Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Astrid Marie Nistad (A): Eg stiller følgjande spørsmål til fungerande justisminister:

«Politimeisteren i Trondheim har innført undervisning og politibevis for dørvakter ved byens uteplassar som ledd i tiltak mot uro og vald.

Vil statsråden ta eit initiativ til at politimeistrane i dei større byane i landet set i gang tilsvarande?»

Statsråd Jon Lilletun: Det er slått fast i serveringslova av 1997 at det ved serveringsstader skal vere ordensvakter godkjende av politiet når politiet finn det naudsynt. Politiet kan krevje gjennomføring av kurs som grunnlag for godkjenninga. Ein tilsvarande heimel for gjennomføring av kurs hadde ein òg i den tidlegare hotelllova.

Justisdepartementet avgjorde allereie i 1995, i samråd med dåverande Nærings- og energidepartementet og bransjeorganisasjonane, at det skulle setjast i verk kurs for ordensvakter som ei førebels ordning. Politimeistrane vart bedne om å gjere ei konkret vurdering av behovet for kurs ut frå lokale tilhøve. I den utstrekninga det vert halde kurs, skal desse vere obligatoriske. Ein går vidare ut frå at gjennomføringa av kurs skal skje i nært samarbeid mellom politiet sine driftseiningar og dei aktuelle skjenkestadene og ordensvaktene. Det er ein føresetnad at planlegginga og gjennomføringa av kurset skal skje i samarbeid med dei kommunale styresmaktene og bransjeorganisasjonane lokalt.

Etter det departementet kjenner til, har dei fleste politidistrikta etablert eit opplegg i forhold til ordensvaktene, anten i form av kurs, vandelskontroll eller annan kontakt med bransjen.

Politimeisteren må, ut frå ei konkret vurdering, vurdere behovet for vandelskontroll og pålegg om gjennomføring av kurs. Eg kan i denne samanhengen nemne at politimeisteren i Oslo nyleg har sendt ut eit førehandsvarsel til 25 serveringsstader i sentrum med pålegg om å ha godkjende ordensvakter. Det er også utarbeidt eit kursprogram over 25 timar i samarbeid med Reiselivsbedriftenes Landsforening og Hotell- og Restaurantforbundet. Ordensvaktene vil verte vandelskontrollerte og gjevne ei førebels godkjenning. Dei får eit identitetsbevis som skal berast synleg, og dei vert pålagde å gjennomføre kurset innan seks månader. Deretter gjev ein ordensvaktene ei permanent godkjenning. Oslo politidistrikt tek sikte på å krevje at 50 serveringsstader gjennomfører kurs for ordensvaktene sine i 1999.

Kampen mot valdskriminalitet er eit av Regjeringa sine hovudinnsatsområde, og valdsutøving i samband med skjenkestader må takast alvorleg.

På bakgrunn av den nye serveringslova og dei røynslene som er hausta i samband med kursverksemda sidan 1995, tek departementet sikte på å sende ut eit nytt rundskriv til politimeistrane i løpet av første halvår 1999. Om serveringsstader skal påleggjast å ha godkjende ordensvakter, må framleis vurderast ut frå staden si plassering og kva for ein risiko for valdsutøving og annan kriminalitet som er knytt til serveringsstaden. Denne vurderinga må gjerast av politimeisteren.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar for svaret. Med bakgrunn i at dette er eit av punkta i handlingsplanen frå Regjeringa i samband med tiltak mot vald hadde eg venta eit litt meir offensivt svar. Å vise til at det vert sendt ut eit rundskriv i 1999, tykkjer ikkje eg er noko særleg offensivt, sett i forhold til denne problemstillinga.

Dei fleste som uttaler seg om valdsbiletet i samband med serveringsstader, viser til at det er ved dei minst seriøse serveringsstadene det er mest vald og uro – noko som folk dreg med seg frå dei kjem ut på gata til dei kjem heim. Derfor hadde eg venta at Regjeringa, når den har tatt dette inn i handlingsplanen, hadde vore langt meir offensiv, hadde sagt at ein krev at politimeistrane set dette i gang straks, og peikt på overfor serveringsstadene, at dersom dei ikkje skaffar seg godkjenning innan rimeleg tid, vert dei også stengde. Eg ventar at det vert gjort i det rundskrivet som vert sendt ut frå departementet.

Statsråd Jon Lilletun: Vi definerer kanskje «offensivt» ulikt. Men det vi gjer, er altså å sende ut eit rundskriv og å gje beskjed til politimeistrane om at dette skal takast alvorleg. Her har eg ei oversikt over dei som allereie er i gang, Trondheim og Kristiansand – Oslo nemnde eg i innlegget mitt – men det må vere sjølvsagt at politimeistrane skal vurdere kva for skjenkestader som skal ha ei slik ordning. Det er opplagt at både representanten Nistad og eg kan finne ganske mange serveringsstader med skjenkerett der det er heilt uaktuelt og heilt unødvendig med vakt i det heile, fordi alt fungerer som det skal. Det vil vere eit mindretal av stadene som har eit sterkt behov for det. Då skal det krevjast autorisasjon, det skal vere kurs med følgjande autorisasjonspålegg, og gjerne også iverksetjing av tiltak om ikkje pålegga vert følgde, så eg meiner at vi med dette rundskrivet viser at vi er offensive.