Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 1999 kl. 10

Dato: 13.01.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg vil gjerne stilla spørsmål til sosialministeren:

«I Arbeidsmiljølova § 60 nr. 3 blir det stadfesta at alle arbeidstakarar har vern mot oppseiing fram til dei fyller 70 år. Einskilde kommunar og Kommunenes Sentralforbund har likevel ein praksis med å pressa tilsette til å slutta når dei er 67 år. For nokre, ofte kvinner med kort yrkeskarriere, kan dette føra til reduserte pensjonar. Det er lova av så vel denne regjeringa som den før å rydda opp i dette.

Kva er gjort for å endra denne praksisen ?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Reglane i arbeidsmiljølova som representanten viser til, skal motverka oppseiing utan «saklig grunn».

Etter arbeidsmiljølova § 60 vil ei oppseiing før fylte 70 år som berre er grunna i at arbeidstakaren har nådd pensjonsalderen i folketrygda, ikkje kunna reknast som sakleg. Det er likevel fleire døme i rettspraksis på at høve til tenestepensjon frå ein viss alder har vore rekna som ein medverkande sakleg grunn for oppseiing. Spørsmålet har ikkje vore vurdert av Høgsterett.

Ei innskjerping av arbeidsmiljølova vart tatt opp i velferdsmeldinga. Under behandlinga i Stortinget peikte fleirtalet på at mange ynskjer å vera i arbeid lengst mogleg, og at fleksible pensjonsordningar ikkje må vera slik at dei kan brukast til å pressa enkelte ut av arbeidslivet.

Spørsmålet om å endra arbeidsmiljølova høyrer under Kommunal- og regionaldepartementet. Eg er kjend med at dei førebur eit forslag til presisering av arbeidsmiljølova § 60 til høyring i løpet av våren.

For private tenestepensjonar kan problemet bli løyst i den nye lova om føretakspensjon, som Stortinget får til behandling om kort tid. Det vil vera naturleg å sjå på tilsvarande tilrettelegging i kommunal og statleg sektor når denne lova er vedtatt. Spørsmålet er også nyleg tatt opp i NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering. Utvalet føreslår ei lovendring som hindrar at nådd pensjonsalder i ei tenestepensjonsordning i seg sjølv gjev sakleg grunn til oppseiing.

Meir eller mindre press frå arbeidsplassen for å få ein arbeidstakar til sjølv å seia opp ved fylte 67 år er dessverre ikkje uvanleg på mange arbeidsplassar, i offentleg så vel som i privat sektor. Det er lite heldig, og mykje blir gjort for å snu utviklinga ved å utforma ein meir målretta seniorpolitikk for å få fleire til å vera i arbeid lenger.

Med ei aldersgrense for stillinga på 70 år, slik hovudregelen er i kommunal sektor, er der i dag ingen juridisk grunn til å la seg pressa til å slutta når ein er 67 år. I tariffavtalen i kommunal sektor er det til og med ein regel om at personar med særaldersgrense under 70 år skal kunna halda fram i arbeid dersom vedkomande har få oppteningsår for tenestepensjon.

Etter mi vurdering er ei haldningsendring hos arbeidsgjevarane like viktig som regelendringar når det gjeld høve for eldre arbeidstakarar til å arbeida fram til 70 år. Ei endring av arbeidsmiljølova vil likevel synleggjera haldninga til regjering og storting. Dette vil i seg sjølv medverka til ei praksisendring, slik at det blir meir vanleg å arbeida fram til 70 år og i alle fall mogleg for dei som ynskjer det. Eg finn det naturleg å sjå nærare på dette når Regjeringa skal fylgja opp innstillinga frå utvalet som har greidd ut spørsmålet om fleksibel pensjonering.

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg takkar statsråden for svaret. Eg veit at statsråden tidlegare har vore veldig engasjert i dette spørsmålet, og eg reknar med oppfølging.

Eg forstår det slik at for privat sektor kan dette bli løyst i vår. Då hadde det vore løye å få ei tidfesting av når ein kunne få dette regelverket på plass for offentleg sektor, for det er nemleg slik at i offentleg sektor er dette noko utydeleg. Eg kjenner til ei rettssak frå hausten 1998 der Kommunenes Sentralforbund på vegner av kommunar tvinga fram ei vidareføring av den negative praksisen som SV her har tatt opp. Då kunne det vore interessant dersom Regjeringa, f.eks. gjennom sosialministeren eller kommunalministeren, eller begge to, tok kontakt med Kommunenes Sentralforbund for å få til denne haldningsendringa straks. Vil statsråden ta eit slikt initiativ?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett som representanten her peiker på, at dette er ei sak som eg er opptatt av. Som eg har gjort greie for, er sjølve lova plassert under Kommunal- og regionaldepartementet. Det er ikkje til hinder for å ta eit initiativ. Det er òg eit spørsmål som kommunalministeren er opptatt av.

La meg òg understreka at Kommunenes Sentralforbund sjølv er ein aktiv aktør. Fredag denne veka har dei ein konferanse retta mot kommunesektoren der overskrifta er «Forgubbing er gull verd». Det må bety at dei er interesserte i ytterlegare å fokusera dette spørsmålet, og eg vil syta for at kommunalministeren og eg tek eit initiativ overfor KS for å sjå på kva som kan gjerast.