i dag dekkjer behovet til fleire kommunar, og at private aktørar ser det som lønnsamt å ta på seg oppdrag også i større område.

Departementet går ut frå at fleire kommunar vel å etablere landmålarføretak i kommunal regi for å sikre tilgang til oppmålingstenester for innbyggjarane, næringslivet i kommunen og for kommunen sjølv. Dette bør vere aktuelt fleire stader, og særleg i område der ein fryktar at private landmålarføretak ikkje vil gi tilstrekkeleg kapasitet. Det vil også vere mogleg for fleire kommunar å gå saman om å etablere interkommunale landmålarføretak som kan dekkje behovet i eit større område.

Fleire høyringsinstansar meiner reforma vil føre til fleire klager. Mange brukarar opplever det nok som trygt at den kommunale landmålaren står fram som ein nøytral offentleg oppmann mellom partane, og at ein kan klage på oppmålinga etter reglane i forvaltningslova. Dette har likevel sine ulemper. Kommunen kan vere part i saka som grunneigar. Den noverande ordninga opnar også for at Statens vegvesen kan opptre som landmålar nettopp i saker som gjeld veggrunn. Ei viktigare ulempe gjeld klageordninga. I dag kan klageorganet i realiteten stort sett berre prøve dei prosessuelle sidene ved saka og i liten grad realitetane.

Fleire høyringsinstansar meiner forslaget fører til at organiseringa og oppgåveløysinga kan bli uklar når oppgåvene som kommunen er åleine om å utføre i dag, til dels skal utførast av private landmålarføretak. Departementet er ikkje einig i dette og viser til erfaringane på byggjesaksområdet generelt. Ein effektiv måte å handtere informasjonsflyt på og tilgangen til arkivinformasjon frå kommunen for private landmålarføretak vil vere å sjå på korleis eigedomsmeklarane i dag får tilgang til eigedomsinformasjon frå kommunale arkiv. Mange kommunar har i dag avtale med ein kommersiell formidlingskanal for eigedomsinformasjon og geografisk informasjon til tenesteytarar i den private marknaden. Informasjonen blir formidla via kanalen frå kommunane til eigedomsmeklarar, advokatar og andre i løpet av eit fåtal dagar. Departementet går ut frå at denne typen formidlingskanalar vil kunne bli nytta også av landmålarføretak for raskt å få tak i eigedomsinformasjon og geografisk informasjon til bruk i landmålarverksemda. Departementet legg elles til grunn at mange kommunar vil behalde den kompetansen dei treng for å løyse dei lovpålagde oppgåvene sine, uansett om oppmålingstenestene i framtida blir ei profesjonsregulert tenesteyting. Dette gjeld særleg kommunar med litt meir ressursar. For dei vil utfordringa snarare bli å kunne rekruttere personar med fagkunnskap. I den grad det blir vanskeleg, vil dei kunne kjøpe tenester i den private marknaden som dekkjer heile eller delar av behovet. Slike kommunar med meir ressursar vil uansett kunne stå sterkt til å etablere eigne kommunale landmålarføretak om dei ønskjer det.

Fleire høyringsinstansar har peika på at reforma ikkje fører til at oppmålingstenestene blir billegare enn i dag, kanskje heller dyrare, og nemner då reiseavstandar og meirverdiavgift. Andre skriv at det vil bli ei meir korrekt prissetjing enn i dag. Departementet meiner at prissetjinga vil spegle servicenivået, og at det er vel så viktig med tenester som er tilpassa behova til kundane, som billege tenester. Som nokre høyringssvar peikar på, vil endringsforslaga kunne føre til at brukarane av tenestene kan hente inn prisar frå fleire leverandørar, både private og offentlege, og velje leverandør ut frå pris, leveringstid og kompetanse. I proposisjonen blir det vist til at prisdanninga vil bli meir rettferdig, og at det vil bli etablert eit meir realistisk forhold mellom pris og dei reelle kostnadene i samband med å utføre tenesta. Private aktørar vil venteleg vere i stand til å yte landmålartenester raskare enn kommunane, også på meir ukurante tidspunkt dersom det er nødvendig. Det er dessutan, slik departementet ser det, viktig å vere merksam på at private landmålarar kan yte tenester som heng betre saman gjennom heile prosjekterings- og byggjeperioden, frå oppmåling av tomta til ein skal stikke henne ut og kontrollere den endelege dokumentasjonen i etterkant. Fleire høyringsinstansar har peika på at det ligg gevinstar i det at landmålaren får komme tidlegare inn i prosessen enn i dag for å avklare misforståingar og uklare grenser.

Forholdet til konkurranselovgivinga

Fleire høyringsinstansar peikar på at landmålarføretak mange stader i praksis vil ha naturleg monopol i marknaden. Konkurranselova vil gjelde for landmålarføretak. Utilbørleg utnytting av ei dominerande stilling er forbode etter konkurranselova § 11. Føretaket har eit særleg ansvar for at det opptrer slik i marknaden at det ikkje avgrensar konkurransen, og dette vil verke inn på prissetjing og innhaldet i mellom anna samarbeidsavtalar med andre landmålarføretak.

Regjeringa har sett ned ei ekstern arbeidsgruppe som skal greie ut og vurdere konkurranseforholdet mellom offentleg og privat verksemd, og foreslå tiltak som kan styrkje konkurransen, jf. punkt 11. Resultatet av dette arbeidet kan verke inn på korleis kommunane må innrette seg dersom dei ønskjer å tilby oppmålingstenester i konkurranse med private aktørar.

Konkurs

NITO tek i sitt høyringssvar opp spørsmålet om ansvarsforhold, rutinar og konsekvensar av ein konkurs i eit landmålarfirma. I proposisjonen blir det vist til at ein konkurs i eit landmålarføretak ikkje vil skilje seg frå konkursar i andre verksemder. Avtalar om landmålaroppdrag vil vere eit aktiva i buet, og bustyraren vil derfor vurdere om det er grunnlag for å sluttføre oppdraga i regi av buet. Viss ikkje må tiltakshavaren engasjere eit anna føretak til å gjennomføre oppmålingsforretninga.

I denne samanhengen vil bustyraren som regel – så langt det er praktisk mogleg og ressursbruken er forsvarleg – hjelpe til med å formidle informasjon om planlagde oppmålingsforretningar. Dersom tiltakshavaren klarer å skaffe ein ny ansvarleg landmålar til ei varsla oppmålingsforretning, er det ikkje nødvendig å sende ut nytt varsel. Det er likevel ikkje sikkert at oppmålingsforretninga lèt seg gjennomføre på kort tid, fordi den nye landmålaren må få tid til å setje seg inn i saka. Journal- og arkivverdig materiale som ligg i konkursbuet, vil kunne gå tapt dersom det ikkje er mogleg for bustyraren å overføre verksemda til ein ny drivar. Ettersom matrikkelstyresmakta pliktar å arkivere alle dokument landmålaren har sendt inn saman med oppmålingsforretninga, vil det vanlegvis ikkje gå tapt viktige dokument ved ein konkurs. Ein konkurs får først og fremst konsekvensar for ikkje avslutta oppmålingsforretningar.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at regjeringen i høringsnotatet foreslo at eiendomsoppmåling blir utført som profesjonsregulert tjenesteyting med fri prisdannelse. Dette betyr at oppmåling ikke lenger skal være myndighetsutøvelse, men tjenesteproduksjon.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil peke på at av 204 høringsinstanser i regjeringens høring som tok stilling til spørsmålet, gikk hele 178 av høringsinstansene imot regjeringens forslag. Flertallet registrerer at på tross av dette velger regjeringen å legge fram forslaget for Stortinget. Flertallet registrerer at blant annet Alta kommune mener forslaget må kunne sies å bære preg av å være ideologisk motivert.

Flertallet viser til at det er sterk motstand mot regjeringens forslag om å privatisere landmålingstjenesten. Etter flertallets syn fremkommer det både av regjeringens høring og komiteens høring at ulempene ved regjeringens forslag er langt større enn fordelene. Flertallet viser blant annet til vedtak i KS sitt hovedstyre som går imot å oppheve kommunen sitt ansvar for eiendomsoppmåling som et offentlig forvaltningsansvar.

Flertallet mener at nåværende ordning fungerer på en god måte. Flertallet viser til at flere av høringsinstansene mener regjeringens forslag vil bidra til en utarming av de kommunale fagmiljøene innenfor kart og oppmåling, at samhandlingen mellom byggesaksbehandling, oppmåling og matrikkelføring vil bli svakere, og at dette setter mange store offentlige samarbeidsprosjekter i fare. Mange er opptatt av at det er lite som taler for at oppgavene samlet sett blir billigere, bedre eller generelt mer tilgjengelige ved å oppheve det kommunale ansvaret.

Flertallet viser til at oppretting av en ny grunneiendom kan deles i fire deler: Søknad, vedtak, oppmåling og registrering i matrikkel og grunnbok. Flertallet mener det er en fordel med dagens ordning at kommunene har et helhetlig ansvar for denne prosessen. Flertallet viser til at regjeringens forslag vil ha som konsekvens at kommunens ansvarsområde stykkes opp. Flertallet viser til at flere høringsinstanser mener dette framstår som en byråkratisering av prosessen, en mindre fleksibel ordning, mindre forbrukervennlig og at man mister geografisk nærhet til områdene det gjelder.

Flertallet viser til at flere av høringsinstansene peker på at en privatisering av tjenestene i seg selv ikke vil bidra til en kvalitetsheving av matrikkelen. Flere mener også at det er en fare for at en privat landmåler vil bli oppfattet som en partsrepresentant. I tillegg viser for eksempel Oslo kommune til at de ikke kan se at forslaget dokumenterer at oppmålingssaker vil gå raskere som tjenesteyting.

Flertallet viser til at andelen som klager er svært lavt. KS skriver at det knapt er registrert klagesaker og rettssaker innenfor fagområdet under den nåværende ordningen.

Flertallet viser til at departementet mener lovforslaget vil innebære en billigere tjeneste. Flertallet registrerer at flere av høringsinstansene mener regjeringens beregning som konkluderer med en billigere tjeneste, er lite reell. Flertallet viser til at dagens gebyrer på tjenesten inkluderer alt arbeid, fra delevedtaket foreligger til eiendommen er ferdig matrikkelført og tinglyst. Ved de foreslåtte lovendringene må kommunene fortsatt fremskaffe grunnlagsmaterialet, og Kartverket skal matrikkelføre og tinglyse. Flertallet viser til at disse tjenestene må gebyrfinansieres og kommer i tillegg til hva innbyggerne må betale en privat eiendomsoppmåler.

Flertallet er også bekymret for at en lovendring slik regjeringen foreslår, vil utgjøre en fare for at det blir private monopol i mange distrikter i Norge. Særlig på steder der saksmengden er begrenset og spredt over store avstander. Flertallet viser til NITOs innspill om at saker som ikke er økonomisk lønnsomme, vil kunne bli nedprioritert av private aktører i forhold til andre mer innbringende oppdrag. Dette kan også føre til prisforskjell på like saker i samme kommune. Flertallet viser til høringsuttalelsen fra Norges Bondelag, som sier at de frykter at innbyggerne med den foreslåtte omleggingen får et dårligere og dyrere tjenestetilbud enn under den nåværende forvaltningsordningen.

Flertallet vil på bakgrunn av dette gå imot regjeringens forslag om å oppheve kommunen sitt ansvar for eiendomsoppmåling som et offentlig forvaltningsansvar.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at regjeringen foreslår at Norge skal følge samme modell som mange andre land i Europa, ved at man foreslår at eiendomsoppmåling blir utført som profesjonsregulert privat tjenesteytelse. Regjeringen foreslår at både kommunale og private landmålerforetak skal kunne tilby tjenester på like vilkår. Disse medlemmer viser til at formålet med reformen er å bidra til økt kompetanse, raskere og mer effektive tjenester for brukerne og utvikling av en ny konsulentbransje for tjenester på eiendomsområdet.

Disse medlemmer viser til at det i dag er stor forskjell i behandlingstid på tvers av kommunegrensene. I en rapport departementet har innhentet fra Menon, fremkommer det at det for flere av kommunene er en gjennomsnittlig ventetid på over hundre dager mer enn i nabokommunen. Disse medlemmer mener de store forskjellene i behandlingstid på tvers av kommunene tilsier at det er mulig å redusere saksbehandlingstiden.

Disse medlemmer viser til rapporten fra Menon som blant annet vurderer de samfunnsøkonomiske effektene. Menon konkluderer med følgende i sin rapport på side 42 «Basert på en totalvurdering av resultatene i denne analysen konkluderer vi med at det er samfunnsøkonomisk lønnsomt å gjennomføre tiltaket som innebærer at eiendomsoppmåling i Norge organiseres som en profesjonsregulert tjenesteytende næring, med matrikkelføring samlet hos Kartverket». Menon legger til grunn en effektiviseringsgevinst på 15 prosent for oppmålingsdelen og 25 prosent for registreringsdelen. Forslaget vil kunne redusere dagens kostnader med matrikkelføring fra ca. 160 mill. kroner til ca. 120 mill. kroner.

Disse medlemmer viser til at det i dag er en utvikling hvor kommunenes kompetanse innen plan- og byggesak og geodataarbeid svekkes. Det vises blant annet til Høgskolen i Bergens kommentarer knyttet til at mange kommuner i dag har et oppmålingsarbeid i et omfang som er mindre enn ett årsverk. Det vises til at det er umulig for mange mindre kommuner å opparbeide og beholde et kompetent fagmiljø over tid. Disse medlemmer peker på at kompetansen som i dag finnes i Kommune-Norge, vil bli overført til andre aktører. Det er mange landmålerforetak som vil rekruttere ansatte fra kommunesektoren. Det vises blant annet til erfaringer fra Agder-fylkene, hvor private virksomheter i dag dekker behovet til flere kommuner, og til at private aktører anser det som lønnsomt å påta seg oppdrag i et større område. Det er også grunn til å tro at flere kommuner vil kunne etablere kommunale landmålerforetak som skal sikre tilgang til oppmålingstjenester for innbyggerne, næringslivet og kommunen.

Disse medlemmer mener at konkurranse vil føre til at prissettingen speiler servicenivået, og at det er mulig å gi bedre tilpassede tjenester til befolkningen, næringslivet og kommunen. Endringene foreslått av regjeringen vil kunne føre til at brukerne av tjenestene kan innhente priser fra flere leverandører, både private og offentlige, og velge leverandør ut fra en rekke kriterier, herunder pris, leveringstid og kompetanse. Disse medlemmer mener prisdanningen vil bli mer rettferdig, og at det vil bli et mer realistisk forhold mellom pris og de reelle kostnadene.

Disse medlemmer vektlegger potensialet for verdiskaping som reformen gir. Private kan yte tjenester som henger godt sammen i hele prosjekterings- og byggeperioden. Det pekes på at flere av høringsinstansene har pekt på at det ligger et potensial for gevinster dersom landmåleren kommer tidligere inn i prosessen enn i dag.

Disse medlemmer peker på at de private landmålerne skal ha autorisasjon og besørge at oppmålingen utføres i samsvar med lov og forskrift og i henhold til god landmålerskikk. Landmåleren skal opptre faglig uavhengig og ta vare på interessene til alle partene i oppmålingsforretningen.

Disse medlemmer viser til at bekymringen for monopolisering i distriktene i Norge synes å være overdrevet. Eiendomsoppmåling er en bransje med lave etableringsbarrierer, hvor investeringskostnadene til måleutstyr er relativt lave og kostnadene for rekvirenten ved å bytte landmåler neppe er store. Disse medlemmer legger til grunn at det i områder med begrenset konkurranse også vil etablere seg et nasjonalt prisnivå, slik en også ser i andre bransjer.

Disse medlemmer viser til de enorme prisforskjellene på landoppmåling på tvers av kommunene. De som blir mest uheldig berørt av disse prisforskjellene, er de som eier større areal, blant annet bønder som driver landbruk, skogbruk og hytteutvikling. Disse medlemmer mener det er både uheldig og distriktsfiendtlig dersom landoppmåling forblir et kommunalt monopol, da dette vil fordyre og sinke utvikling av areal. Det er store forskjeller i behandlingstid på tvers av kommunegrenser. For flere kommuner er gjennomsnittlig ventetid over hundre dager lengre enn i nabokommunene. Dette er særdeles uheldig for utvikling av eiendom og verdiskaping generelt. Disse medlemmer viser også til analyse (utført av Menon Economics AS for KMD) som viser at forslaget er samfunnsøkonomisk lønnsomt med en netto nåverdi på 650 mill. kroner over en analyseperiode på 20 år.

Dagens prisforskjeller, hentet fra Aftenposten den 25. august 2013:

«Prisen på oppmåling av en vanlig eneboligtomt på 750 kvm varierer fra 11.000 til 30.000 kr.

  • Prisen på 2500 kvm varierer fra 13.500 til 40.000 kr.

  • Prisen på 15.500 kvm varierer fra 16.000 til 68.000 kr.

  • Prisen på 35.500 kvm varierer fra 16.000 til 106.000 kr.

  • Prisen på 205.500 kvm varierer fra 16.000 til 531.000 kr.»