Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Karita Bekkemellem Orheim til barne- og familieministeren, vil bli tatt opp av representanten Britt Hildeng.

Britt Hildeng (A): «Statsråden har tidligere uttalt at ingen skulle tape på Regjeringens prioriteringer i barne- og familiepolitikken. I Oslo er den kommunale og private barnehageutbyggingen stoppet helt opp, og det står 4 500 barn i kø for å få barnehageplass. Byrådet begrunner manglende bevilgninger og satsing på barnehager med usikkerheten rundt kontantstøtten.

Hva vil statsråden gjøre for å oppklare denne eventuelle usikkerhet slik at de barna som ønsker det, skal få et barnehagetilbud?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten Britt Hildeng gir i spørsmålet sitt uttrykk for bekymring over at barnehageutbygginga skulle vera stoppa opp. Oslo kommune er brukt som døme på at mange born ikkje får barnehageplass.

Før eg går inn på dei meir generelle problemstillingane som dette spørsmålet reiser, vil eg knytta nokre kommentarar til situasjonen i Oslo, som eg trur representanten kjenner svært godt. Eg er kjend med at det står 4 500 born på ventelister for å få barnehageplass i Oslo. Men mange av desse borna har alt plass i barnehage, t.d. i familiebarnehage eller i privat barnehage. Dermed er ikkje tala eit reelt bilde på kor mange familiar som ikkje får dekt sine behov for tilsyn. Eg kan heller ikkje sjå at det er grunnlag for å påstå at barnehageutbygginga i Oslo har stoppa heilt opp. Departementet fører oversikt over utbetaling av tilskot til nye barnehageplassar, og desse tala viser at det er etablert fleire hundre plassar i bydelane i Oslo i løpet av 1998. Heller ikkje på landsplan har, som enkelte hevdar, barnehageutbygginga stoppa opp. Men at veksten i nye plassar minkar når stadig fleire kommunar har full behovsdekking, må ikkje overraska nokon. Vi må heller ikkje gløyma at vi nyleg tok ut eit heilt årskull, 6-åringane, frå barnehagen.

Då Regjeringa innførte kontantstøtta, erkjende vi at ordninga ville føra til endringar i etterspurnaden etter barnehageplassar. Vi ventar dei største endringane i plassane for born under tre år, men vi reknar òg med noko lågare etterspurnad etter plassar for born over tre år. I budsjettframlegget gjer vi greie for dette og viser til at vi vil ta initiativ til ny behovsundersøking i løpet av 1999. Vi har ikkje gløymt dette, og i desse dagar får vi m.a. utført ei undersøking i eit utval av kommunane våre. Ved denne undersøkinga vil vi få meir kunnskap om om behovet for barnehageplassar er endra etter innføringa av kontantstøtta, og om kommunane har endra sine planar om utbygging av sektoren.

Det er vanskeleg å slå fast noko eintydig tal over behovet for barnehageplassar. Dette er eit problem som både vi og tidlegare regjeringar har streva med. Eksemplet frå Oslo kommune viser etter mi meining at ein ikkje får eit realistisk anslag over behovet berre ved å sjå på ventelister som kommunane lagar. Den viktigaste kjelda til informasjon om behovet vil til kvar tid vera foreldra. I undersøkinga til Statistisk sentralbyrå «Barnefamiliers tilsynsordninger, yrkesdeltakelse og økonomi før innføring av kontantstøtte» vart foreldra spurde om kva for tilsynsordningar dei ynskjer dersom dei kan velja uavhengig av pris og tilgang. Resultata frå undersøkinga tyder på at svært mange ynskjer at borna deira skal ha plass i barnehage. Mange ynskjer òg å kunna kombinera plass i barnehage med andre former for tilsynsordningar, særleg at foreldra sjølve passar borna sine nokre dagar i veka.

Vi treng å sjå nærare på tala til SSB, m.a. for å finna ut om kontantstøtta t.d. har vore med på å synleggjera eit auka behov for deltidsplassar framfor behovet for heiltidsplassar. Vi planlegg òg å gjennomføra same type undersøking denne vinteren. Då vil vi kunna sjå betre korleis kontantstøtta har påverka barnehagesektoren.

Som representanten er kjend med, skal Regjeringa legga fram ei melding om barnehagesektoren. Meldinga skal etter planen fram til Stortinget i løpet av dette halvåret. Meldinga skal drøfta dei framtidige rammevilkåra for barnehagesektoren. Ein diskusjon om behovet for barnehageplassar vil gå inn som ein del av meldinga. Behovet kan variera sterkt frå kommune til kommune, og derfor er det vanskeleg – om ikkje umogleg – å fastsette eit nasjonalt måltal for behovet for barnehageplassar.

Eg vil tru at dette spørsmålet er fremma ut frå ei bekymring over at barnehageutbygginga har stoppa opp mange stader. Som eg sa i innleiinga mi, var det venta at kontantstøtta villa påverka etterspurnaden etter barnehageplassar. Men dei førebelse tala vi har, som viser at det vart etablert i overkant av 5 000 nye barnehageplassar i 1998, tyder ikkje på at det er stopp i utbygginga. Eg ser at det enno er eit stykke å gå før målet om barnehageplass til alle som ynskjer det, er oppnådd. Og det er m.a. derfor departementet no arbeider med ei melding til Stortinget. Den vil vonleg løfta diskusjonen om korleis vi skal kunna koma heilt i mål med denne felles målsettinga.

Britt Hildeng (A): Jeg takker for svaret. Jeg er i og for seg glad for at ministeren gir uttrykk for ambisjoner om full barnehagedekning. Men vi må forholde oss til realitetene, og det er et ganske stort gap mellom etterspørsel og faktisk dekning. Regjeringen hadde som ambisjon at det skulle bygges over 13 000 nye barnehageplasser. Etter det jeg får opplyst, er det bygget 3 500. Ministeren sa over 5 000 – jeg vet ikke hva som er riktig.

En undersøkelse som Norsk Lærerlag har gjort, viser at 1/5 av landets kommuner foreslår å legge ned til sammen 150 barnehager, noe som representerer 5 000 – 6 000 barnehageplasser. Det skulle ikke være nødvendig med lange utredninger om behovsdekning før en kan se at vi står overfor et umiddelbart behov for flere barnehager.

Jeg vil spørre statsråden om hun ikke finner den utviklingen vi har sett, betenkelig, og om vi ikke trenger ikke bare en langsiktig utredning av behov, men også strakstiltak slik at barnehageutbyggingen kan komme på skinner igjen.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg sukkar litt tungt over måten ein presenterer spørsmålet på: For det fyrste har barnehageutbygginga «stoppet helt opp», for det andre må den «komme på skinner igjen». No har eg i svaret mitt prøvt å fortelja representanten at barnehageutbygginga ikkje har stoppa opp, og vi har tal i departementet som er høgare enn det som representanten opplyste.

Eg skal vera den fyrste til å innrømma at vi ikkje klarte å bygga så mange plassar i fjor som det vi hadde som målsetting. Eg har ei viss forståing for at ein del kommunar ynskjer å ha eit betre grunnlag for å vurdera kor mange plassar dei treng når kontantstøtta er innført. Vi har òg gjort klart i budsjettforslaget frå Regjeringa si side kvifor vi har eit forholdsvis lågt måltal for inneverande år. Grunnen er sjølvsagt at når vi får ei ordning som kontantstøtta, vil behovet bli annleis enn det var før og utan. Derfor er det viktig at kommunane ikkje bygger fleire plassar enn dei treng, men at dei bygger så mange plassar som dei treng. Og så får vi ein full diskusjonsrunde om dette når vi legg fram stortingsmeldinga om barnehagane, og vonleg òg eit betre grunnlag for å seia kor mange nye vi treng.