Einar Olav Skogholt (A): Jeg skal få stille følgende spørsmål
til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Når vil Regjeringen legge
fram forslag om IT-utdanningstilbud for funksjonshemmede ved Høgskolen
i Hedmark, Rena?»
Statsråd Jon Lilletun: Spørsmålet om etablering
av ei treårig informatikkutdanning for rørslehemma
studentar ved Høgskolen i Hedmark har vorte grundig utgreidd av
fleire regjeringar over fleire år. Ulike organisatoriske løysingar
og fleire lokaliseringsstader er diskuterte. Dei ulike modellane
som er utgreidde, er svært kostnadskrevjande og kompliserte
med omsyn til pedagogisk og teknisk tilrettelegging. Vidare føreset
dei omfattande omsorgs- og pleietenester.
Økonomisk er det problematisk å gje
klarsignal for det foreslåtte utdanningstilbodet på Rena
innafor det stramme budsjettet som Stortinget har vedtatt for i år.
Kostnadene er svært store, og tilbodet må m.a.
vurderast i forhold til behov og ynske om betre tilpassa tilbod
for andre grupper funksjonshemma. Tilbodet vart konkret vurdert
i prosessen fram mot statsbudsjettet utan at vi fann det mogleg å prioritere
det.
Eg vil òg nemne ein annan reservasjon
mot dei framlagde planane. FNs standardreglar for like rettar for menneske
med funksjonshemmingar slår fast at ein primært
bør gje funksjonshemma studentar gode tilbod innafor
ordinær høgre utdanning.
Eg ynskjer å arbeide i tråd
med dette og er derfor i tvil om det er rett å satse på utbygging
av denne typen kostnadskrevjande og «skreddarsydde» tilbod
med eigne studentmiljø for funksjonshemma studentar.
Med bakgrunn i slike vurderingar er eg, slik
eg ser det no, ikkje innstilt på å gå vidare
med etablering av eit eige IKT-tilbod for funksjonshemma på Rena
i tråd med framlagde planar. I staden ynskjer eg å vurdere
på kva andre måtar ein kan imøtekome
behovet hos funksjonshemma for både IKT-utdanning og andre
former for høgre utdanning. Eg vil med det aller fyrste
ha eit møte med FFO og Sosial- og helsedepartementet for å drøfte
desse spørsmåla nærare. Målet
må vere å kome fram til forslag som er brukarvennlege,
som inngår i ein heilskapleg strategi for satsing på funksjonshemma
i høgre utdanning, og som kan gjennomførast innafor
realistiske budsjettrammer.
Høgre utdanning er eit satsingsområde
i Regjeringas handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001. Frå 1999
er t.d. universitet og høgskular pålagde å utarbeide eigne
handlingsplanar for funksjonshemma studentar. Minimum 5 pst.
av institusjonane si løyving til vedlikehald skal nyttast
til å leggje bygg og lokale til rette for funksjonshemma
studentar.
Utdanning er eit viktig verkemiddel for å inkludere funksjonshemma
i samfunns- og yrkeslivet. Eg vil derfor prøve å styrkje
innsatsen på dette feltet. Utdanningar som er baserte
på eller retta mot informasjons- og kommunikasjonsteknologi,
kan opne fleire dører inn mot yrkeslivet for fleire grupper
funksjonshemma. Utdanningstilbod innafor IKT for funksjonshemma
studentar bør ikkje avgrensast berre til rørslehemma,
men bør også omfatte t.d. syns- og høyrselshemma
og personar med lese- og skrivevanskar. I lys av dei store kostnadene
knytte til tilrettelegging av slike studietilbod er eg m.a. oppteken
av å få vurdert korleis vi på best mogleg
måte kan nytte og vidareutvikle eksisterande ressursar
i form av økonomi, kompetanse og infrastruktur.
Einar Olav Skogholt (A): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er glad for at høyere utdanning er et av satsingsområdene
i Regjeringens handlingsplan for funksjonshemmede 1998-2001. Jeg
er også glad for at universiteter og høgskoler
er pålagt å utarbeide egne handlingsplaner for
funksjonshemmede studenter. Men for en del funksjonshemmede er
det helt nødvendig med spesiell tilrettelegging for at
de i det hele tatt skal kunne ha muligheter til å gjennomføre
sine studier. Norges Handikapforbunds Ungdom har i årevis
arbeidet med å utarbeide et opplegg for denne gruppen,
med bl.a. bo- og servicetilbud. Det er dette opplegget
som gjør tilbudet kostnadskrevende. Det er ikke tenkt
at dette skal være et særtilbud undervisningsmessig
sett, men et integrert tilbud. Jeg synes det er oppsiktsvekkende
at statsråden etter så mange års behandlings-
og vurderingstid vil underkjenne forslag til undervisningsopplegg
framlagt av interesseorganisasjonene til brukerne. Ser ikke statsråden
at det vil være behov for et slikt opplegg i tillegg til
at universiteter og høgskoler skal arbeide for å tilrettelegge
for integrering av funksjonshemmede studenter?
Statsråd Jon Lilletun: Slik eg sa, og som spørjaren òg
kommenterte no, har det vore arbeidt med dette svært lenge,
og det er grunn til å merke seg at verken dei to førre
regjeringane eller denne så langt har funne den endelege
modellen for korleis ein skal leggje til rette for desse studentane.
Det hastar det med å få gjort – det
er eg samd med spørjaren i. Vi vil ta dei funksjonshemma
sine organisasjonar med på råd – det
er grunnen til det møtet som no kjem. Men frå dei òg
får vi litt forskjellige signal om kva som vil vere den
beste måten å gjere det på for at flest
mogleg grupper skal få dette tilbodet. Derfor er det ikkje
slik at vi no legg til sides det å måtte ha spesialopplegg.
Det kan det godt hende at vi må ha, men det å konsentrere
alt på ein høgskule og til nokre typar funksjonshemming,
slik dette opplegget gjekk ut på, er vi tvilande til.
Einar Olav Skogholt (A): Jeg er klar over at flere regjeringer har vært involvert
i arbeidet med dette utdanningstilbudet, men jeg beklager sterkt
at det har tatt så lang tid før man har kunnet
imøtekomme et undervisningsopplegg for denne gruppen mennesker,
som uten tvil har krav på og behov for et undervisningsopplegg
som gir dem muligheter til å skaffe seg studiekompetanse
og kunne møte yrkeslivet med tanke på å bli
sysselsatt, noe vi alle legger stor vekt på. Mitt tilleggsspørsmål
til statsråden vil da bli: Vil statsråden åpne
for at Norges Handikapforbunds Ungdom, som har arbeidet med denne
saken i mange år, kan få delta i møtet
med Sosial- og helsedepartementet og FFO – det møtet
som statsråden selv nevnte i sitt svar til meg?
Statsråd Jon Lilletun: Det er alltid hyggeleg å kunne seie
ja frå denne talarstolen, og her skal svaret vere klart og
utvitydig: Dei skal verte inviterte.