Sammendrag
Regjeringa innfører frå hausten 2025 forsøk
med ungdomsprogram og ny statleg yting til deltakarar i programmet.
Forsøket følgjer opp framlegg i Meld. St. 33 (2023–2024), En forsterket
arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd, og skal forsterke
og vidareutvikle innsatsen for at fleire unge skal få ei stabil
tilknyting til arbeidslivet. Arbeids- og inkluderingsdepartementet
sende 21. mars 2025 eit framlegg om dette på høyring.
Forsøket skal undersøkje om eit fulltidsprogram med
strenge aktivitetskrav og ei alternativ inntektssikring til arbeidsavklaringspengar
utan medisinske inngangsvilkår vil bidra til at fleire unge oppnår
ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Forsøket vil heimlast som
arbeidsmarknadstiltak i medhald av arbeidsmarkedsloven § 12 tredje
ledd og § 13 fjerde ledd.
Programmet kan tildelast personar som har fylt
18 år, og som enno ikkje har fylt 29 år. Det kan som hovudregel
vare i inntil 52 veker. Programmet vil for det fyrste kunne innebere
deltaking i arbeidsmarknadstiltak. Det kan vidare inkludere eigenaktivitetar
som jobbsøking, utarbeiding av CV og andre arbeidsretta aktivitetar.
Individuell rettleiing og oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten
vil òg vere sentrale element.
Deltakarar i ungdomsprogrammet skal få ei livsopphaldsyting
utan at det må vurderast om dei har nedsett arbeidsevne eller ikkje.
Årleg yting for deltakarar som har fylt 25 år, vil utgjere 2,041
gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Årleg yting for personar
under 25 år vil utgjere to tredjedelar av 2,041 G, altså omlag 1,36 G.
Departementet gjer framlegg om at ytinga til
deltakarar i ungdomsprogrammet skal skattleggjast som løn og reknast
som pensjonsgivande inntekt. Når ytinga er skattepliktig, vil ho
òg vere rapporteringspliktig etter skatteforvaltningsloven § 7-2
fyrste ledd bokstav b og trekkpliktig etter skattebetalingsloven
§ 5-6 fyrste ledd bokstav b.
Departementet syner til framlegg til endring
av skatteloven §§ 5-42 bokstav a, 6-32 fyrste ledd bokstav a, 12-2
fyrste ledd bokstav c og folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 2
bokstav b.