Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 1999 kl. 10

Dato: 13.01.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Reidun Gravdahl (A): Jeg har et spørsmål til sosialministeren:

«Personer som kommer til Norge som flyktninger, eller som får slik status, får fulle rettigheter til trygd og pensjon, mens de som er her på humanitært grunnlag eller kommer for familiegjenforening, ikke har det. Dette skaper en vanskelig situasjon for en del kommuner som får tilflyttet mennesker som er avhengig av sosialhjelp.

Hvorfor er det slik, og hva vil statsråden gjøre for å bedre denne situasjonen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Minstekravet for å få pensjon frå folketrygda er ei butid i Noreg på tre år i vaksen alder. For å få full pensjon må ein ha ei butid på minst 40 år. Med kortare butid blir pensjonen redusert tilsvarande.

For å få pensjon som ufør eller som attlevande ektefelle må den uføre eller avdøde ha vore med i folketrygda i dei siste tre åra fram til stønadstilfellet. Dei som var uføre eller attlevande ektefelle då dei kom hit, kan til vanleg ikkje få slik pensjon.

Personar som blir rekna som flyktningar etter FN-konvensjonen, får full minstepensjon sjølv om dei ikkje fyller dei nemnde vilkåra. Andre må fylla krava for pensjon, anten dei kjem hit som asylsøkjarar og får opphald på humanitært grunnlag eller som arbeidsinnvandrarar. Det same gjeld nordmenn med lang butid i utlandet.

Årsaka til at flyktningar har fått ei særstilling i folketrygda er enkelt nok at det er ei klar årsak til at dei har kome hit. Dei er ei klart definert gruppe, òg i internasjonal samanheng. Blant dei andre gruppene vil ein finna sterkt varierande grunnar til at dei er komne til Noreg, sjølv om ein rett nok kan finna tilfelle som ligg nær opp til flyktningane.

Eg er merksam på at personar med kort butid i Noreg ofte treng økonomisk sosialhjelp som supplement til folketrygda. Det vil òg vera nokre som har sosialhjelp som einaste inntekt. Dei fleste tilfella med sosialhjelp vil vera innvandrarar frå land i den tredje verda. Personar frå EØS-landa og frå andre land vi har trygdeavtale med, er sikra ytingar frå heimlandet etter reglane i avtalane. I utgangspunktet treng dei ikkje sosialhjelp, men det kan vera einskilde unntak.

Økonomisk sosialhjelp er meint som ei mellombels og unntaksvis yting. Når sosialhjelpa må supplera pensjonar frå folketrygda, er dette av langvarig karakter. Mange vil oppleva det som personleg vanskeleg å vera sosialklient over lengre tid.

Ei eventuell belastning på sosialhjelpsbudsjettet kan vera eit problem for einskilde kommunar og føra til at dei blir varsame med å ta imot personar som høyrer til i den aktuelle gruppa. Det blir vanskelegare å få til ei rask utplassering av personar frå asylmottaka og dermed vanskelegare å få dei integrerte i det norske samfunnet.

Det er eit viktig spørsmål som spørjaren her tar opp. Ved fleire høve har eg alt lova at eg vil sjå nærare på korleis ein kan få til ei betre inntektssikring for dei som blir varige klientar på sosialkontoret som pensjonistar. Regjeringa skal til våren leggja fram ei stortingsmelding om utjamning i levekåra. Eg tar sikte på å drøfta denne saka der.

Reidun Gravdahl (A): Jeg takker for svaret. Jeg er glad for at sosialministeren vil ta med også disse viktige spørsmålene når meldingen kommer til våren.

Det er jo slik at de fleste får oppholdstillatelse uten at det er familiegjenforening. Ca. 90 pst. får oppholdstillatelse på humanitært grunnlag, og mange av disse får også etter hvert norsk statsborgerskap. Men de har altså ikke vært her lenge nok til å opparbeide seg trygderettigheter, eller de er såpass tilårskomne at de ikke har den muligheten, og får den heller ikke. Dette gjør at de blir sosialklienter. Det er en lei situasjon for den enkelte å komme i, i tillegg til at det er en vanskelig situasjon for kommunen.

Jeg vil spørre sosialministeren om hun vil ta med den problemstillingen og komme med forslag for å få gjort noe med dette, slik at vi kan få en mer varig løsning for disse personene, som kanskje blir her resten av livet.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg meiner det er mange grunnar som talar for ei utgreiing av desse spørsmåla. Som eg òg var inne på i mitt hovudsvar, gjeld det både omsynet til den einskilde, omsynet til den kommunen der den einskilde er busett, og ikkje minst omsynet til det lovverket som vi i dag har, og som altså blir praktisert noko annleis enn det som var intensjonen. Lov om sosiale tenester, som gir retningsliner for tildeling av sosialhjelp, seier at sosialhjelp er meint å vera ei mellombels ordning i ein akutt vanskeleg situasjon. Det er no ei gruppe med litt ulike personar som må ty til sosialhjelp som si einaste inntekt og av langvarig karakter.