Sammendrag
Eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg byggjer på
formuesverdien for anlegget. Formuesverdien vert fastsett av den
skattepliktige ved skattefastsetjinga. Dersom skattemyndigheitene
endrar skattefastsetjinga, vil den skattepliktige kunne klage på
endringane skattemyndigheitene gjer i formuesverdien for anlegget,
eller gå til søksmål. I skatteforvaltningsloven er det ein regel om
at òg kommunen kan gå til søksmål og få prøvd skattegrunnlaget for
kraftanlegg.
Etter gjeldande rett skal den skattepliktige
varslast dersom kommunen går til søksmål om skattegrunnlaget for
kraftanlegg. Skatteforvaltningsloven inneheld derimot ikkje nokon
regel om at kommunen skal varslast når den skattepliktige går til
søksmål.
Departementet sende 4. mars 2025 på høyring framlegg
til endringar i skatteforvaltningsloven sine reglar for søksmål
og søksmålsfrist for eigedomsskatt på kraftanlegg. I høyringa vart
det gjort framlegg om ein regel som sikrar at kommunane får varsel
når den skattepliktige går til søksmål om skattefastsetjinga for
kraftanlegg. Vidare vart det gjort framlegg om ei presisering av
starttidspunktet for søksmålsfristen til kommunane og ei oppretting
av lovtekst.
Høyringsfristen var 7. april 2025. Departementet mottok
ni høyringsfråsegner.
Departementet gjer framlegg om at reglane i
skatteforvaltningsloven for søksmål og søksmålsfrist for eigedomsskatt
på kraftanlegg vert endra. Framlegga vil bidra til å avklare rettstilhøva
for kommunane med omsyn til søksmål om eigedomsskatt på kraftanlegg.
I tillegg vil framlegga gjere kommunane i betre stand til å vurdere
om dei skal ta rettslege skritt i samanheng med søksmål frå dei
skattepliktige.
Framlegga i proposisjonen er i samsvar med framlegga
i høyringsnotatet.
Departementet syner til framlegg til endringar
i skatteforvaltningsloven §§ 15-1, 15-2 og 15-4.
Framlegga er ikkje venta å ha økonomiske eller
administrative konsekvensar av betydning.
Departementet gjer framlegg om at lovendringane tek
til å gjelde med verknad frå og med skatteåret 2026.