Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 1998 kl. 10

Dato: 16.12.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten Karin Andersen til kommunal- og regionalministeren, vil verta svara på av kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren på vegner av kommunal- og regionalministeren.

Karin Andersen (SV): «Regjeringen varsler nå at de vil bruke 50 mill. kroner av skjønnspotten til å unngå skolenedleggelser i kommuner som legger ned skoler for å ha penger til egenandelene i eldrereformen.

Har Regjeringen nå skaffet seg en oversikt over hvor store nedskjæringene blir, hvor mange skolenedleggelser som følger av budsjettet, og kan statsråden si om beløpene som er disponible til dette formålet, er tilstrekkelige?»

Statsråd Jon Lilletun: Dei økonomiske rammene for kommunane er særs stramme i 1999. Samtidig er det knytt krav til at aktivitetsnivået i pleie- og omsorgssektoren i kommunane minst skal vere på same nivå som i inneverande år for at øyremerkte tilskott skal verte utløyste. I ein situasjon der kommunane sine kostnader er høgare enn inntektene, vil dette seie at dei andre utgiftsområda i kommunane må ta nedskjeringane. Ein konsekvens av dette kan derfor verte at ein del kommunar ser seg nøydde til å redusere utgiftene i grunnskulen.

Avgjerder om å leggje ned og opprette skular er kommunane sitt ansvar. Som regel er desse avgjerdene ei fylgje av den langsiktige planlegginga i kommunane. Med bakgrunn i den generelle økonomiske situasjonen veit eg likevel at somme kommunar vurderer å leggje ned skular av reint økonomiske årsaker. Dette kan slå uheldig ut. Eg har ikkje oversikt over dei nedskjeringane på grunnskuleområdet som no vert vurderte i kommunane. Dette er ein del av dei lokale budsjettprosessane, som enno ikkje er avslutta. Det har vore framlegg om relativt mange nedleggingar i budsjettførebuingane, men erfaringane viser at det heldigvis berre er ein del av desse som fører til politiske vedtak om nedlegging. Dette kom nyleg fram i ein artikkel i Nationen, som hadde etterprøvd rådmannsforslaget, korleis det hadde enda i kommunestyrebehandlinga.

I samband med behandlinga av budsjettet for 1999 er det derfor sett av 50 mill. kr i skjønnsmidlar til små skular. Desse midlane er ikkje eit generelt tilskott til små skular, men skal verte nytta i særlege tilfelle til einskilde kommunar som er i ein særs vanskeleg økonomisk situasjon. Midlane skal medverke til å styrkje skulesektoren i kommunar som har små skular som fylgje av eit desentralisert busetjingsmønster.

Det er fylkesmannen, i samråd med utdanningsdirektøren, som skal vurdere dei einskilde kommunane med sikte på eventuelt å nytte skjønnsmidlar til å halde oppe små skular. Fylkesmannen vil vurdere kommunane sin økonomiske situasjon og foreslå skjønnsmidlar til einskilde kommunar som har særlege økonomiske vanskar, som kan få store konsekvensar for skulen. I denne samanhengen skal fylkesmannen ta omsyn til kommunar som tapar mykje på at selskapsskatten fell bort som kommunal inntekt, og som ikkje har fått kompensasjon for dette.

Eg meiner 50 mill. kr i skjønnstilskottet vil vere eit godt bidrag for å hjelpe på situasjonen i dei kommunane der dei små skulane er truga på grunn av akutte økonomiske vanskar.

Karin Andersen (SV): Jeg takker for svaret, og spesielt for at statsråden erkjenner at i veldig mange kommuner er kostnadene nå høyere enn inntektene, og at det betyr at de må foreta nedskjæringer.

Jeg er også glad for at statsråden sier at midlene skal medvirke til å styrke skolesektoren i kommuner som har små skoler – jeg oppfatter det statsråden sier, slik at man ikke nødvendigvis bare tenker på nedlegginger, men at man også ser på de andre viktige områdene. Det vi vet, er at det nå skjæres når det gjelder vikarordninger, etterutdanning for lærere, bevilgninger til lærebøker, læremidler, inventar, utstyr – alt kuttes. Er det riktig oppfattet av meg når jeg tolker statsrådens svar slik at det er skolesektoren generelt som nå skal vurderes i fylkesmennenes og departementets gjennomgang, og ikke bare situasjonen i de kommunene der det er enkelte skoler som skal legges ned?

Statsråd Jon Lilletun: Her er det, som det òg gjekk fram av mitt svar, eit skjønn som skal utøvast, og ein vil då måtte gå noko vidare enn berre å vurdere spørsmålet om talet på skular og skulenedlegging. Det er ikkje mogleg, ut frå at vi har kommunalt sjølvstyre å leggje eit millimetermål for korleis dette skjønnet skal utøvast, og eg kan difor stadfeste at ein skal sjå meir heilskapleg på det, utan dermed å seie at ein vil få ei summering når det gjeld dei forholda som representanten Andersen tok opp i sin kommentar, men eg stadfestar at det implisitt ligg innbakt i det skjønnet.

Presidenten: Då går me vidare til spørsmål 20.