4. Jordbrukskonto

Sammendrag

Regjeringa gjer framlegg om å innføre ein jordbrukskonto liknande tømmerkontoordninga for skogbruket. Bakgrunnen er dei potensielt svingande inntektene i jordbruket, som mellom anna kan medføre ujamn skattebelastning og problem med opptening av trygdeytingar. Ei slik ordning vil mellom anna innebere at enkeltpersonføretak kan velje om årets overskot skal inntektsførast direkte i inntektsåret eller førast på jordbrukskonto. Er saldoen på kontoen positiv ved slutten av året, skal minst 85 pst. av saldoen inntektsførast. Er saldoen negativ, skal inntil 85 pst. frådragsførast. Framlegget vil gje moglegheit for jamnare skattlegging, gunstigare pensjonsopptening og betre rettar i velferdssystemet.

Inntekter som kan førast på jordbrukskonto, vert foreslått avgrensa tilsvarande grunnlaget for jordbruksfrådrag, men med unntak for enkelte inntekter som ikkje er knytte til produksjon av mat og fôr. Det gjeld mellom anna inntekter frå utnytting av jakt- og fiskerettar, uttak av sand og grus, utleige av bygningar og reiskapar mv.

Framlegget vert anslått å gje eit påløpt og bokført provenytap i 2025 på om lag 570 mill. kroner. På lang sikt er ordninga anslått å ha eit årleg provenytap på om lag 40 mill. kroner, som er renteeffekten av utsette skatteinnbetalingar. Ei ny skatteordning med jordbrukskonto vil òg komplisere regelverket og dermed gje administrative kostnadar.

Departementet syner til framlegg til ny føresegn i skatteloven § 14-82. Det vert gjort framlegg om at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2025.

Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, slutter seg til regjeringens lovforslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er i utgangspunktet positive til å innføre en jordbrukskonto og de fordeler dette medfører. Formålet om en jevnere skattelegging, gunstigere pensjonsopptjening og bedre rettigheter i velferdssystemet for dem i jordbruket er noe disse medlemmer støtter. Disse medlemmer mener derimot at det ikke er riktig at en slik ordning blir etablert i et revidert budsjett, og mener den heller bør bli innført gjennom statsbudsjettet.