Søk

Innhold

10. Overgangsordningar

10.1 Sammendrag

10.1.1 Høyringsforslaget

I høyringsforslaget peika departementet på kor viktig det er å gjennomføre oppmåling utan avbrot også i overgangsfasen. Samtidig er det viktig å stimulere til at mange nok landmålarar søkjer autorisasjon, og til at det blir oppretta private landmålarføretak. Departementet meinte det er nødvendig med tre typar overgangsordningar:

For det første må dagens landmålarar kunne halde fram som landmålarar. Praktiserande landmålarar med reell kompetanse må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller krava til formell kompetanse. Denne ordninga bør vere knytt til dagens utøvarar. Departementet meinte det ikkje er nødvendig å setje ei særskild tidsavgrensing for desse utøvarane. Departementet la til grunn at krava til etterutdanning for denne typen landmålarar skal vere dei same som for landmålarar med ordinær autorisasjon. Nærare føresegner om krav til reell kompetanse, til dømes kor mange år med relevant praksis ein skal ha, blir fastsette i forskrift.

For det andre bør kommunar kunne halde fram oppmålingsverksemda si uendra i ein tidsavgrensa overgangsperiode utan at kommunen oppfyller alle formelle krav som gjeld slik verksemd. Kommunen bør i tillegg kunne operere utan ein autorisert person som ansvarleg landmålar. Nærare føresegner om dette blir fastsette i forskrift. Departementet såg for seg at kommunar som bestemmer seg for å halde fram med eigedomsoppmåling i kommunal regi, bør tilfredsstille alle formelle krav til slik verksemd seinast i løpet av tre år.

For det tredje kom departementet til at det vil vere vanskeleg å få til ein samla (samtidig) overgang til ny ordning for matrikkelføring av oppmålingsforretningar for heile landet. Departementet foreslo derfor at dette skal skje kommunevis i puljar i løpet av eitt år. Planen blir utarbeidd av Kartverket i samråd med kommunane og fastsett av departementet i forskrift. Det må også bli avklart og vedteke i forskrift kva for kommunar som framleis skal føre eigedomsopplysningar sjølve.

Frå ikraftsetjingsdatoen for kvar enkelt kommune kan eigarar fritt bestille oppmåling hos alle landmålarar som har autorisasjon, og oppmålingar skal gjennomførast som tenesteyting etter dei nye lovføresegnene. Fram til ikraftsetjingsdatoen må ein rekvirere og gjennomføre oppmåling etter den gamle lova. Alle oppmålingar som er rekvirerte hos kommunen før den nye lova blir sett i kraft, må gjennomførast av kommunen etter den gamle lova. Det gjeld også oppmålingar som er kravde før den nye lova blir sett i kraft, og som kommunen etter dei noverande føresegnene vel å setje vekk til eit privat føretak.

Når det gjeld dei andre endringsforslaga, som ikkje direkte er knytte til endringar i organiseringa av oppmålinga, kan det vere aktuelt å bruke andre overgangsordningar, mellom anna tilpassa systemendringar i matrikkelen.

I pkt. 12.2. i proposisjonen blir det gjeve ein omtale av merknadene frå høyringsinstansane.

10.1.2 Vurderingar frå departementet

Det går fram av proposisjonen at det er få høyringsinstansar som har uttala seg til forslaget om overgangsordningar. Dei mest vesentlege innvendingane gjeld lengda på overgangsfasen. Det er tilslutning til forslaget om at dagens utøvarar må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller krava. Når det gjeld forslaget om at ikraftsetjinga må skje puljevis for landet som heilskap ut frå ein vedteken plan, synest det å vere tilslutning også til dette forslaget, men fleire høyringsinstansar peikar på at det neppe er mogleg med ei slik overføring i løpet av berre eitt år, slik departementet har foreslått.

Menon Economics AS reiser på side 44 i den samfunnsøkonomiske analysen spørsmål om det vil skape problem for næringslivet om det blir ei for rask innføring. Sjå proposisjonen pkt. 12.3.

For å unngå å skape uvisse over lang tid, la departementet i høyringsforslaget vekt på å setje reforma i verk så raskt som mogleg, og at det skulle skje i løpet av eitt år. Departementet meiner framleis at det er viktig at reforma blir sett i verk så raskt som mogleg, men vil opne for at den puljevise overføringa kan strekkje seg noko ut i tid. Puljevis overføring vil seie at ikraftsetjingstidspunktet ikkje vil bli det same for heile landet. Kvar kommune vil få ikraftsetjingstidpunktet definert ut frå den puljen kommunen høyrer til i. Departementet går derfor ut frå at den puljevise inndelinga bør vere felles for nærliggjande kommunar.

Departementet held fast ved høyringsforslaget om tre års overgangsordning for oppmålingsverksemda i kommunane. Forslaget om at dagens utøvarar må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller alle krav til utdanning, blir også ført vidare. Ordninga skal vere lik anten ein kan vise til praksis som privat eller offentleg tilsett landmålar. Departementet legg til grunn at autorisasjonsordninga er i funksjon i god tid før den puljevise overføringa tek til. Autorisasjonsordninga må vere operativ minst eit år før ein opphevar det kommunale forvaltningsansvaret for eigedomsoppmålinga. Ordninga bør frå starten vere open både for nye landmålarar som søkjer landmålarbrev på ordinære vilkår, og eldre landmålarar som søkjer landmålarbrev basert på overgangsreglane.

Det synest å vere tilslutning til forslaget om at kommunar skal kunne halde fram oppmålingsverksemda si uendra i ein tidsavgrensa overgangsperiode utan at kommunen oppfyller alle formelle krav som gjeld slik verksemd. Departementet legg til grunn at ei slik ordning ikkje blir ramma av konkurranselova. Departementet meiner at det ikkje vil vere mogleg å få til ein forsvarleg overgang til privat tenesteyting utan ei slik overgangsordning.

Kommunen vil ha to fordelar samanlikna med private landmålarføretak i overgangsperioden: Kommunen vil i treårsperioden for det første ikkje ha krav om landmålar med landmålarbrev. Kommunen vil for det andre kunne føre matrikkelen med det same personalet som utfører eigedomsoppmålinga innanfor den same verksemda som i dag. Departementet meiner likevel dette er fordelar som ikkje vil gjere overgangsfasen vanskeleg i nemneverdig grad, og som neppe undergrev sjansen for private landmålarføretak til å få oppdrag i kommunen.

Når oppmåling ikkje lenger er ei styresmaktsoppgåve, vil kommunen måtte rekne meirverdiavgift av tenesta. Det vil gjelde frå ikraftsetjinga av det frie landmålarvalet i kvar enkelt kommune.

10.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til proposisjonen og har ingen merknader.