Innhold

6. Matrikkelføring

6.1 Sammendrag

6.1.1 Gjeldande rett

Matrikkelen omfattar geografiske opplysningar om:

  • Fast eigedom (matrikkeleiningar), mellom anna opplysningar om grenser. Eigedommar blir identifiserte med matrikkelnummer (vanlegvis gards- og bruksnummer).

  • Bygningar og brukseiningar i bygningar, mellom anna opplysningar om talet på etasjar, byggjeår og formål. Bygningar blir identifiserte med eit bygningsnummer.

  • Adresser (vegadresser) for bustader og andre brukseiningar og andre objekt som treng ei tilkomstadresse.

Matrikkeleininga (eigedommen) er det sentrale elementet i matrikkelen. Opplysningar om adresser, bygningar, bustader og andre brukseiningar er kopla til matrikkeleininga.

Informasjon frå matrikkelen blir nytta i ei rekkje samanhengar. Sjå proposisjonen pkt. 8.1 for omtale.

Staten ved Statens kartverk skal sørgje for ordning, drift og forvaltning av matrikkelen. Kommunane har ansvaret for å utføre oppmålingsforretningar og føre matrikkelen i kommunen. Offentlege organ skal føre opplysningar i matrikkelen når det er bestemt i lov, forskrift eller etter avtale med Statens kartverk. Etter vanleg kutyme om ikkje å bruke namn på statlege direktorat i lovteksten blir «sentral matrikkelstyresmakt» brukt som nemning på Kartverket. Kommunane blir i matrikkellova § 5 a definerte som «lokal matrikkelstyresmakt», men denne nemninga blir elles lite brukt. Både lova og matrikkelforskrifta nyttar til vanleg «kommunen» direkte.

I rundskriv T-5/09 frå Miljøverndepartementet finn ein dette om krava til den som skal føre matrikkelen:

«Person som skal føre opplysninger i matrikkelen, skal ha gjennomført Statens kartverk sitt kurs i matrikkelføring. Vedkommende bør ha faglig kompetanse innenfor det feltet vedkommende fører opplysninger. Miljøverndepartementet anbefaler at person som fører opplysninger om oppmålingsforretninger, bør har kartfaglig kompetanse.»

Det krevst i dag ikkje noko enkeltgebyr for matrikkelføringa. Kostnader for matrikkelføringa blir eventuelt dekte gjennom oppmålingsgebyra.

6.1.2 Høyringsforslaget

Matrikkelføring er ei klar styresmaktsoppgåve som bør vere organisert som ei offentleg forvaltningsoppgåve på linje med føringa av andre sentrale register som til dømes folkeregisteret, einingsregisteret og grunnboka.

I høyringsnotatet foreslo departementet å forenkle omgrepsbruken og delvis endre ansvarsdelinga for matrikkelføringa mellom staten og kommunane. Forslaget inneber at staten ved Statens kartverk skal ha ansvaret for å føre eigedomsopplysningar, men likevel slik at kommunar som ønskjer det, etter avtale med Kartverket framleis skal kunne føre opplysningane i den aktuelle kommunen. Departementet la til grunn at kommunane framleis skulle føre opplysningar om adresser, bygningar og bustader.

Departementet la til grunn at brukarane skal betale eit eige gebyr for matrikkelføring av oppmålingsforretningar som dekkjer kostnadene med matrikkelføringa, jf. § 32 i forslaget. Gebyret må gå til kommunen når kommunen står for matrikkelføringa. Gebyrsatsane bør fastsetjast i forskrift.

6.1.3 Merknader frå høyringsinstansane

174 høyringsinstansar har uttala seg om organiseringa av eigedomsregistreringa. Eit stort fleirtal argumenterer for å føre vidare dagens modell, der kommunane har ansvaret for både eigedomsoppmålinga og eigedomsregistreringa. Merknadene ber preg av at spørsmålet om organiseringa av matrikkelføringa er tett kopla til spørsmålet om organiseringa av eigedomsoppmålinga.

Sjå pkt. 8.3 i proposisjonen for omtale av merknadene frå høyringsinstansane.

6.1.4 Vurderingar frå departementet

Departementet går i proposisjonen vidare med forslaget, men med små justeringar. Ut frå tilbakemeldingane meiner departementet det framleis samla sett er fleire fordelar enn ulemper ved forslaget.

Når oppmålinga blir gjord om til tenesteyting, er det mykje som talar for at staten bør ha ansvaret for føring av opplysningar om eigedomsforhold i matrikkelen. Dette er i samsvar med organiseringa i andre land i EU der oppmåling blir utført som tenesteyting, og det vil bidra til å sikre einskapleg føring for heile landet. I tillegg til føring av opplysningar frå landmålarar og jordskifteretten bør dette også omfatte føring av private grenseavtalar, samanslåing eller oppløysing av matrikkeleiningar, omnummerering og retting av eigedomsopplysningar og seksjonering eller reseksjonering av eigarseksjonar.

Departementet viser til fråsegn frå KS om at endringa i matrikkelføringa er ein konsekvens av forslaget om endringane i eigedomsoppmålinga.

Slik departementet vurderer det, har høyringa i liten grad avdekt nye opplysningar som ikkje var kjende då høyringsforslaget blei fremja. Departementet forstår fleire av innvendingane, men meiner at overføring av ansvaret for matrikkelføringa av eigedomsopplysningar til Kartverket vil gi ei betre ordning enn det noverande systemet. Forslaget vil bidra til at ein kan byggje opp spesialkompetanse på éin stad og få einsarta og meir effektiv matrikkelføring, og også meir effektive prosessar i dei tilfella der samordning mellom matrikkel og grunnbok er påkravd. Forslaget opnar samstundes for å vidareføre lokal føring der det ligg til rette for det.

Svakheiter, feil og manglar i enkeltopplysningar i matrikkelen er ei grunnleggjande utfordring etter kvart som bruken av matrikkelen aukar. Det er derfor viktig at matrikkelarbeidet er organisert på ein måte som ikkje berre er tilpassa behovet for registrering av aktuelle saker, men også legg til rette for kvalitetsheving og komplettering av informasjon om eksisterande forhold.

Matrikkelføring av eigedomsforhold kan vere fagleg krevjande. I mange kommunar er det for få eigedomssaker til at kommunen får brei nok erfaring med føring av ulike sakstypar. Dette blir innanfor det noverande systemet kompensert ved at landmålaren også fører matrikkelen. Fleire kommunar har likevel problem med å løyse større saker. Det gjeld spesielt føring av saker frå jordskifterettane og Statens vegvesen. Mange høyringsinstansar støttar at føring av desse sakene blir gjort av Kartverket.

Fleire sakstypar krev føring både i matrikkelen og grunnboka. Det er potensial for å effektivisere nokre av desse prosessane gjennom betre samordning, til dømes føring av meir kompliserte saker som gjeld seksjonering og reseksjonering.

Kommunar som har kapasitet og fagleg kompetanse, vil kunne halde fram med å føre eigedomsopplysningar i matrikkelen.

Kommunen har sjølvstendig nytte av eit godt eigedomskartverk og kan oppnå synergi med andre kartrelaterte oppgåver i kommunen. Departementet meiner derfor at matrikkelføring av eigedomsopplysningar bør kunne overlatast til slike kommunar, anten heilt eller delvis. Nokre kan meine at ein slik modell kan verke rotete eller komplisert for landmålarar som skal setje fram krav om matrikkelføring. Departementet reknar med at dette ikkje vil verke særleg komplisert for fagkunnige landmålarar. Dei vil uansett ha jamleg kontakt med alle kommunane innanfor forretningsdistriktet sitt og vil kunne dra nytte av at nokre kommunar er i stand til å føre vidare ei effektiv matrikkelføring.

Prinsipielt er det ein fordel om den ansvarlege landmålaren eller andre som har teke del i oppmålinga, ikkje sjølve gjer matrikkelføringa, men at desse to oppgåvene i staden blir skilde frå kvarandre. Matrikkelføring bør inkludere ein uavhengig kontroll av arbeidet til landmålaren. Kontrollen er i dag i hovudsak manuell. Departementet legg til grunn at kontrollen i større grad bør bli automatisk, slik at data kan overførast digitalt frå landmålarføretaket til elektronisk matrikkelføring. Departementet meiner at argumentet om at matrikkelføraren må ha lokalkunnskap for å kunne utføre ein slik kontroll og ha nærleik til både landmålaren og borgarane, etter kvart vil få mindre vekt.

Departementet viser i proposisjonen til Menon Economics AS sin rapport pkt. 4.7.2 på side 29 og vidare.

Når det gjeld kostnader til matrikkelføring, reknar Menon ut – etter ei samla vurdering – at tiltaket effektiviserer talet på årsverk med 25 prosent.

Departementet legg til grunn at gebyr for matrikkelføring vil bli fastsett i sentral forskrift. Det vil først og fremst gjelde registrering av eigedomsopplysningar. Inntektene skal ikkje overstige kostnadene med føringa av opplysningane, jf. felles retningsliner for statleg gebyr- og avgiftsfinansiering (R-112/15). Registrering av allmenne opplysningar, til dømes opplysningar om adresser, skal framleis vere gebyrfritt.

Kartverket meiner at ansvaret for all matrikkelføring må liggje hos Kartverket, og at dette må gå fram av lovteksten. Kartverket skriv også at ei tenleg deling av ansvaret vanskeleg lèt seg gjennomføre. Departementet er ikkje einig i dette. Ansvaret for føring av bygg- og adressedelen skal framleis liggje hos kommunane, og desse oppgåvene går direkte fram av lova.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at kommunar skal kunne føre eigedomsopplysningar etter avtale med Kartverket, men har komme til at dette heller bør skje i form av forskrift. Departementet legg særleg vekt på omsynet til publisitet. Overføring av slike oppgåver til kommunen vil vere overføring av styresmakt. Innanfor dei overførte oppgåvene vil den aktuelle kommunen vere sjølvstendig matrikkelstyresmakt. Avgjerda frå kommunen i ei enkeltsak vil dermed ikkje kunne bli overprøvd på annan måte enn at nokon av partane klagar henne inn, eller dersom vilkåra for omgjering etter forvaltningslova § 35 er til stades. Kartverket skal føre tilsyn med kommunane som i dag. Dersom ein kommune ikkje maktar oppgåva heilt eller delvis, kan departementet bli nøydd til å foreslå endringar i ansvarsfordelinga mellom kommunen og Kartverket og eventuelt vedta endringar i forskrifta som regulerer ansvaret til den aktuelle kommunen.

Kartverket vil i nokre tilfelle kunne gjere eige vedtak om retting, jf. forslag til endringar i § 26.

Føringa av opplysningar hos Kartverket skjer innanfor ansvaret til kartverkssjefen basert på reglane for internstyring og internkontroll i etaten, som er underlagde dei ordinære reglane for etatsstyring i staten og den styresmakta Kartverket har fått i eller med heimel i matrikkellova.

Nye reglar i samband med innføring av elektronisk tinglysing frå 18. april 2017 fører til at kommunane skal stadfeste opplysningar om forholdet til konsesjonslovgivinga og delingsføresegna i jordlova etter å ha fått eigenerklæringsskjemaet om konsesjonsfridom frå den som ervervar grunnen. Kommunane fører opplysningar om stadfestinga i matrikkelen. Ordninga blir ikkje endra med forslaget her.

6.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, mener matrikkelføring er en klar myndighetsoppgave som bør være organisert som en offentlig forvaltningsoppgave. Flertallet viser til at regjeringen foreslår, på tross av stor motstand i høringen, delvis å endre ansvarsdelingen for matrikkelføring mellom staten og kommunene.

Flertallet viser til at et stort flertall av høringsinstansene argumenterer for å videreføre dagens modell, der kommunene har ansvaret for både eiendomsoppmålingen og eiendomsregistreringen – og at dette henger tett sammen. Flertallet støtter disse vurderingene og mener kommunene må ha ansvaret for registrering av eiendomsopplysninger sammen med ansvaret for eiendomsoppmåling. Hovedinnvendingene mot regjeringens forslag er at de enkelte delene i matrikkelen henger nøye sammen, slik at en splitting av føringsansvaret for de enkelte delene vil gi mindre smidige prosesser. Flere tar opp at det er et viktig samspill mellom matrikkelloven, plan- og bygningsloven og eierseksjonsloven.

Flertallet viser videre til at flere mener forslaget vil svekke kompetansemiljøene i mange kommuner og føre til en kraftig sentralisering av kunnskap. Andre peker på at slik splitting kan føre til mer byråkrati. I tillegg blir det vist til at nærhet mellom landmåleren og matrikkelføreren gjør at man kan avklare detaljer og unngå feilføringer. Det pekes på at en massiv sentral føring ikke vil kunne føre til et like godt faglig nivå på oppgaven.

Flertallet vil på bakgrunn av dette ikke støtte regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at dersom eiendomsoppmåling blir utført som privat tjenesteyting, bør staten ha ansvaret for å føre opplysninger om eiendomsforhold i matrikkelen. Dette vil føre til en mer helhetlig matrikkelføring for hele landet. Videre vil det være i tråd med organiseringen i andre EU-land som har organisert seg på tilsvarende måte.

Disse medlemmer viser til at etter hvert som bruken av matrikkelen øker, må matrikkelarbeidet organiseres slik at det legger til rette for kvalitetsheving og komplettering av informasjon om eksisterende forhold. Det vises til at feil i matrikkelen er en stor utfordring.

Disse medlemmer viser til at kommuner som har kompetanse og kapasitet, fortsatt vil kunne føre eiendomsopplysninger i matrikkelen med regjeringens forslag.